fredag 20. mai 2011

Vrengte tulipaner

Været er for tida heilt forferdelig her hos meg. Det er skikkelige slagbyger. Slik ser nokre av tulipanene ut. Dei var nok ganske ferdige men har her fått hjelp. Eg synest dei var litt kunstneriske.
Denne gangen vil eg ta for meg litt blader. Når alle blomster ser drukna ut er det greit å ha litt fine blader. Disse 3 bilden er av Filipendula også kalt Mjødurt. Desse fins det mange sorter av men nett desse dyrker eg pga bladene. Den første stammer frå Nautsund og har oppstått i planteskulen der. Hadde ikkje noko navn når eg fikk den. Middels til høg.
Den under er ein lav sort som eg ikkje husker navnet på i farten.
Og den under her veks like ved. Ei frøplante som har oppstått i min hage. Det gjenstår å sjå korleis den blir men foreløbigt er den lav.

Under ein kvit Veratum. Denne er flott i blomst også men når den står der med sine enorme trakter tidligt i sesongen synest eg dei er ekstra flotte.

Denne løvetannen dyrker eg for bladene sin del. Små røde stjerner i sandbedet. Dei forsvinn nesten når dei har mold som bakgrunn.

Dette er ein Kinesisk Allium (løk). Den var litt pjuskete dei første åra men ser no ut til å komme seg. Blomstene er uanseelige.

Ja så må vi vell ha med nokre blomster også. Denne bytte eg til meg i fjord og det er første gangen den blomstrer. Litt annen nyanse enn dei andre blålilla eg har.

Ein lav Dehlpinium (ridderspore) alpestre står det på den.
Ser ut som sniglene lar denne være i fred.

Fritillaria camschatcensis (svartkrone) er rålekker. Skulle nok hadt nokre kvite naboer men det får komme seinere. Eg er feien for at eg endelig har blomstrende planter. Og dei har spredd seg sida eg fikk dei for 2 år sida. Det er godt å ha hagevenner langs det ganske land. Denne har eg kun sitt i salg ein gang her i landet.

Får vell ta med ein kjenning også. Om det andre ser pjuskete ut er asaliaene flotte endå. Ein av fleire busker i nesten lik nyanse. Dette er ein navnesort, dei andre er sådd av frø sanka i baronihagen.

Ha ei fin helg.

tirsdag 17. mai 2011

17 mai med blomster.


Peonsesongen er virkligt i gang no og i år trur eg eg får blomster på fleire enn nokon sinne. Dette er ei plante eg har fått hos ei venninne. Trur det er ei Paeonia veitchii av noko slag. Den delte eg for nokre år sida og i år er dei begge svært riktblomstrende. Ei flott Peon. Blomstene er litt trompetforma. Bildt under viser samme blomsten.

Under er eit bilde av min andre Paeon sådd frå frø. Trur det må være ei anomala men det kan også være ei veitchii. Eller noko midt i mellom. Finn ikkje merkelappen. Den er mørkere i fargen og litt kortere i kronbladene. Åpner seg litt meir. Sikkelig flott.

Paeonia delavayi er ei buskpeon frå Kina. Mørk og rålekker.

I år har eg riktig flotte anemoner. Og nokre av dei blomstrer for første gang. Som denne under. Uten merkelapp.

Men den er rimelig lik på den under. Den står det Anemone multifida Major på.
Dei har store flotte blomster.

Har også ei anna som har like store blomster. Den står det bare lysegul på. Og det er den. Veldig lekker.

Vil også vise bilde av ein kvitveis som har ganske røde blomster. Dette trur eg er vanlige kvitveiser som stammer frå tomta. Om den blir like rød til neste år gjennstår å sjå. Har ei tuve som er litt lysere. Dei fleste andre kvitveiser er avblomstra no.

Meconopsisene er no i gang med blomstringa. Meconopsis quintuplinerva er ei staude eg har stridd litt med å få til. Men no trur eg eg har klart det. Denne blomstrer no for andre gang og er i år større.

