lørdag 28. april 2012

Skulle skulle gjort noko.

 I dag var det meldt fint vær og eg hadde tenkt å gjere noko. Men slik blei det ikkje. I øyeblikket skin sola men her har det ikkje vore slik heile dagen. regn, sludd og sol om einannan. 
Så eg legg ut nokre bilder. :))
Over rosenrot. Synest den er finest når den står i knupp.
 Så var det desse påskeliljene då. Nikkende og flotte.
 Primula i mangen farger og former. Denne ser nesten ut som ei rose. Ukjent navn.
 Ein ikkje så vanlig farge på aurikkel.
 Primula veris. Maria nøkkelblom. 
Gulere enn gulest.
 Neimen ikkje så sikker du. Men store og fine er dei.

Under lysegul aricula
 
Cardamine pentaphyllos over. Dette er veldigt flotte stauder. Og slettes ikkje av det vanlige slaget. Har tre sorter i tillegg til engkarsen då ;) Eine vist tidligere. Den er avblomstra no. 
Under Cardamine heptaphylla den har eg sådd. Noko blassere i blomsterfargen enn dei andre, men bladene er mørkere.
 Eg er like opptatt av blader som blomster. Her ein broketbladet judaspenge. Den sår seg der den vill. Og får lov til det.
 Og så var det dei der geraniumene då. Nesten finest no på våren.
Geranium pratense Purple Hace
Til slutt ein liten stakkars sniglespist Soldanella alpina.

tirsdag 24. april 2012

Ein veldig flott dag.

 I dag har det vore ein veldig flott dag. Har fått luka ein del men det er synd å sei att det går fort. Nokon som vil ha jobben?? He he.
Bekkeblomen får eg ikkje nok av den er bare praktfull synest eg. Har vist ikkje fotografert dei kvite men dei er også veldig flotte.
Over Calta palustris Multiplex
Og under C. palustris. Dette er nok den Norske formen.  Har nemligt ein frå dolomittene som har større blomster. Den har ikkje starta blomstringa endå.
Veldig takknemmelige planter.

 Må vell vise ei påskelilje også. Påskeliljer var ei av mine tidligere diller. Så eg har dei i diverse utgaver. Desse er ein av dei bedre sortene. Dei sprer seg bra, blomstrer godt og held seg oppreiste slik at sniglene ikkje tar for mykje av blomstene. Ukjent navn.
 Julerosene held koken. Nokre av dei er meget flotte no, andre er på hell. Dette er ein sjølvsådd frøplante.
 Tulipaner har eg ikkje planta på ein del år no men desse kjem trufaste tilbake. Har hatt dei i mange år.
 Kannadablodurten er nesten avblomstra no men eg rakk å fotografere ein etternølar på skyggesida. Desse sprer seg seint.
Denne lungeurten dyrker eg sjølvsagt ikkje for blomstene sin del. Her er det bladene som står i fokus. Sølvfarga som dei er. Men eg synest alikevell dei små blomstene med eit vidt fargespekter er søte.
 Kubjeller har eg i mange former og farger. Dei har alle eit navn men no gidd eg ikkje leite det opp. Denne har spissere og lengre kronblader enn dei vanlige. Ganske så grasiøs.
 På skyggesida av ein busk står denne monsterkvitveisen. Ganske så annonym. Ser ikkje ut som at veiser står på sniglene sin meny. Her har det spasert ein rett over blomsten. Det ligg ei slimstripe etter den.
 Smånøkkel av noko slag. Lappen var uleseleg. ca 2 cm stor tuve. Ikkje enkel å få auge på.
 Geranumene byr på meir enn blomstring. I allefall nokre av dei. Denne går frå orangerød til grønt.
 Dei første Trilliumene er i blomst. No er eg lat. Navnet står på hjemmesida mi. Denne står på stedet hvil. Har ikkje blitt større enn den var når eg kjøpte den for ein del år sida. Men den er kraftig og sniglefri.
 Villtulipanene er like fine kvart år. Tarda.
 Må vell ha med eit bilde av kuleprimula også. Dei lyser opp mange plasser i hagen. Lillaspekteret er veldigt fint til dei mange gule plantene på denne tida.
 Med første øyekast så kunne denne også sjå ut som ein kuleprimula men den hadde ein lapp. Primula erosa.
Og så til eit altfor lyst bilde. Denne er veldig fin og skarp i fargen.Primula x venusta.
Ja det var eit lite utvalg i dag også.
Snart sprett prydkirsebærtreet og då er det virkelig vår. ;)

Minner til slutt om smykkesida mi.
Her har Jenny, det nest yngste barnebarnet mitt iført seg nokre av smykkene som besta har laga.

søndag 15. april 2012

Den fineste vårblomsten.


Dette innlegget har eg laga for å delta i ein konkuranse på Moseplassen.

