mandag 11. juli 2011


Eg er rimelig sein med å skrive blogginnlegg men no kjem dei på rekke og rad. (forhåpentligvis.)
Vi starta ferien den 3.07.11 ved å overnatte på Bergen caravan. Skulle bare feste ein speiel som vibererte litt.
Deretter reiste vi over Strynefjellet


Og det var eit flott skue. Spessielt når vi nærma oss Geiranger.

Vi overnatta på Vinje Camping i Geiranger. Den låg eit stykke oppe i fjellsida og vi rusla ein tur nedover mot sentrum. Desse bildene er tatt på halvveien. Det var sol og fint vær.

Morgonen etter sette vi nasa mot Trollstigen. Det låg skyer langt nedover fjellsidene og det var litt trist sida vi skulle passere nokre flotte fjellstigninger.


Det var komt eit kruskip inn i fjorden mens vi sov. Det ruvde godt.

Bildet under er tadt like før vi kjørde inn i tåka. Og då var det ikkje mykje meir å sjå.
Av ein eller annen grunn så var bildene som blei tatt denne dagen ødelagte i kameraet eller ved overføring til maskina. Så eg har ingen bilder å vise frå Trollstigen. Det gjorde forsåvidt ikkje noko då den bada i tåke. Men på fjellet mista vi nokre flotte bilder. Det samme gjeld opphldet vårt i Trondheim.
Sola kom fram når vi nærma oss Dovrefjell og resten av turen til Trondheim var flott.
Vi rusla ein kveldstur inne i Trondheim og hadde oss ein bedre middag.
Det var tåke når vi braut opp frå Trondheim neste dag men sola braut fram når vi passerte Malvik og vi hadde ein flott tur Heilt fram til Mosjøen Camping.
Avslutter dette innlegget og skriv eit nytt.

Ingen kommentarer: