tirsdag 19. mai 2009

Kor i huleste....?

er eg havna no?


Ein liten artig sak i sandbedet. Denne kjøpte eg hos ein kar som støyper hagefigurer. Det hadde vore ein grei hobby..... Han holdt ikkje kurser men formene var vist kjøpte. Dei skulle eg gjerne hadt kloa i.
Hypertufatinga ligg framdeles til tørk.

I dag har det komme nokre alvorlige skyllebyger og haging har vore uaktuelt.
Eg har difor kasta ut ein masse planter frå drivhuset.
Planta om nokre Hippeastrumer og pakka nokre plantepakker. Eg har også vore å planta ut nokre kaktuser i sandbedet. Dei har ikkje sitt dagslys eller ny jord på mange år så dei får sikkert sjokk. Eit ferieopphold burde dei bli glad for. Forhåpentligvis får eg rota meg til å ta dei inn att til vinteren.
Plantene frå drivhuset står på altanen og fyller opp og dei må eg få planta om og plasert ein eller annan plass. Aner ikkje kor.
Eg trur eg må redusere på potteplantene mine, dette går ikkje. Det er altfor mykje.

Eit par bilder i dag også. Dei er henta frå forrige fotografering. I dag ser det meste drukna ut.

Ein eller annan Meconopsis. Den er lavere enn dei andre storblomstra eg har. Ellers lik på grandis.


Millium effusum Aureum er flott i år.

3 kommentarer:

Røsslyng sa...

Jeg pleier ikke ha sansen for hagefigurer og den slags, men denne lille karen var jo riktig så sjarmerende :)

Miamaria sa...

Ja, det der var en hagefigur jeg også kunne like! Kul!

anne - moseplassen sa...

hihi, så flott liten kar :)
Former er det ikke vrient å lage selv. Du kan på hobbysjapper/kunstvarebutikker kjøpe ulike former for støpemasse, det finnes en som er fleksibel å få kjøpt som er superegnet til detaljting. Så tar du tingen du liker og legger i støpemassen (lager negativ), denne snitter du så i to når den er stiv, og vopti, en støpeform for flere figurer :D