tirsdag 25. juni 2013

Det er Iristid


 Det er igjen mykje som har blomstra og gått forbi. 

Eg har igjen forsømt meg ;)
Har vore på besøk hos nokre hagevenner også men eg glemte fotoapparatet som vanligt.
Når ein står med blikket festa i beda er det ingen andre tanker som svir.
Hadde med meg ei spennandes samling med planter heim att også.
 
 Men no til dei som står i hagen.
Denne kvite sibiririsen er bare eit syn i år. 
Navnlaus for den har eg sådd som kvit sibiriris.
 Her er ein annan iris som eg også har sådd. 
Små blomster på lange stilker. Ein av dei fineste blå synest eg

 Desse blomstrer for første gang i år. 
Der er det nok 2 forskjellige sorter i den frøsodden. Ein lav og ein høg.
Merk deg det spøkjelset av eit tre som står bakom. 
Vinterens herjinger :(
 Må nok ha med eit par bilder av germanicaer også.
Desse to er gamle og gode sorter.

 Oppi der kor alt er overgrodd står det mangen Iriser. Her er det to sorter blå på samme bildet.
Den høgaste erein I.ensata.

 No er det andre ting i hagen min også.
Frøsådd Geranium. Mix av phaeum og noko anna.


 Og i dag er eg litt lat.
Husker ikkje navna i farten. 
Men litt spennandes er dei jo.
 Denne Hippeastrumen stod og venta på meg då eg kom heim frå tur i går.
Trur ikkje nett denne har blomstra før.
Den har eg sådd frå frø frå Brasil.
Har også åpna Eplabutikk


lørdag 8. juni 2013

Peonene blomstrer.

 Ikkje særligt aktivt her på bloggen nei.
Eg skjems nesten ;)
Eg står på hovudet og slåst med løvetann og anna herk. 
Hagen har vore forsømt i to år no på grunn av sjukdom og det er synd å sei att formen er nevneverdig bedre ette 2 opperasjoner. 
Men no har eg bestemt meg for att det ikkje skal være eit hinder.
Når vi ikkje er ute å farter med bobilen står eg med ræva i vere som vi seier her.
Etter å ha luka sandbedet var det bare å erkjenne at det ligna meir på ein ørken enn eit bed. 
Vinteren har fare hardt med skattane i år. Og det er rikelig plass til nyervervelsar.
Men Peonene dei er fine.
Difor blir dette eit innleg om nokre av desse.

Trepeonene er flotte.
Denne hadde 2 blomster i år og det er 2 fleire enn i fjord.
Står rett utaføre kjøkkenvinduet mitt og held froskene med selskap. Der er det lunt og mindre fare for att vinden skal knekke greinene som er veldigt sprøe på desse.
Oppe i toppen av hagen står to buskpeoner.
Dei tåler meir vind og ser ut til å trives der.
Det er i allefall bra størrelse på buskene no.

 Den gule er det ikkje så mangen blomster på

Eg har også ein busk stående godt gjemt bak bobilen. 
Der skulle den ikkje ha stått for den er bare rålekker.
Heilt mørkerød.


Så til deei andre.
 Denne er no avblomstra så no er det frøkapselen som pryder. 
Ikkje så verst den heller.
Paeonia obovata
Ein av mine 2 store Paeonia Veitchii var. woodwardii
Bildet yter den ikkje retferdighet

 Og så til mine  frøsådde.
Er rett og slett lit stolt av dei.
Å så peoner er regna for å være ei utfordring men eg synest igrunnen eg har taket på det. 
Det står framdeles ein del planter rundtomkring som eg må regne med bruker nokre år til på å sette blomster.
Så då har eg noko å sjå fram til i kommende år også.
Den over skulle være ei gul svovelpeon. Ikkje reinrasa den der nei men eg vil påstå den var vel så fin. 
Egentlig ikkje eit problem. Mens eg venta på at denne skulle finne på å blomstra annskaffa eg ei ekte svovelpeon. Den var litt vrien i år. Ikkje ein blom. Regner med den sparer seg til neste år ;)

 Her i dette feltet står det no fire peoner som blomstrer alle er frøsådde. 2 ser ut til å være like men pyttsan kva gjer vell det så fine som dei er. Det står endå fleire frøplanter der som ein dag kjem til å blomstre.

 Denne siste er ein variant av Veitchii 
Rimelig skjelden men ikkje heilt kvit. Den starter som svak tosa.
Då får dei av dåke som lese dette ha ein fin dag.
Skal prøve å være flinkere å poste frammover.