fredag 26. september 2008

Høst

Høsten er komt til Omvikedalen. Ja Omvikedalen er det samme som Dimmelsvik. Også kalt møkadalen. Det er nok den beste landbruksbygda i Kvinnherad, og det luktar til tider 'friskt'. På grunn av at vi bur i ein litt framtrekt åsrygg midt i dalen er vi ganske skåna fror denne odøren, noko eg er svært fornøyd med for no driv dei og tømmer møkaskutene før vinteren.
Rådhusvillvinnen er i ferd med å anta haustfargen, men den blir til slutt illande raud.


Denne Cyclamen var merkt med 'coum', men den har blomstra i heile sommar og eg synest ikkje den lignar på den andre coumen eg har. Den blomstrar vinterstid og har mindre blomstrer. Denne er innkjøpt i år og det gjenstår og sjå om den klarer vinteren.




Høstasters er ein av mine nye favoritter og denne var kjøpt på importen frå Holland for nokre år sida. Den er veldig flott og har nøyaktig samme farge som rosa som står i bakgrunnen.. Aster n.b. Rosenkwartz



Blue Moon

Spansk Kjørvel synest eg faktisk er veldigt dekorativ heile sesongen. Her har denne tatt høst også.

Parykkbusken er rødere enn nokon sinne.


Hortensiaen har falma men er framleis dekorativ. Her med ei sibirlønn i bakgrunnen. Den har ein kort stasperiode no om hausten. Synd det varer så kort.



Ellers så må eg berette at syklene er bestilt her http://www.finse1222.no/hotell_sykkel.htm

Og vi skal hente dei på Hardangervidda når vi får bilen. Eg ser også at vi må gå til innkjøp av diverse utstyr til kjøkken, seng og bad. Har fått eit råd om å satse på plast.



Dagens blomst er Clematis bonstedtii Crepuscule. Den blomstrar noko aldeles enormt i år.


Ps. Eg vatna med calypso på planterommet på mandag. Der var det komt sjoldlus.

tirsdag 23. september 2008

Fint vær i dag gitt.....



Litt av ei tid å starte ny hagedagbok. Det er jo haust.


Eg har frå denne stund inngått ei pakt med meg sjølv.

Heretter blir det mindre haging, det er baaare eit å anna eg må gjere ferdigt først.

Eg skal så mindre i vinter og eg skal så seinere.


For............ heretter kjem vi til å bli 'farende fanter'. For........... vi har i dag kjøpt oss Bobil.




Vi får den over helga. Og vi gler oss allerede til jomfruturen.

Eg er redd vi må kjøpe oss nye sykler.


mandag 15. september 2008

Det går litt på fram.







Men 'Gubben og Gamlo' går ikkje heilt i takt fortida.

Eg venter framdeles på litt gjevning og påfyll nede i skråningen med berget.
Dagene er strålande flotte og Gubben fann ut at gårsdagen skulle nytes. På lørdag fikk vi tilkjørt eit lass med subbus og han starta muringa av sitteplassen. Er sjølvsagt lykkelig for alt som blir gjort men eg har ein god del trær som skulle vore planta. Og eg går her og håper på at det kanskje skjer i dag.


Håper det skjer i dag.
I mellomtida får vi kose oss med nokre høstbilder.










Nokre av rosene er virkelig flotte no. Her ser du Purple Rain.

Eg har framdele mykje lukearbeide framfor meg og den der syra er beint fram håplaus. Kryper utover og danner eit heilt teppe. Det er komplett umuligt å få opp alle røttene så den er tilbake på rekordtid.





Burde også funnet tid til å ta ein tur ut på SIM for å hente kommunekompost. Jorda treng nokre plasser virkelig jorforbedring. Og eg vil denne gangen helst ha noko som er ugrasfritt.



Her er eit lite utsnitt frå sandbedet. Busken i bakgrunnen er ein haustende Abutilon x suntense. Den blomstrer (med 1 blomst) no for andre gang i år. Førsteblomstringa var då mykje finere. Den ser ut til å være fult vinterherdig her hos meg.
Dei andre blomstene i bakgrunnen blomstrer også for andre gang. Det eg mykje som remonterer i år faktisk.



Her blomstrer eit par Rododendroner for andre gang.


Dagens blomst er Anaphalis av eit eller anna slag.

Den er veldig flott. Danner lave krypende tuver.













onsdag 10. september 2008

Han bles godt i natt




Og det gjorde han til gangs.


Eg høyrde eit skikkeligt smell på perongen i går og såg for meg Pelargonium - katastrofe. Men det var bare 1 potte som var knust heldigvis.
Det er faktisk første gangen det bles skikkelig sida eg sette dei opp i vår. Det har vore ein stille sommar kan ein sei. Stille og varm og flott.
Keisertreet (Paulovina) har stortrivest og vokse bortimot 2 meter. Eit skikkeligt eksotisk innslag.
Det egner seg ikkje på bilde i dag. Nokre av dei store bladene heng no som fillete vaskekluter. Men det har klart seg bedre enne eg frykta.



Dagens blomst er ei Georgine som eg har mista navnet på. Den er kjøpt hos Eurobulb.
Planta har fått hard medfart og ligg no delvis utover plenen.

mandag 8. september 2008






Rosene er framdeles ganske fine.

Været er også ganske fint. Litt overskya men flott temperatur.

Var til Rosendal i dag for eg har hadt problemer med betalinga av Eurobulbbestillinga mi. Betaling med Visa feila.

Og når eg skulle betale over nett fikk eg også feilmelding.

Så eg har fått hjelp til dette i banken. Sat på eit kontor og fikk hjelp steg for steg. Det kaller eg sørvis.


Stakk med det samme oppom Hassen. Der var det ikkje mange planter igjen, men eg kjøpte eit par grønne busker til sandbedet. Har funnet ut at det gir ein ekstra piff på det med noko som har litt forskjellige former.










Slik ser det ut i dag. Eg er igrunnen veldigt fornøyd. Og kanskje det beste av alt. Eg har himla masse plass til vinterens sådd om eg bare held meg til steinbedsplanter. Ellers så minker det kraftigt på plassen.

Dagens blomst er tidløs.
Den er veldig tidlig i år, men akk for ein frodighet.



lørdag 6. september 2008

Ny blogg

Så prøver eg meg med ein blogg eg også.

Her vil eg skrive litt om mine strabaser i hagen.

Men det er godt muligt at eg skriv om litt andre ting også.

I dag har det vore ein flott haustdag. Ein kjenner at lufta er ei anna en den var her tidligere. Og sola den kryper nedover. Den er no gått i hagen for kvelden. Så hagedagene blir litt kortere.


MEN i dag har eg sett gubben igang. Og han køyrer tyngre skyts. Så eg er meget fornøyd med dagens innsats.



Han har kjørt bort 2 lass med røtter og torver.
Han har gjevna til den delen som ligg kloss i berget. Så no er det nesten ferdigt til å plante i.

Så har han flytta opp ein del stein i andre enden og fylt på eit lass med sand der.
Og eg er no i full gang med å dandere stein i denne delen.
Skjønner igrunnen ikkje kvifor eg sit her å skriv. For eg klør noko aldeles voldsomt etter å begynne å plante der borte.
Men eg har bestemt meg for å 'spare' det i alle fall til i morgon.



Dagens blomst er Aconitum alboviolaceum.
Denne slynger seg flott i ein rosebusk

Dette innlegget var kladda for 2 dager sida.