Meconopsis punicea skal være monocarp men den blomstra i fjord også og er slettes ikkje mindre i år. Ei hyggelig overasking.

M.Lingholm treng vell ikkje nærmere omtale. Dei har vore trofaste hos meg.

Dodecatheon eller gudeblomst som den kalles har eg i mange navnevarianter, men eg synest igrunnen nokre av dei er ganske like. Har også sådd kvite av desse men har endå til gode å sjå kvit blomster. Trur det er ein del feilmerking. Hendersonii står det på denne. Den er kompakt og skarp i fargen.

Synest igrunnen eg måtte ta med den broketblada pepperrota. Den har lekre blader på denne tida. Har no våga å planta den ut i bed.

Nokre av julerosene er framdeles flotte.

Og så må eg vell ha med nokre tulipaner. Dette ser ut til å være ein god sort. Har hadt dei i nokre år no. Dei har til og med spredd seg. Liker fargekombinasjonen med buskene bak.

Hagens tøffeste spirer. Ein diger Arisema som eg ikkje husker navnet på. Den kjem frå Kina og eg var redd den ikkje hadde tålt vinteren i vinter. Men eg uroa meg tydligvis for mykje for denne har auka kraftigt i vinter. Frå 1 til 4.


Ein frøsådd gentiana eg har glemt å notere navnet på. Den er tydeligvis vårblomstrende. Liten av vekst men med store blomster.

Ja det er mykje som blomstrer i hagen no. Og det er ikkje lett å velge bilder men her var altså eit lite utvalg frå meg i dag.

Ha ein fin 17 mai.

tirsdag 10. mai 2011

Mellom regnbygene

Som ei sol skin desse blomane mot meg. Kan nesten kjenne dufta av dei når eg ser bildet, for desse dufter herligt.
Aurinia saxatilis er ei plante som frør seg godt men den trives bare på ein skrinn plass.
Denne karen hadde lurt seg fram og fortært nesten ein heil påskeliljeblomst. Dei eig ikkje skam desse sydlendingane. Gasse seg på den måten i mine blomster.
Han er ikkje lenger blant oss.

Vårsøte Gentiana verna er ei plante eg har sådd mange ganger. Og ja dei spirer men spirene er så små att dei er sårbare og dei fleste har avgått med døden. Men denne har klart seg. Flytta nett naboen for den var blitt for nærgående.

Her er ei Paeonia eg har vore veldigt spent på. Den har eg sådd og det sto P. veitchii alba på lappen. Men kvit er den ikkje. Der er nok blanda inn noko anna også.
Min aller første sjølvsådde Peon i blomst. Og den har 4 blomster i år. Er eg stolt? :)
Har ein til som står i knupp.

Den kvite hundetannen har spredd seg godt no, men blomstene er mindre i år. Trur det skuldas tørken for slik er det med dei andre hundetennene mine også. Men dei er fine okke som.

Denne Trilliumen lurer eg veldigt på. Trudde det var grandiflorumen som blei flytta i fjord men då er i så tilfelle blomstene blitt kraftig redusert. Er ikkje sikker men eg trur eg hadde ein annen der også. Kor er i så tilfelle grandiflorumen? Litt forvirra.

Disse Irisene skuffar aldri, men i år er dei ikkje fult så blomsterrike som dei pleier. Burde sikkert vore tadt opp og delt. Iris Vamp.

Trollius er ein av slektene eg liker veldigt godt. Og eg har sådd ein del sorter oppetter åra. Men denne har eg derimot fått hos ei venninne. Den har vore beskjeden i årevis men i år er den nesten forvokst. Merkeligt for eg har ikkje rukket å gjødsle i år.

Orkider er ikkje mi sterkeste side men denne ser ut til å trives. Aner ikkje kva sort det er.

Hosta er flott når dei er nyutsprungne. Her med leikende regndråper på bladene. Og denne trur eg eg må leite lenge i listene for å finne navnet på. Middels liten og lekker.

