lørdag 17. april 2010

Påsketuren vår.



Ein liten raport frå Bobilturen vår til Holland og Tyskland.
Eg ser det er begrensa vi har tadt med bilder. Nokre er tatt med gubben sin mobil og nokre med speireflekskameraet. Det er eit herk å dra på dette store kameraet når ein er på bytur og det er ikkje mange bilder som er tadt i Amsterdam. Men her er eit av dei.

Her er vi inne i ei katolsk kyrkje som hadde vore like innteresang å fotografere frå utsida. Den såg nemlig ut som ein vanlig leiegård. Dette for å skjule den.
Her er ei som har fått for store sko. Nei det er ikkje meg. Men det var vert å fotografere. He he.

Litt om turen. Dette var ein fellestur arangert av Bobilklubben. Og eg trur det var 36 Norske biler i følget. Vi reiste 5 og 5 biler i sammen og hadde då samme mål alle 36. Den gruppa vi kom i var eit hyggeligt knippe mennesker. Eg legg ikkje ut navn på bildene mine då eg ikkje har innhenta tilladelse til det. Om det er nokon som ser seg sjølv her og ikkje vil være med må i så tilfelle gi meg beskjed.

No ligg papirene om reiseruta og navna på campingplassene i bobilen, så eg sløyfer desse.
Dei er ikkje så viktige.
Vi møtte alle bilene like innafor grensa i Tyskland og overnatta der på parkeringen til eit stort handlesenter. Dagen etterpå reiste vi mot Holland. Målet var Amsterdam. Vi budde eit godt stykke utenfor sentrum og eg kunne holdt ein lang beretning om korleis vi kom oss inn og ut av byen. Vi prøvde både buss, taxi og metro og dei var alle ei oppleving. Men eg begrenser det til å fortelle at min mann nesten fikk bot på metroen for å røyke. Vi sa som sandt var att vi ikkje viste det var forbudt, og han slapp med ein advarsel.
Amsterdam er ein spennandes by og vi var både på bussomvisning og på Kanaltur. Litt ustadigt vær men eit flott opphold


Her er vi på eit ysteri og treskofabrikk.

Mykje suvenirer her.


Etter 2 dager i Amsterdam sette vi nasa mot Tyskland igjen. Her har vi oss ein rast.

Vi reiste over dikene på tilbaketuren. Her har 2 grupper rasta. Vår bil er nr 3.

Her står madammen og held på hua. Det var skikkeligt surt der.


Her er vi annkomne campingen i Tyskland 2 dager seinere. Ganske fint vær men litt kaldt.


Første kvelden var det bufee på ein lokal spiseplass. Det har eg vist ikkje bilde frå men der var det masse god Tysk mat. Veldigt koseligt.
Andre kvelden var det bålbrenning ved campingen med trekkspelmusikk, salg av mat og drikke.

Her to av karene. Han til venstre i tova filthatt er min mann.
Og under er madammen sjølv.


Slik skåles det.

Og her er trekspelkarene igang.

Slik blei bålet mata. Det såg til tider skummelt ut då det blei kjørt heilt inn i flammene.

Vi braut opp og forlot denne campingen dagen etterpå og slo oss då sammen eit par frå Stord. Bestemte oss for å ta eit par ekstra dager, og vi overnatta både i Danmark og i Sverige på heimveien. Var innom diverse handlesenter, innkludert det berykta Ullared.
Takk for ein hyggelig tur til reisefølget vårt om dåke leser dette. Vi koste oss serdeles på denne turen. Det frister til gjenntagelse.

Ingen kommentarer: