søndag 24. juli 2011

Ferien - 7


Lørdag 16.07 har vi forflytta oss til Føllingstua camping nord for Steinkjær. Her var det varmt og flott. Så vi valgte å bli ein dag til her også.


Siste kvelden var himmelen rød og flott. Vi var også ein smule fassinert av denne bilen. Det var eit eldtre Nederlansk par som budde her. Dei måtte flytte bord og stoler ut og inn av sjølve bilen. Såg ikkje ut som at der var noko særlig lasterom i denne. Så når dei skulle legge seg blei dette stabla rundt forsetene.

Neste dag var vi i villrede på kor turen skulle gå. Vi kjente litt på att vi var litt trøtte av å jakte på været. Og vi følte vell at turen var komt inn i siste fase. Sjølv om att vi enda hadde god tid sette vi nasa på sør, men på søraust. Eg hadde lyst å sjå Røros.

Og Røros blei det. Vi fylte kjøleskapet i Steinkjær og tok ut på ein ny etappe.
Prøvde fleire Campingplasser der men enda opp på ein som eg ikkje har notert meg navnet på. Der var det bare nokre få strømmbokses, kun ein do og ingen tømmemuligheter. I tillegg var den ein av dei dyreste campingene vi har budd på.
Kunne like godt å stått på bobilparkeringe nedforbi sentrum.
Såg ingen grunn for å bli der fleire netter. Kjøligt var det også. 16 grader. Så vi reiste ned til sentrum neste morgon og brukte ein del timer der.

Eit sjarmerandes bysentrum.




Kakemonsen er fornøyd.

Så gjekk turen videre

Ingen kommentarer: