fredag 6. mai 2011

Høna magda Og Tommy tranehals.


Som nokre sikkert har fått med seg så har vi vore på bobiltur til Belgia i påsken. Burde sjølvsagt ha skrevet litt om den turen men det får eventuelt komme seinere. Har ikkje så mange bilder og dei ligg ikkje på min maskin.
Høna magda er min nyerverva vinhøne. Den bytte eg til meg mot eit par smykker.
Er ho ikkje fin. Ho blir stadigt tappa. Skal være bra for hjertet. He He


Tommy tranehals er frå Tyskland. Eg bruker altid å ha med meg ein hagefigur frå utenlandsreisene våre. I år blei det denne slanke hanen. :) Han vakter for tida vaskeromsingangen.

I dag var det ikkje sol for ein gangs skuld. Tok difor apparatet med meg i hagen. Trudde det skulle være godt lys for fotografering, men det var det ikkje.
Viser alikevell nokre bilder frå i dag.
Eg liker hagen når den står slik fersk og nyutsprungen.

Bergenia er en av mine mange favoritter. Og denne er den absolutt flotteste eg har. Kjøpt for mange år sida då Zimtrade var i Uskedalen. Er ikkje heilt sikker på navnet på denne.

Cardemine er ei spennandes slekt. Denne har eg sådd og den blomstrer for første gang i år. Heptaphylla står det på den.

Cardamine pentaphyllos har eg derimot bytt til meg og den er den lekreste av mine. Fargen heng ikkje heilt på film, men dette er ei frodig og flott plante.

Glaucidium palmatum er ei plante eg har stridd med å få til, men no ser det endeligt ut som at eg har lukkast. Den står faktisk i sandbedet men på skyggesida.

Ei lita Rododendron frå Nautsund. Blomstrer for første gang hos meg.

Sandbedet er noko redusert i år men her eit lite oversiktsbilde frå nordsida. Der er det bare sand i starten av bedet.

Primula er ein annen vårfavoritt. Her eit utvalg av frøsådde veris. Det er sjølvsagt feil men dei er alikevell fine.

Eg har mista mangen primulaer i vinter/vår. Mange har faktisk tørka ut. Det er knusktørt der dei sto. Men denne ser ut til å trives. Primula polyneura. Dei er skikkeligt lekre.

Til slutt vil eg vise det eg har herja med dei siste dagene. Nemlig ein ny grønsakhage. Skall ikkje ha så mykje i den men ein kasse er avsett til sukkererter, gullerøtter, salat og løk. 2 til jorbær og 1 til aspargis, slangehvitløk og ruccola.
I skråningen over har eg planta 2 artiskok, 2 svartrips og 2 sorter grasløk. Der skal eg også ha grønne solbær og kvitrips. Trur også eg skal finne plass til rabarbra under dammen. (den halferdige dammen.)
Skulle vell hadt bjørnebær og druer der også, men då må eg tenke kreativt. (Klatrestativ.)
Trur også eg skal få plass til nokre timianner i sprekkene i berget.

Ting er i ferd med å ta form, men eg har innsett at hagestua mi ikkje blir ferdig til 50 årsdagen min. Då vill eg ikkje feire den har eg bestemt. Utset det på ubestemt tid. Eg blir altså 49 i år også om det er nokon som lurer. :)

2 kommentarer:

Røsslyng sa...

Så utrolig masse flott blomstring du har i hagen din allerede.
Tøff "tranehanefar" du har anskaffet deg.
Ha en flott vårhelg! :)

krepsemor sa...

Morsomt med hagefigurer fra forskjellige land! Både vinhøna og hanen var lekre. Og rødvin ER bra for hjertet =)
Så mye fint som blomstrer hos deg! Er enig med deg angående Bergenia. Jeg var ikke så begeistret for den før, men har innsett at denne MÅ jeg bare ha! Jeg liker kraftige planter som brer seg litt! Grønnsakhage er kjekt å ha. Og du har jo fått plass til mye, syns jeg!
Og Gratulerer med 49 års dagen! Det var forresten ikke så verst å fylle 50 heller!
God helg!