tirsdag 25. juni 2013

Det er Iristid


 Det er igjen mykje som har blomstra og gått forbi. 

Eg har igjen forsømt meg ;)
Har vore på besøk hos nokre hagevenner også men eg glemte fotoapparatet som vanligt.
Når ein står med blikket festa i beda er det ingen andre tanker som svir.
Hadde med meg ei spennandes samling med planter heim att også.
 
 Men no til dei som står i hagen.
Denne kvite sibiririsen er bare eit syn i år. 
Navnlaus for den har eg sådd som kvit sibiriris.
 Her er ein annan iris som eg også har sådd. 
Små blomster på lange stilker. Ein av dei fineste blå synest eg

 Desse blomstrer for første gang i år. 
Der er det nok 2 forskjellige sorter i den frøsodden. Ein lav og ein høg.
Merk deg det spøkjelset av eit tre som står bakom. 
Vinterens herjinger :(
 Må nok ha med eit par bilder av germanicaer også.
Desse to er gamle og gode sorter.

 Oppi der kor alt er overgrodd står det mangen Iriser. Her er det to sorter blå på samme bildet.
Den høgaste erein I.ensata.

 No er det andre ting i hagen min også.
Frøsådd Geranium. Mix av phaeum og noko anna.


 Og i dag er eg litt lat.
Husker ikkje navna i farten. 
Men litt spennandes er dei jo.
 Denne Hippeastrumen stod og venta på meg då eg kom heim frå tur i går.
Trur ikkje nett denne har blomstra før.
Den har eg sådd frå frø frå Brasil.
Har også åpna Eplabutikk


lørdag 8. juni 2013

Peonene blomstrer.

 Ikkje særligt aktivt her på bloggen nei.
Eg skjems nesten ;)
Eg står på hovudet og slåst med løvetann og anna herk. 
Hagen har vore forsømt i to år no på grunn av sjukdom og det er synd å sei att formen er nevneverdig bedre ette 2 opperasjoner. 
Men no har eg bestemt meg for att det ikkje skal være eit hinder.
Når vi ikkje er ute å farter med bobilen står eg med ræva i vere som vi seier her.
Etter å ha luka sandbedet var det bare å erkjenne at det ligna meir på ein ørken enn eit bed. 
Vinteren har fare hardt med skattane i år. Og det er rikelig plass til nyervervelsar.
Men Peonene dei er fine.
Difor blir dette eit innleg om nokre av desse.

Trepeonene er flotte.
Denne hadde 2 blomster i år og det er 2 fleire enn i fjord.
Står rett utaføre kjøkkenvinduet mitt og held froskene med selskap. Der er det lunt og mindre fare for att vinden skal knekke greinene som er veldigt sprøe på desse.
Oppe i toppen av hagen står to buskpeoner.
Dei tåler meir vind og ser ut til å trives der.
Det er i allefall bra størrelse på buskene no.

 Den gule er det ikkje så mangen blomster på

Eg har også ein busk stående godt gjemt bak bobilen. 
Der skulle den ikkje ha stått for den er bare rålekker.
Heilt mørkerød.


Så til deei andre.
 Denne er no avblomstra så no er det frøkapselen som pryder. 
Ikkje så verst den heller.
Paeonia obovata
Ein av mine 2 store Paeonia Veitchii var. woodwardii
Bildet yter den ikkje retferdighet

 Og så til mine  frøsådde.
Er rett og slett lit stolt av dei.
Å så peoner er regna for å være ei utfordring men eg synest igrunnen eg har taket på det. 
Det står framdeles ein del planter rundtomkring som eg må regne med bruker nokre år til på å sette blomster.
Så då har eg noko å sjå fram til i kommende år også.
Den over skulle være ei gul svovelpeon. Ikkje reinrasa den der nei men eg vil påstå den var vel så fin. 
Egentlig ikkje eit problem. Mens eg venta på at denne skulle finne på å blomstra annskaffa eg ei ekte svovelpeon. Den var litt vrien i år. Ikkje ein blom. Regner med den sparer seg til neste år ;)

 Her i dette feltet står det no fire peoner som blomstrer alle er frøsådde. 2 ser ut til å være like men pyttsan kva gjer vell det så fine som dei er. Det står endå fleire frøplanter der som ein dag kjem til å blomstre.

 Denne siste er ein variant av Veitchii 
Rimelig skjelden men ikkje heilt kvit. Den starter som svak tosa.
Då får dei av dåke som lese dette ha ein fin dag.
Skal prøve å være flinkere å poste frammover.

lørdag 20. oktober 2012

Eg stikk bare innom her for å sei att det er ikkje mykje hage med meg for tida. Vi har vore på Bobiltur i ville vesten. Og sida det blir så mange reieinnlegg har eg starta ny blogg.
Med Anne Og Eivind på hjul,
Du er hjertelig velkommen til å følge oss på denne bloggen. Eg kjem til å poste mange flotte bilder der av spennandes natur.

søndag 12. august 2012

Norge eit fantastisk flott land.

