onsdag 22. oktober 2008

Lekk akvarie.

I dag var det ein liten dam under det store akvariet. Og vi fikk det påskudde vi trang til å legge det ned. Eg trur vi har hatt akvarie i 25 år og vi har framdeles det lille på 60 liter. Men eg trur vi skal legge det ned også.

Akvariene har ikkje fått det stellet dei treng for å være fine det siste året. Og eg har bare håpt på at Malawiciklidene skulle dø. Har du først slike blir du ikkje kvitt dei. Og dei passer ikkje sammen med annen fisk. Vell det var liv i nokre av dei til i dag. No er dei behørigt avliva i kokvarmt vann. Den hauggamle kulieålen fikk lov til å gå over i det andre akvariet. Skal høyre om det er nokre av barna som vil ha det.

Vi regner med å være meir på reisefot i framtida og dess mindre arbeide for naboene dess bedre.

Det er igrunnen plenty nok med all vanninga.

Det er ein tanke tomt i kroken det sto i. Og eg er ikkje sikker på om eg skal kaste det eller prakke det på nokon. Det er nok bare å smørre litt silikon i skjøytene. Det står no utenfor og vasker seg i regnet. Her er ikkje plass til det inne og det stinker.

Sanden har eg slete bort i sandbedet og der skal lavasteinen også gå. Det var ein smule mørkt i kveld så det får bli ein annen dag.

Det var ikkje vær til å plante løk i dag heller så eg rydda istaden i drivhuset. Har no stabla ut alle dei pottene som ikkje spirte i år. Dei skal få stå ute over vinteren.

Det er framdeles mange krukker som står igjen ute og eg angrar skikkeligt på at eg ikkje tok dei før regntida sette inn. Burde snart ha lært dette. Det kjem jo ein syndeflod kvar eineste haust/vinter her på desse kanter. Pottene er tunge som bly og gubben er ikkje særlig villig til å hjelpe meg. Han er begynna å protestera på denne galskapen min. Og meiner eg ikkje bør ha slike store krukker. Vel eg regner med at han hjelper meg når eg inisterer.



Dagens bilde er ein magnoliaknupp. Denne Magnoliaen som eg ikkje kjenner navnet på småremonterer heile sesongen. Og den har store blomster.

3 kommentarer:

Mokki sa...

Jeg har kjøpt meg en sekketralle fra Claes Ohlsson - uunnværlig når man skal flytte vedsekker eller tunge krukker! (til og med svoger har lånt den til tunge flytteoppgaver)

Røsslyng sa...

Det tomme akvariet kan bli et fint lite "minidrivhus" for frøplanter ;)

akoen sa...

Eg er nok redd at sekketralle ikkje hjelper meg særligt. Det er så ulendt her. Plenen er blaut og vi må igjennom trapper same kva vei vi tek dei. Men eg tar sikte på å lage bedre veier i den nye delen. Og med tida inn i gamlehagen. Så i framtida kan eg kanskje skaffe meg ei slik.
Akvariet kan nok bli ei bra kuvøse men eg har ikkje plass til det. Eg har igrunnen nok oppalingsplass med bedre lys enn det er i akvariet så eg trur ikkje eg baler meg opp med det.