tirsdag 27. desember 2011

Julepresangene

Ja så er jula vel overstått
og eg kan driste meg til å legge ut bilder av julepresangproduksjonen min. :)
I år går det i tradisjonsmønster men eg har drista meg til å velge litt utradisjonelle farger på eit par av fanakoftene.

Brunt/lyseblått
og brunt rosa. Eg synest dei blei fine.

Fire av ein sort kan bli kjedeligt så eg måtte gjere litt andre ting innimellom. 
Så det blei litt julekuler, ei pute eit par skjerf, kåpa over og genseren under innimellom.
Også disse mariusgensrene her då.
Denne kjolen var det første eg ga meg i kast med og den blei riktig fin.
Det er ei Drops - oppskrift

Dette er eit resultat av tilbudsgarn. Her har eg mixa og komponert sjølv.
Eg blir i lengden litt lei av oppskrifter og må frå tid til anna ha litt luft.
Og ja eg veit det. Denne bloggen er begynna å ligne på ein strikkeblogg. 
Men slik er det, eg driv med diverse handarbeide på vinters tid. 
Eg er slutta med å sitte å sikle i frøkataloger om vinteren.
Trur rett og slett eg kjem til å få problem med å få alle dei frøa eg har dratt i hus i år i jorda.
Og det er mykje mindre frø enn eg brukar å dra til hus.

Eg er godt i gang med ein ny genser men i kveld trur eg eg vill lage eit smykke.
Så no får eg gå i kjellaren å dra fram perlene.
Ha ei fin romjul.
 


Ingen kommentarer: