fredag 24. juni 2011

Litt meir blomster. Form og farge.


Hurdalsrosa er fin i år om ein ser bort frå dei døde greinene. Eg har ikkje rukket å klippe hverken den eller sommarfuglbusken bak.
Rosa synest virkelig godt når den blomstrer. Det er ikkje nokon liten busk.

I går hadde eg besøk og vi sat ute i hagen og naut ein kopp med te då eg høyrde det snakka oppe i veien. ' Kjenne du kor godt det luktar' var noko av det som blei sagt. Det var turgåere som tok seg ekstra god tid og kikka over blomstene mine. Eg veit det er ein del som legg turen over åsen for blant anna å følge med i hagen min. Det liker eg. :)


Den kvite martagonlilja er den flotteste av alle mine martagoner synest eg. Spanderer 2 bilder av den.
Ellers så vill eg nevne att det er fleire av mine martagoner som har visna ned før blomstring i år. Og eg skjønner ikkje kva det er som gjer det. Ein sjukdom kanskje.

Ein særdeles lilla Meconopsis Rudis

Ein kompakt og flott takløk. Denne veks i ein sprekk i berget mitt.

Primulaen under har segla inn som ein ny primulafavoritt. Den har stått i hagen i fleire år men eg har igrunnen betrakta den som kjedelig. Men i år har eg fått opp augene for fargen på denne. Ein nydelig kombinasjonsfarge. Og dessuten så dufter den noko aldeles nydelig.
Denne skal eg ha fleire av. Har den i gulorange også men det er denne fargen som tok meg. Primula aurantiaca trur eg. Men egentlig så ligner den på Primula bulleyana men den har eg ikkje sådd.

Primula flaccida er også flott. Den ser ut til å være ein av dei som kjem igjen. Har mista ein del primula i vinter.

Denne siste her finn eg ikkje navnet på. Den er også meget fin. Liker spessielt at blomstene endrer farge med alderen.

Litt Geranium. Geranium clarkei Kasmir Purple er ein kompakt og svært riktblomstrende sak. Ein av dei fine. Liker også fargen på den. Nesten lilla.

Geranium pratense 'Purple Hace' er ein stor flott G. Den har ganske burgunder blader om våren. Dei endrar farge mot grønt utover sesongen men blir aldri heilt grønne. Om hausten får den ein flott haustfarge. Eg har fleire med burgunderfarga bladverk som held bedre på fargen. Denne ruggen har eg bestemst skal flytte. Men ikkje endå.

Ei Peon bare for bildet sin del. Aner ikkje navn.

Denne meiner eg skulle være veldig mørkerød. Eg er skuffa for denne har eg venta lenge på blomster av. Og så er den feil. :(

Denne er eg derimot fornøgd med. Den blomstrer for første gang og det skal bli ei utfordring å finne ut navnet då merkelappen er borte for lenge sida. Har også venta nokre år på denne.

Og godt gjemt innunder bladverket på ei lita buskpeon fann eg denne. Det er den minste peonblomsten eg har sitt. Ca 5 cm i dimeter.


Så kjem vi til forma. Ingen hemmelighet att eg liker bladverk.


Ein liten rosebusk til slutt. Var det mandarin mon tru?

mandag 20. juni 2011

Ikkje noko til sommar.

Slik ser det ut på ein vanlig dag her i sommar. Vått grått og trist. Så er vi heldige og ser ei solglytt innimellom.
Det ser imidlertid ikkje ut som att blomstene bryr seg om det.

Har flytta på nokre planter. Ingen problem når vår herre vanner så titt.
Dette bedet har det igrunnen ikkje vore noko skikk på. Og det burde det være sida det ligg ganske så sentralt i hagen. Er igrunnen ganske fornøyd no.

Så får eg vell vise nokre blomsterbilder. Gulsøta er flott. Her har den selskap av
Sanguisorba menziesii



Meconopsisene er sære i år. Meconopsis napaulensis med to farger på samme blomsten.

Disentra, men husker eg navnet? Nei.

Ikkje greit å være liten. Her trur eg det må bli den store som må flytte. Hosta Striptese.

Ein Aconitum, men den har eg mest sansynligt mista navnet på. Eg har ganske mange å velge imellom men mangler stadigt den rosa. Dei er giftige men eg synest dette er flotte planter.
Ein Martagonhybrid. Lilium martagon 'Erly Bird' er trufast kvart år. Martagonene er forøvrigt mine favorittliljer.

Får vell ta med eit bilde av ein Hosta også. Denne har eg mista navnet på, men den er ein av dei flotteste eg har. Liker den spessielt godt pga den vaseforma veksten. Lange og ranke blader. Det kjem ikkje så godt fram på bildet.

Eg er spessielt glad i dei litt seinere Primulaene. Denne er flott. Har ikkje navnet nett her.
Eg har mista mange Primulaer i vinter men denne står flottere i år enn i fjord.

Ein sjølvsådd geranium. Barn av Clarkei Kashmir White. Den er større enn sin mor så eg tipper far er ein pratense. Uryddig i veksten og med store blomster.

Ei veldig lav lilje. 25 cm ca. Aner ikkje kor eg har den frå. Kan være sådd eller så kjem ho frå Kina og er feilmerka. Men fin er ho.

Så var det den veto då. Slår ned høge og flotte Verbaskumer.

Meconopsis horridula i litt merkelige farger. Skal være som den mørke.

Nomocharisen nyter sommarregnet. Den er vell den eineste planta eg har som vill ha fuktige somrar.

Delphinium cashmerianum er ein lav Ridderspore som har blitt riktig flott i år. Ser ut som den får stå ifred for sniglene.

Lilium pyrenaicum er også ei lilje eg holder av. Den er frodig og flott og sprer seg godt. Ser ut som att eg har sådd denne nokre ganger for eg har etter kvart 4 bestander av denne.

onsdag 25. mai 2011

Etter askeregn.


Ja no er det ikkje slik at det ikkje regner i dag altså. For det gjer det. Byger som det faktisk går ann å gå ut imellom.
I går derimot regna det nesten i eit. Og det var brunt. Askeregn frå vulkanutbruddet på Island. Ser på det som gjødsel og det kan komme vel med då eg ikkje har gjødsla i år.
På trass av store mengder regn dei siste vekene ser ikkje beda så værst ut. Oversikt over steinbedet.

Frå ein annen vinkel.

Litt lenger nede i bedet.

Og her er noko av innholdet. Primula sieboldii Dansing Lady

Primula polyneura har lignende blader på den over. Lønneforma.

Kun ein blomst på min broketblada Dogwood. Den har foresten fråse litt tilbake i år.

Tusenvis av småspirer. Dette er flotte planter men ikkje her. Får litt av eit lukearbeide.

Kvit dagfiol Hesperis matronalis synest eg er veldig flott. Og så dufter den så herligt. Mange som synest denne er eit ugras men det er eg ikkje enig i. Den blasse lilla kan eg derimot styre min begeistring for.

Peonia blir det nok ein del bilder av i år. Her ein buskpeon som blomstrer for første gang. Er usikker på kor eg har den frå men eg trur det må være Kina. Den har stått der i nokre år no men er framdeles ganske liten så det kan være ei frøplante også.
Legg merke til den gule edderkoppen. En liten kamelon.



Denne har eg kjøpt for ein del år sida. Den har stor voksekraft og er no blitt ein stor busk. Traff det med fargene på desse to buskene. ;) Azaliaen går ton i ton.

Denne gule blei kjøpt samtidigt men dei var eit år yngre. Veldigt mykje mindre men den har lagt godt på seg i år og det blir ein del blomster på den i år.


Azalia er azalia. Dei er eit blaff men eit fint blaff. Og så var det det der med duftene. Dei dufter himmelsk. Og særligt etter eit regnfall. Synest å kjenne det bare med å sjå på bildene.
Ha ein fin dag.

mandag 23. mai 2011

Annes fiskeform.

I dag stikk eg bare innom for å dele oppskrifta på ein fiskerett eg har komponert sjølv.
Eg har melke og glutenallergi og har difor mange begrensinger på kva eg kan ete. Men denne retten duger til og med for han som ikkje kan fordra fisk. Altså gemalen.

Ei kan sjølvagt mikse som ein sjølv vil, men eg bruker til 2 personer:

1 pk gormettorsk
1/2 pk bukettgrønnsaker frå frysedisken.
1 løk
1/2 til 1 paprika. Den lange.
10 poteter alt etter størrelse. Det går meir enn vi et til vanligt.
Krydder. (salt, pepper, div grønnkr. og kvitløk.)
1 liten boks kokosmelk
Litt olje.

Her må det brukes ei djup ildfast form. Og eg set ovnen på 200 grader.

Legg fisken i bunn, ha over grønsakene og kutt opp løk og paprika og ha over. Krydre og slå over kokosmelk.
Deretter deler eg potetene opp i båtar og legg på toppen. Krydre litt til og så slår eg litt olje over dei slik att alle potetene har fått litt.
Rekkefølgen på ingrediensene er viktig. Potetene må i allefall ligge på toppen for dei skal bli bakte.
Så er det bare å sette forma i steikeovnen. Det varierer kor lang tid det går alt etter kva poteter ein bruker. Frå 1/2 time til 55 min.
Då kan du gjere noko anna. ;)

Skulle du få noko igjen kan det brukes som kraft i fiskesuppe. Der bruker eg ingrediensene 1/2 pk fisk, 1/2 boks reker, kili, paprika, løk, 1/2 pk grønnsaker og ein stor boks kokosmelk og gjerne litt vann og sjølvsagt krydder. Denne skal være litt sterk. Den er kokt på eit blunk og duger også til han som ikkje liker fisk.
Ps denne oppskrifta har eg fått hos ei vennine og eg trur ho også bruker ingefær.

God appetitt. :)