Vi har vore på farten mesteparten av sommaren.Og i år har vi feriert i Norge som i fjord. Har tatt mange flotte bilder men her er eit lite utvalg frå første turen vår. Må nok poste fleire innlegg for å få med alt. 
Vi har vore over Vikafjellet (under) Og Gaularfjellet (Under der.)
I Ålesund. Her eit kvelsbilde frå sentrum. Ein fantastisk flott by.

 Kristiansund (Under)
 Norges flottaste veistrekning Atlanterhavsveien.
 Bud. Der slo vi oss ned ei stund. Heilt fantastisk flott. Bildet under er frå hustavika. Der gikk det lange turstiar.

Ein plass for avslappning. Og så var vi veldigt heldige med været. 
Når ein reiser med bobil kan ein jo bare velge å flytte når været krangler.
 Det valgte vi å gjere den dagen tåka kom sigende og eg valgte å avslutte oppholdet der med å gå inn i tåka å fotografere. Hustavika.(Under)
Bildet under der er også frå Bud. Det vil ikkje legge seg der eg vil ha det.:)

Molde camping.
Molde sentrum. Det var vist ein matfestival der.
 Vi reiste videre derfrå via Dombås, Golsfjellet og Hardangervidda.
Det var ein av fleire turer.
Meir følger seinere.

lørdag 16. juni 2012

 Ein søt liten sak................ Her har han klatra ganske så langt over bakkenivå. Godt over meteren. Dette er ein av grunnene til at iberiasniglene er så spessielle. Dei et ikkje bare det som er på bakken. Dei kan faktisk ribbe ei lupin på ei natt. Både blomster og blader.
 No er det frodigt hos meg og noko er stort. Og det er slettes ikkje alt som står på menyen deire. Arisaemaene ser ut til å få stå i fred. Den over er gigantisk og har mange blomster under lauvverket. Klarde ikkje å få eit skikkeligt bilde av dei uten å ødelegge planta. 
Eg har vell navna på desse to ein plass men nett no er eg lat. Dei er begge Kinesere.
 No er det ikkje så mangen busker og trær i hagen min men nokon har eg. Når eg tenker meg om så er det nok fleire enn i dei fleste hager. Og eg har valgt spennandes ting. På bildet over ser du ein gammal kristorn som sto på tomta. Der fjerna vi 2/3 av busken. den hadde nemlig 3 stammer. Er difor gresen men kjem seg for kvart år som går. Framføre den står ein broketblada lønn, doggrosa og ein kornell kjøpt som ein sort Dogwood. Den blomstrar litt i år(Under) men den skal få skyer med kvite blomster når den virkeligt set till. Ellers så står det ein rosa Geranium sylvatikum og ein staudeklematis der. Pieris i front. Der er også nokre amerikanske blåbær og skogsskjegg der. Når dette virkelig gror til vill gule humle og Rosa  American Pilar og ein småblomstrande klematis kle kristornen. Dei har allerede tatt seg godt oppover. Får bruke dei klatrestativa ein har.;)
 Ein liten fylt Azalea. Ein skjeldenhet.
 Likeså dverghestakastanje.
Under ein busk eg ikkje huska navnet på i farten.
 I dag har eg problemer med å laste opp enkelte bilder så det får bli dei han vil ha.
Ein orkide. Cypripedium Ulla Silkens. Den veks sein men aukar litt for kvart år. 
Eg har nokre cyper. Under kristornen også men dei må eg nok flytte til våren for dei veks for tett inntil rosene der. Trur dei er over halvmeteren høg.
 Oversiktsbilder frå sandbedet i enden av hagen. Dette ligg slik til att det er til skue for alle som beveger seg så langt opp i åsen.I eit veikryss.
 Så eit par bilder frå husgjørnet. Her er det bratt, lunt og frodigt. Kanskje ikkje så farligt att det veks ein del ugras mellom desse plantene.
Keisertreet er med på bildet under. Og bladene på dette er framdeles ikkje sikkeligt utsprungne. Det har store blader.
 Egentlig skulle eg hatt ein hageblogg, ein håndarbeidsblogg og ein reiseblogg men så skjeldent som eg poster trur eg eg held meg til ein.
Under så har eg brukt opp litt restegarn. Ein liten ponsjo laga på 3 kvelder. Altid kjekt å hekle.
 Eg har strikka mykje heilt sida eg var lita jente men tøva har eg ikkje gjort før. Her eit lite forsøk. Også gjort på eit blunk. Liker igrunnen slike småprosjekt. Det gikk med meir garn enn eg trudde så eg må nok ut å kjøpe meir. Men først skal eg lage ei vinhøne.:)
Under leggvarmere til jenter. Dei er strikka av Shiny frå gjessdal og restegarn. Har hekla nokre blomster som eg har sydd perler på. Annes design.
Ha ei fin helg.