Den fineste vårblomsten.
Ikkje lett å velge men eg må sei at dei blomstene som dukker opp tidligst om våren er dei eg set mest pris på.
Crocus tommasinianus - snøkrokus
 er nok den eg er aller mest glad i. Den sprer seg godt og står som lilla tinnsoldater gjennom allslags vær. Kjem det ein solglytt åpner dei seg og viser seg i all sin prakt. Etter ein sur vinter finnes det ikkje noko som gleder ein hageentusisat meir.

lørdag 14. april 2012

 Hadde ein fotorunde i hagen i går. Det går tregt i år men litt er det jo som blomstrer.
Primula elatior ssp meyerii er ein av dei beste primulaene eg har. Den vokser og blir større for kvart år. I år trur eg eg vil dele den litt opp etter blomstring. Denne kan eg ha mange plasser. :)
 Dette er ein fylt primula eg kjøpte i fjord. Ganske så knallblå. Ser også ut ril å være ein god sort. Har også rød og nokre lyse slike.
 Dei kvite kuleprimulaene er veldigt flotte i år. Dei ser også ut til å være frøekte då det stadigt dukker opp kvite i dette området. Eg har nemligt fleire nyanser av lilla andre plasser i hagen.
 Primula elatior ssp intricata står det på denne. Den dukka fram frå ei revebjelle så den lyt eg berge frå å bli kyvt. Det er ein nær slektning av den første og eg håper den blir like villig. Sikkert sådd i fjord.
 Perleblomster er perleblomster vil nokre sei. Men det er det slettes ikkje. Muscari er ei spennandes planteslekt. Denne heiter neglektum og er min favoritt. Sprer seg ganske godt med frø. Og blomstene er store og ganske så i øynefallende.
 Denne har eg ikkje sitt før. Må være noko eg har sådd. Lett å oversjå då den er veldig liten. Heile tuva er kanskje 8 cm. Ranunculus coenatus trur eg det sår på den. Lappen er litt utydelig.
 Scilla bifolia har ein lysende blåfarge. Veldigt riktblomstrende er den også.
 Scilla rosenii står det på denne. Veit eg har jakta på den men har ingen erindring om att eg har funnet den i salg. Så eg lurer på om eg har sådd denne også. Rålekker synest eg.
 Chionodoxa luciliae Alba er ei veldig flott snøstjerne.
 Her er det faktisk tre forskjellige  blomster på bildet. Ei kubjelle, ei snøstjerne Violet Beauty. Er veldig bleik i år. Og ei bittelita blå stjerne som er vanskelig å få øye på. Aner ikkje kva det er. Sikkert noko eg har sådd. Synest bedre på bildet under. Ein får seg både store og små overaskelser når ein driv å sår. ;)

 Denne veisen husker eg ikkje navnet på. Den kan ligne på halvveis men er mørkere på bladene og blomstrer før.
 Blåveis har eg gitt opp. Dei trives ikkje her hos meg. Men eg fann nokre få små tasser borti skråningen her. Dette er frøplanter og denne såg litt spennandes ut då den ser ut til å ha spraglete kronblader. Får nok snart kalke dei.
 Desse tulipanene er eg veldigt glad i. Dei er ganske så anonyme der dei står i bedet, men dei kjem traust igjen kvart år. Tulipa clusiana er ein villtulipan.
Til slutt Tulipa turkestanica. Denne er litt merkelig då alle dei andre i samme pakke gikk fort ut men nett denne har eg hadt i hagen i  over 10 år. I år ser eg det er ein liten atmed den men ellers så har den stått slik i årevis.
Ha ein fortsatt fin dag.

fredag 13. april 2012

Bobiltur til Berlin påsken 2012

 Ja det kjem fleire blomsterbilder;) men no vill eg bare vise nokre bilder frå påsketuren i år. 
Bobiltur så klart. Vi var denne gangen 63 biler. Og turen gikk til Berlin.
Her poserer madammen sjølv på Brandenburger tor.
 Første stopp var ved Berlinmuren. På østsida.
 Eivind ved muren. Det er kunstnarar som har dekorert denne delen av muren.

 Det skandinaviske ambasadekvarteret. Den norske med ein diger granittstein i front.

 Angry Bird ved Brandenburger tor.
 Denne dagen var vi på busstur rundt omkring i Berlin med gaid. Mykje å sjå. Berlin er ein spennandes by.
 Vi budde på ein kamping i gamle øst Berlin. Og eg må sei att denne delen av Tyskland ber framdeles preg av trange tider. Det var for eksempel ikkje muligt å betale med kort på dagligvarebutikkene.
Vi reiser i grupper på 5 biler. Og her sit vi nokre utenfor bilene og slapper av. Det var ganske så kjøligt.
 Her har vi stukket av frå resten av følget. Ei natt på egenhånd. 5 biler.
 Gatedansere i Hamburg. Denne dagen var vi på handletur og det var sikkeligt surt ute. Så vi holdt oss for det meste innomhus i handlesentrer. Som det var mange av.
 Her er vi på heksetreffet i Bad Segelberg. På campingen. Her har vi vore kvart år. Så det er tradisjon. Dette er påskeafta. Langfredag har vi altids avsluttningsmiddag på restaurangen på campingen. Denne gangen valgte vi å bli til mandags morgen då det var tåligt fint vær der.
Deretter kjørde vi innom Danmark, Sverige og inn i Norge før vi rasta om kvelden.
Dette var ein veldig kjekk tur og vi hadde det veldigt sosialt og hyggeligt i gruppa vår.