tirsdag 10. mai 2011

Mellom regnbygene

Som ei sol skin desse blomane mot meg. Kan nesten kjenne dufta av dei når eg ser bildet, for desse dufter herligt.
Aurinia saxatilis er ei plante som frør seg godt men den trives bare på ein skrinn plass.
Denne karen hadde lurt seg fram og fortært nesten ein heil påskeliljeblomst. Dei eig ikkje skam desse sydlendingane. Gasse seg på den måten i mine blomster.
Han er ikkje lenger blant oss.

Vårsøte Gentiana verna er ei plante eg har sådd mange ganger. Og ja dei spirer men spirene er så små att dei er sårbare og dei fleste har avgått med døden. Men denne har klart seg. Flytta nett naboen for den var blitt for nærgående.

Her er ei Paeonia eg har vore veldigt spent på. Den har eg sådd og det sto P. veitchii alba på lappen. Men kvit er den ikkje. Der er nok blanda inn noko anna også.
Min aller første sjølvsådde Peon i blomst. Og den har 4 blomster i år. Er eg stolt? :)
Har ein til som står i knupp.

Den kvite hundetannen har spredd seg godt no, men blomstene er mindre i år. Trur det skuldas tørken for slik er det med dei andre hundetennene mine også. Men dei er fine okke som.

Denne Trilliumen lurer eg veldigt på. Trudde det var grandiflorumen som blei flytta i fjord men då er i så tilfelle blomstene blitt kraftig redusert. Er ikkje sikker men eg trur eg hadde ein annen der også. Kor er i så tilfelle grandiflorumen? Litt forvirra.

Disse Irisene skuffar aldri, men i år er dei ikkje fult så blomsterrike som dei pleier. Burde sikkert vore tadt opp og delt. Iris Vamp.

Trollius er ein av slektene eg liker veldigt godt. Og eg har sådd ein del sorter oppetter åra. Men denne har eg derimot fått hos ei venninne. Den har vore beskjeden i årevis men i år er den nesten forvokst. Merkeligt for eg har ikkje rukket å gjødsle i år.

Orkider er ikkje mi sterkeste side men denne ser ut til å trives. Aner ikkje kva sort det er.

Hosta er flott når dei er nyutsprungne. Her med leikende regndråper på bladene. Og denne trur eg eg må leite lenge i listene for å finne navnet på. Middels liten og lekker.

Her har det dukka opp nokre kvite primulaer innimellom dei lillablå. Og igjen navnlause store flotte primulaer.

Ein lav malurt kjøpt på plantagen i går. Nydelige kontrastplanter.

Ellers så må eg melde att det spirer i grønsakhagen. Salat, sukkererter og løk.
Har endå ikkje fått tak i asparges så eg må nok kontakte Kari på Plantetunet. Eller eg får så. Blir nok lenge før eg kan hauste mine egne asparges.
Fikk ellers kvitripsstiklinger i posten i dag. Dei har eg stukket direkte på vokseplassen. Håper det går bra for i dag regner det sånn innimellom.
Ha ein fortsatt fin dag.

7 kommentarer:

krepsemor sa...

Aurinia saxatilis fikk jeg frø av hos deg, men de ville ikke spire =( Den ser nydelig ut! Mye vakkert som blomstrer hos deg, og de er takknemlige motiv etter at det har regnet! Da blir bildene penest.
Selvsådd peon som blomster! Ja, absolutt all grunn til å være stolt av den! Det tar nok noen år, regner jeg med!

Unknown sa...

Så vakkre vårblomster,etter regn kommer sol , vi trenger regn her på østlandet men det kommer sikkert snart.
Ha en fin dag Marit.

akoen sa...

Krepsemor det var merkeligt. Den er jo så villig. Om du sender meg adressa di kan eg sende deg nokre små frøplanter.

Mariann sa...

Mye flott blomstring hos deg. Imponerende flott bestand av hvit hundetann. Nydelig orkide, en Dactylorhiza? Jeg har bestilt noen sånne, ikke lette å få tak i.

akoen sa...

Nei eg trur ikkje det er ei Marihand. Men fine er den uansett.

akoen sa...

Merkeligt her har det forsvunne eit innlegg.
Det er ikkje ei marihand trur eg. Dei kjenner eg.

Bjørnar sa...

Orkideen er vel Orchis mascula? Trillium'en din blomstrer her også, den har du nok kanskje fått fra Kina, for det er T. camtchaticum (eller hvordan det nå skrives). Nydelige bilder, og den pionen var jo helt fantastisk!