tirsdag 11. november 2008

Julebord i helga

Vi har vore på Jæren i helga på Bobiljulebord. Vårt første treff.Vi var der bare frå lørdag til søndag og fikk ikkje med oss heile treffet, men det var triveligt. Gjennomsnittsalderen var nok eit hakk høgere enn vår og stemninga like så. Dansegolvet var fult ved første dans.
Natta blei derimot ikkje fult så trivelig. Det blei min første natt i bobil og storm. Og vi lærte att ein altid bør sette på støttebeina. Det var rimelig god sjøgang heile natta og eg trur eg nettsåvidt klarte å duppe av eit par ganger. Så eg var rimelig utslitt når vi kom heim på søndagskvelden.
Eg sover lett og har problemer med å venne meg til alle desse nære lydene i bilen. Her trur eg treng lang tilvenning. Greit å ta det i små porsjoner.
Hunden var hos vår eldste datter på Randaberg. Og er no ganske kvikk og rask.
Der sto det bare bra til. Dei minste vokser og gror til. Snakketøyet går i eit bankende sett. Ikkje altid like lett å forstå kva dei har på hjertet, men det er tydeligtvis mykje. Nokre herlige småjenter.

I dag motok eg ein spennandes pakke i posten og eg må ut å plante i morgon. Godt det er rimeligt fint vær.

Ellers så har eg lagt på meg 1 kg etter at eg starta syklinga. Eg håper det er musklar.
Vi syklar mellom 1 og 1,5 mil til dagen. Sån ca 5 dagar i veka. Er nesten blitt avhengig av denne turen. Det er aldeles herligt. Til og med i høljeregn og mørke. Denne hausten synest eg har vore herlig. Eg nyt dei kjølige dagen og liker å gjere alt anna enn haging. Trur rett og slett at eg har fått metta mi i år.

torsdag 6. november 2008

Syk hund.


Når eg endelig fikk tak i dyrlege så blei det dyrlege-akuttvakta. Det var ingen vits i å vente til neste dag med å ringe dyreklinikken i Kvinnherad for der var det stengt. Eg prøvde nemlig der på tirsdag også.

Det var ikkje særligt oppløftende det eg fikk vite. Hunden hadde nok ein ikkje uvanlig livmorbetendelse som kunne komme ei stund etter løpetid. Denne kan være dødelig. Og eg fikk beskjed om at ho må opperes raskt, Og at ho/dyrlegen ikkje hadde anledning til å ta opperasjonen. Så ho henviste meg til Odda eller Stord. Odda svarte ikkje, men på Stord fikk eg kontakt med. Minimum 6500 var prisen. Så eg drøfta litt med min mann og vi blei enige om at det ikkje var aktuelt på ein 13,5 år gammel hund med dårlig helse.

Så eg kontakta legevakta igjen og fikk ein time. Hunden er i forholdsvis god form og Penselin er nødløysinga. Det kan hjelpe. Og vi fikk igrunne støtte i at det ikkje var ein ide å kjøre hunden gjennom den påkjenningen det er med ein opperasjon. Det var ikkje sikkert at ho ville overleve. Ho har hjerteproblemer. Ho fikk kontakt med dyreklinikkeigar i Kvi. Og han skulle bare ha 4000 så det kan være lurt å sjekke litt opp i prisene rundtomkring. Men vi blei altså enige om å prøve antibiotika.

Om ho står dette over denne gangen har vi kjøpt henne litt tid. Ho vil nok bli sjuk igjen etter neste løpetid også. Så vi er og har vore forbert på at vi kan miste henne snart. Det er jo bare naturligt ho er ei gammel dame. Men det er frykteligt leit synest eg . Ho har vore ein del av familien våras i over 13 år. Sitt barna vår ut av heimen og opplevd skrikende barnebarn. Noko ho nok har hatt splitta opplevingar av. Trur gjene ho hadde trekt ei dyne over hovudet nokre ganger. Men ho er veldig glad når dei kjem.

Det gjenstår altså å sjå korleis det går.

tirsdag 4. november 2008

Sopptur

At det ikkje hadde vore geiter i hagen var feil. Mildt sagt. Dei hadde sett djupe klauvemerker i det nye sandbedet. Og har nok trakka på ein del av dei små skattane mine. Dei har vore i den store skråningen også , men der trur eg ikkje dei har trakka sunde noko.

I dag var det eit aldeles nydeligt vær. Og sida eg bare har vore på ein sopptur tidligere i haust synest eg det var på tide med ein liten tur. Naboen, meg, bikkja og katten på tur.
Hadde igrunnen ikkje venta å finne så mykje sida det var eit par frostnetter i forrige veke. Men det var litt. Traktkantareller og piggsopp. Den siste fikk stå sida naboen har spydd dei to siste gangene ho åt desse. Og eg et ikkje sopp. Ingen kommentar takk.
Men det blei ein del traktkantareller 'på naboen'. Det er forfriskande å plukke sopp altså.
Og om det held seg frostfritt ei stund til vil nok alle dei flotte nye annlegga vekse opp. Soppsesongen er ikkje heilt over her hos oss.

Bikkja er syk. Ho har stygg utflod. Så i morgon må eg få tak i dyrlege. Han var ikkje å treffe i dag.
Eg er litt bekymra for henne. Ho er over 13 år og har utvekster båder her og dær. Men ho er uforskamma sprek i forhold til alder og overvekt. Ho tok eit svalesup utfor ein fjellskrent i dag. Landa med eit dunk og velta over på rygg. Der blei ho liggende å kave som ei skilpadde på rygg, men var oppe og gikk etter kort tid. Det er ikkje greit når ein trur ein er ein ungfole framdeles.

Har bestilt 5 bøker hos Capris i dag. 1 om betongfigurer og dei andre om ting og ideer til hagen. Tenker litt på at dette kanskje kan brukes i Hagelaget seinere. Eg treng litt ideer til ting som kan lages. Og så har vi tenkt å prøve oss på Hypertufa.

søndag 2. november 2008

Pilflettekurs

Helga har gått med til pilflettekurs. 13 timer i alt. Og eg har laga meg ei korg som eg er godt fornøgd med. Kurvfletting er ein skikkelig tidkrevande aktivitet. I allefall før ein har fått det heilt under huden.
Dette er mitt andre kurs.

På vei heim såg eg ein kar som gikk ganske frenetisk opp veien i byggefeltet vårt. Det var ein nabo med to rimelig store geitebukker i hælene. Eit smule komisk syn. Då eg stoppa og spurde om han hadde fått seg ny kjæledyr svarte han ganske fortvila at han hadde gått tur og desse dyra hadde hengt seg på han borti dalen. Det var ikkje muligt å bli kvitt dei.
Eg ymta om att eg nødigt ville ha dei inn i hagen og han lurte på kva han skulle gjere. Han måtte jo heim, men stakk nedom ein nabo i håp om at han kunne hjelpe han med sporinga av eigar.
Ikkje veit eg korleis rette eigar blei kontakta men bukkane er no henta. Dei har vore på ein riktig lang spasertur i dag. Og så vidt eg veit så har dei ikkje vore i nokon hage. Dei traff nokre av den yngre garde å henge seg på.
Geiter er som superlim. Dei sit som klistra.