torsdag 6. august 2009

Mykje å gjere.

Stikk bare innom for å sei at eg har det travelt.
Hagen såg ut som ei slagmark då eg kom heim frå ferie. Så det var bare å gyve laus på luking og klipping av avblomsta planter. Det er utruligt kor mykje det siste betyr for at det skal sjå sån nokolunde ut i slike store rabatter som eg har. Når eg også skal berge ein del frø går det ekstra lang tid.
Stova har sidt ut som ein oppamlingsplass dei siste dagene. Og eg har sete til langt utpå nettene og renska frø.
Lista veks men det er mykje igjen.
Her er ein liten oversikt over kva som er renska til denne tid.
http://annesblomstersider.org/index.php?option=com_content&view=article&id=122&Itemid=141

Eg tar helst ikkje imot bestillinger enda då det er lenge til lista er ferdig. Og eg er opptatt med sortering. Men helleborusene og pulatillaene hadde hadt godt av å komme i jord så noko kan eg sende ut om det er nokon som er interisert. Eg annonserer på Hagegal når lista er ferdig.