Her har det dukka opp nokre kvite primulaer innimellom dei lillablå. Og igjen navnlause store flotte primulaer.

Ein lav malurt kjøpt på plantagen i går. Nydelige kontrastplanter.

Ellers så må eg melde att det spirer i grønsakhagen. Salat, sukkererter og løk.
Har endå ikkje fått tak i asparges så eg må nok kontakte Kari på Plantetunet. Eller eg får så. Blir nok lenge før eg kan hauste mine egne asparges.
Fikk ellers kvitripsstiklinger i posten i dag. Dei har eg stukket direkte på vokseplassen. Håper det går bra for i dag regner det sånn innimellom.
Ha ein fortsatt fin dag.

fredag 6. mai 2011

Høna magda Og Tommy tranehals.


Som nokre sikkert har fått med seg så har vi vore på bobiltur til Belgia i påsken. Burde sjølvsagt ha skrevet litt om den turen men det får eventuelt komme seinere. Har ikkje så mange bilder og dei ligg ikkje på min maskin.
Høna magda er min nyerverva vinhøne. Den bytte eg til meg mot eit par smykker.
Er ho ikkje fin. Ho blir stadigt tappa. Skal være bra for hjertet. He He


Tommy tranehals er frå Tyskland. Eg bruker altid å ha med meg ein hagefigur frå utenlandsreisene våre. I år blei det denne slanke hanen. :) Han vakter for tida vaskeromsingangen.

I dag var det ikkje sol for ein gangs skuld. Tok difor apparatet med meg i hagen. Trudde det skulle være godt lys for fotografering, men det var det ikkje.
Viser alikevell nokre bilder frå i dag.
Eg liker hagen når den står slik fersk og nyutsprungen.

Bergenia er en av mine mange favoritter. Og denne er den absolutt flotteste eg har. Kjøpt for mange år sida då Zimtrade var i Uskedalen. Er ikkje heilt sikker på navnet på denne.

Cardemine er ei spennandes slekt. Denne har eg sådd og den blomstrer for første gang i år. Heptaphylla står det på den.

Cardamine pentaphyllos har eg derimot bytt til meg og den er den lekreste av mine. Fargen heng ikkje heilt på film, men dette er ei frodig og flott plante.

Glaucidium palmatum er ei plante eg har stridd med å få til, men no ser det endeligt ut som at eg har lukkast. Den står faktisk i sandbedet men på skyggesida.

Ei lita Rododendron frå Nautsund. Blomstrer for første gang hos meg.

Sandbedet er noko redusert i år men her eit lite oversiktsbilde frå nordsida. Der er det bare sand i starten av bedet.

Primula er ein annen vårfavoritt. Her eit utvalg av frøsådde veris. Det er sjølvsagt feil men dei er alikevell fine.

Eg har mista mangen primulaer i vinter/vår. Mange har faktisk tørka ut. Det er knusktørt der dei sto. Men denne ser ut til å trives. Primula polyneura. Dei er skikkeligt lekre.

Til slutt vil eg vise det eg har herja med dei siste dagene. Nemlig ein ny grønsakhage. Skall ikkje ha så mykje i den men ein kasse er avsett til sukkererter, gullerøtter, salat og løk. 2 til jorbær og 1 til aspargis, slangehvitløk og ruccola.
I skråningen over har eg planta 2 artiskok, 2 svartrips og 2 sorter grasløk. Der skal eg også ha grønne solbær og kvitrips. Trur også eg skal finne plass til rabarbra under dammen. (den halferdige dammen.)
Skulle vell hadt bjørnebær og druer der også, men då må eg tenke kreativt. (Klatrestativ.)
Trur også eg skal få plass til nokre timianner i sprekkene i berget.

Ting er i ferd med å ta form, men eg har innsett at hagestua mi ikkje blir ferdig til 50 årsdagen min. Då vill eg ikkje feire den har eg bestemt. Utset det på ubestemt tid. Eg blir altså 49 i år også om det er nokon som lurer. :)