fredag 15. januar 2010

Eit lite lys i mørke


Ja dette er månen ei mørk vinternatt.

Ja det er nok på tide med nokre ord her i dagboka.
Denne høsten og vinteren har uten tvil vore den verste i mitt liv. Det har vore som å ha blitt hærtatt av noko fremmandes og vondt. Det er angsten og depresjonen som har tadt meg.
Eg har i lengre perioder hadt konstant angst. Og det er ingen ord som kan beskrive den følelsen. Men du kan forestille deg at du heng etter fingetuppene utfor ein 10 etasjers bygning. Forestill deg den panikken du då har i kroppen. Forestill deg så att du har denne følelsen heile tida utan å vite kva du er redd for. Når du ikkje veit kva du er redd for kan du heller ikkje gå ut av situasjonen.
Eg har no vore igjennom 5 forskjellige typer medisiner og eit 3 vekers frivillig opphold på sykriatiske, som egentlig var ein god opplevelse når eg bare kom over den barieren. Eg trygla faktisk om å få komme tilbake då eg fikk uslett av dei medisinene eg var utskreven med derfrå. Men då var det ikkje plass til meg. Så tida etter det oppholdet var nesten verre enn alt. Då er det godt å ha ein mann som har erfaring med psyke. Og han hjelpte meg gjennom det. Det tok nemligt 3 og ei halv veke på ny medisiner før eg ein dag vakna opp og følte meg heilt normal. Har ikkje hadt tilbakefall men eg er forberedt på det kan komme.
Eg er no også forberett på å ikkje la dette fa%&&skapet ta hus i meg igjen. Det skal bekjempes på alle bukter og fronter.
I den perioden eg var som sjukest drukna eg meg i denne boka. Den hadde i det minste ein del effekt menst eg leste i den. Og den er ei fantastisk bok når ein er komt eit hakk over underflata. Eg trur også eg no veit kvifor eg har angst og kan jo då jobbe med det. Eit serdeles stort framskritt.
Ellers så går eg i terapi og har meldt meg på kurs i depresjonsmesting.
Eg er også komt fram til att tida med sulling er over. Det er 10 år sida eg traff veggen første gang og eg må no snart ta opp kampen mot demonene.
Så eg har snakka med det lokale gartneriet og eg skal starte der i uke 6. Det blir jobbtilvenning på mine primisser. Komme og gå når det passer i starten i allefall.
I mellomtida så går eg her heime å småkjeder meg. Denne følelsen har eg ikkje hadt tidligere. Og det er nokre år med lediggang no.
Min tidligere jobb var mange år med tunge (farlige) psykisk utviklingshemma og på slutten var eg på aldersheimen. Eg er utdanna hjelpepleier i vernepleie og svor på at eg aldri meir skal jobbe med folk. Følte meg fulstendigt tappa. Men no kjenner eg faktisk på å kanskje kunne hjelpe folk som strir. Kva framtida bringer er ikkje godt å vite men eg føler meg for øyeblikket meir opptimistisk enn på veldigt lenge.
Og når eg kom meg i gjennom dette så skal framtidige nedturar få skikkelig motstand.


Ellers ei gladmelding. Det 6 barnebarnet er på vei,