torsdag 30. april 2009

Litt fleire bilder.

I dag var eg ute og spredde utover kommunekomposten som har lege her ei stund i den store nye rabatten. Eg for der i min flicegenser og fatta ikkje kvifor eg holdt på å omkomme av svette. Vel eg kom til att eg måtte få på meg noko lettere. Då eg kikka på gradestokken var den over 22 grader. Sol men totre regndråper på formidagen.
Eg flyr litt frå det eine til det andre for tida. Det er mykje som skulle vore gjort og så lite eg rekk.

Ton i ton.


Cardamine. Husker ikkje etternavnet i farten.


Darmera peltata


Dysosma henry


Corydalis elata


Corydalis Bronze Beauty

Litt Narcissus


Nokre navnlause og nokre med navn.


Denne er ganske liten.





Narcissus Petit Four

Narcissus odorus 'Plenus'
Narcissus Curlew

onsdag 29. april 2009

Litt primula



Det er bare å erkjenne det. Eg er svak for desse. Primula hirsuta i kvitt og ...ja kva farge er dette?

Aurikler i fleng her hos meg no. Men eg manglerein blå.

Primula sino- purpurea



Ein fylt lysegul




Og den siste er ubestemmelig i fargen. Den trudde eg skulle være rød. Kan hende den blir det. Den starta som kvit.




mandag 27. april 2009

Bubilfestival


Akkurat, vi har vore på festival på Randaberg i helga. Den bilen med blått på er vår. Og eg trur sannelig det er meg som sit og nyt tilværelsen der også.
Flott vær og full gass heile helga. Skal gjentages.

Ellers så må eg vise nokre av mine frøsådde her.


Eithea blumenavia sådd i fjord vinter. Denne skal være litt vrien frå frø men eg har altså 2 potter med fleire planter i. Det er bare den eine som blomstrer, men den har 2 blomsterstilker.






Denne siste er Hippeastrum blossfeldiae som var sådd året før. Ein riktig lekker sak med lange blomsterstilker.
Min eldste datter m/fam. lånte huset i helga Ho for avgårde med ein del planter i dag. Det er tid for deling og nyting i hagen.
Kjem tilbake med bilder derfrå med det første. No regner det.
Og obs.... eg har sagt ja til at Kvinnheringen (lokalavis) kan få komme og ta ein prat i neste veke.


torsdag 23. april 2009

Det endelige vårtegn


Ja så har endelig prydkirsebærtreet så smått begynna å blomstre. Då er det virkeligt vår her.


Hagen står i sin flottaste vårblomstring og været er flott og varmt.

Må ellers berette at i år har eg spandert 2 sekker med kunstgjødsel på hagen. Det er mange år sida eg har brukt slikt, men det var eit og anna som viste tegn på nitrogenmangel. Det er nok alt avklippet som stjeler litt.
I dag har eg nesten bare sulla, men eg har spadd ned Georginene og nokre andre knoller i potter.
I går var eg i Bergen/Haukeland for å sjekke om systen min kunne tappes.
Eg kom heim att ferdigtappa. Eg greip anledningen då eg fikk tilbud om å ta den med ein gang. Så slapp eg å gå å kvi meg. Og det var slettes ingen ting å kvi seg til. Eg er veldig feien for att det kunne ordnes på letteste måten. Såg litt svart på det her tidligere.

Så vi må vel vise nokre bilder til.

Pulsatilla Papageno i fargeblanding.


Ein frøsådd Helleborus



Enda ein av mine frøsådde.


Den siste er ein som har sådd seg sjølv. Den er ganske lik mor.

søndag 19. april 2009

Og så var skogen atter ein gang grønn.


Det har vore strålande vær her sida vi kom heim frå påskeferie. Det er virkelig flotte dager.
Eg har ikkje tadt bilder dei siste dagene då det er for mykje sol men viser bilder som blei tadt då vi kom heim frå påskeferie. Hagen hadde eksplodert på den veka vi var borte.

Froskene hadde lagt egg og der er atter ein gang eksotiske lyder i badekaret.
I veka som har gått har eg prioritert å luke og å ta lange pauser i solveggen. Eg kjenner at ferie var tingen for stressfaktoren eg langt lavere enn på lenge. Lader no opp til neste Bobiltur som ikkje er så langt unna.
Eg har bestemt at no skal eg trappe ned på tempoet i hagen og ta det litt meir piano. Eg annser meg for så og seie ferdig med hagen på Nes. Har bare nokre få planter igjen å hente der inne no.
Så då er det jo ingen ting som haster lenger.
Skulle bare hadt ferdigt damprosjektet, sitteplassen, gjerdet på muren og rosepergolaen. :) Men det får bli ein annen dag. HE HE.
Status: Plenen er klipt, beda er delvis luka. Eg har sprøyta langs veikantene og litt rundtomkring med raundup. Og hagen ser ganske fin ut. Ellers så kom det ein kald vassvind inn no i kveld så eg regner med eit værskifte. Det betyr at eg skal ut å kjøpe gjødsel i morgon. I år blir det fullgjødsel då det er eit par ting som viser mangel på nitrogen. Det er nok alt avklippet som ligg i beda som gjer det.
Tilslutt eit bilde frå ferien. Vi tilbrakte mesteparten av tida på Daftrø camping ved Strømstad. Ein flott plass.
Tok bare ein snartur innom Peter Korn. Og fikk såleis utvida plantesamlinga ytterligare.
Asarum maximum Giant
Dicentra King of Hearts
Isophyrum thalictroides
Miyakea integrifolia (den sto høgt oppe på ønskelista)
Saxifrga marginata coriophylla
Saxifraga biasolettoi jorg
Saxifraga cortusifolia cotton
Aconitum red Wine ( den har vist spirt ute i pottene mine også. Pytt sann, skal nok finne plass til dei også)
Heuchera Peach Flame
Musa Basjoo

Alt er vel utplanta. Så no er det bare å vente på Bananene.