søndag 24. juli 2011

Ferien - 6


Eg blir ikkje heilt ferdig med denne ferien eg. Vi er komt oss vel heim og er no i sjokk og sorg over hendelsene i Oslo og på Utøya. Men eg føler behov for å tenke og gjere ting som får livet til å normalisere seg. Så eg poster nokre innlegg til frå ferieturen vår.

Torsdag 14.07 forlot vi Lofoten på grunn av det kalde været. Og sette nasa mot Narvik. Vi hadde då ikkje bestemt oss for kva retning vi skulle reise i. Lenger Nord, til Sverige eller sørover igjen. Vi falt for det siste då dei beste værmeldinane var i midtnorge. Då blei Narvik ein omvei men gjort var gjort. Bildene her er tatt sør for Narvik. Skyene åpna seg innimellom skybruddene.


Saltfjellet var surt.

Her stoppa vi på Polarsirkelsenteret. Egentlig bare ein butikk.

Denne plassen hadde eit navn men det kan eg ikkje huske. Her i front har eg fanga bilde av litt av ein Mjødurt. Dei har 'eg kåra' til Norges nasjonalplante. For den var allestedsnærværeande på ablolutt heile turen vår så nær som på fjellovergangane. Geitramsen var godt følje. Og slike blomsterenger som eg har sitt i nord finnes det ikkje maken til her på vestlandet.

Etter ei stund blei det eit skikkeligt hull i skydekket og der ikkje langt frå veien låg ein Campingplass og bada i sol. Vi formelig bråbremsa. No var vi skikkeligt lei av å kjøre. Og vi rasta her ein ekstra dag. Då fikk vi vaska opp ein del klær.
Plassen heiter Svenningdal Camping og her var det ganske idyllisk. Den ligg sør for Trofors.



Han der liker å bli fotografert. :)

Ingen kommentarer: