mandag 9. januar 2012

Nokre betraktninger.

 Er det nokon som kan minne meg om att dette er ein hageblogg. ;) Javell. Det er det kanskje men det er då ikkje mykje spennandes som skjer i hagen no. Her regner det stort sett heile tida. Vi har vore heldige og vore skånt for desse uværa som har herja vestlandet og det er eg veldigt takknemmelig for. Men eg kjenner att dette gråværet tar på. I tillegg så er det bare å melde att eg ikkje har hatt ein meir passiv vinter. Om eg går meg ein tur får eg straffa mi etterpå. Treninga har eg måtta legge ned. Men no har eg i allefall fått vite kva som gir meg desse smertene. Og eg sit her og formeligt skjelver i buksene og ventar på ein opperasjon. Forhåpentligvis skjer det fort for dette takler eg dårligt. Det er mykje eg kunne ha sagt om dette men det er då ein hageblogg. Er det ikkje. ;)  Difor har eg valgt nokre tilfeldige bilder eg forhåpentligvis ikkje har posta før.
 Om desse knuppen heng på heilt til våren vil det bli bort imot ein sensasjon. For dette er Keisertreet mitt. Paulowina tomentosa er eit varmekjært tre og eg har ikkje høyrt at det har blomstra nord for Gøteborg. Og om det har blomstra meir enn ein gang der veit eg ikkje. Men det gjennstår å sjå om dei er der til våren. Føreløbigt står dei friske og fine.  Men vi har den kaldeste perioden framfor oss.
 Sommaren i fjord var våt og det ruska godt i beda. Men noko fint var det då.
 Det er nokre av dagliljene som gjer meir av seg enn andre. Denne lyser som ei sol innimellom dei andre.
 Desse liljene er aldeles nydelige. Og så dufter dei noko heilt himmelsk.
 Staudesolsikker er eit sikkert kort. Men dei sprer seg noko meir en eg liker.
 Yoccaen blomstra for første gang i sommar. No blir det sikkert mange år før neste gang for nett denne plantedelen dør etter blomstring. Så no må sideskudda vekse seg store.
 Og kva var no dette igjen. I allefall ei plante som står for overvintring i drivhuset.
Det var ikkje mykje høstfarger på trea i haust då vinden tok å rista lauva av etter kvart, men her ein Dogwood som holdt litt på dei. Denne blomstra også for første gang i fjord sommar.
Ellers så er det lite å melde om framgang i hagen. Eg er inne i ein periode der haging ikkje er så kjekt som det var før. Eg orker heller ikkje å mase på han som må gjere støypearbeidet. Og eg kjem ikkje så mykje lenger før det er gjort. I sommar klarde eg imidlertid ikke å halde ugraset unna så det spørst om eg ikkje har tatt meg vann over hode med alle desse beda.
Men nett no så konsentrer eg meg altså om heilt andre ting. Heldigvis har eg mange hobbyar. Nett no går det i smykker. Og eg blir veldigt glad om du vill bli venn med meg her på facebock