tirsdag 26. mai 2009

Refferat frå Nautesundturen.


Her har vi rigga oss til på Nautesund camping som ligg tvers over veien for Nautesund Plantesalg.
Det var ein flott campingplass med mange 'fastbuende' campingvogner. Ikkje mykje som minner om ei campingvogn når alle tilbygg er komt til. Det var mange folk der i helga men kun 2 Bobiler inklusiv oss.


Formålet med turen var då å få oss ein tur og så hadde eg lyst til å besøke planteutsalget.


Eg rusla opp der midt på dagen og saumfor utsalget. Fikk litt hjelp innimellom men det var mange folk der. Og når han Håkon (alle var på fornavn med han) høyrde kor eg kom frå for å besøke han følte han nok at han måtte gi meg litt ekstra forpleining. Då eg fann ei anemone i ein stamp som sikkert var boss og ba om å få kjøpe den, ba han meg om å komme tilbake etter stengetid. Så kunne vi ta ein tur i Rhododendronskogen også.


Det var planta ganske mykje Rhod. Og andre spennande vekster oppetter ei bratt li.
Og slik gikk det til att eg nok kom heim med dobbelt så mange planter som eg først hadde tadt meg ut. Han grov opp vanlilje og Rhododenreoner til meg. Og trylla fram planter som hadde gått forbi mitt haukeblikk. Han skjønte jo fort kva eg synest var interesangt. Og han sa det var hyggeligt å få besøk av folk som hadde litt utvida hageinteresse. Den handleturen tok tid. Og han måtte hjelpe meg å bære ned til veien.
Gubben hadde forkynt at om eg ikkje klarde å bære sjølv har eg handla for mykje. Så eg bar det videre i etapper. Litt må ein vell kanskje slite når ein har ei slik last.:)

søndag 24. mai 2009

Nautesund

Eg har vore på Nautesund i helga. Refferat følger når eg får gått over bildene.
No vill eg bare føre opp det eg har kjøpt/fått.

Anemone sp.
Eføy sp. (stiklinger frå ei plante som er henta i England. Noko spessielle blader.)
Vannlilje kvit stor, Navn følger når eg finn lappen i sølevannet. Det samme gjeld:
Storblade Rhododendron.
Rhododendron Yakushimanum x viscidifolium
Rhododendron Cinneceys
Rhododendron Pink Pebble
Rhododendron kiusianum
Cortaderia richardii (stort flott gras)
Cortaderia aurucana
Iris lavigata Variegata (til dammen)
Phalaris arundinacea Artic Sun (frå Nautsund) Variegert
Persicaria Painters Palette
Potentilla alba
Artimisia Orienthal Limelight
Leptospermum rupestris
Saxifraga fortunei
Achiphylla glaucesens
Achiphylla aurea
Filupendula (oppstått på Nautsund og ikkje solgt/navna enda)Rødlige tegninger på blada.
Hosta Sage
Hosta Mama Mia
Hosta Devon Green
Hosta siboldii Snowflakes
Phormium Tricolor
Geranium Jolly Bee
Geranium clarkei Kasmir Purple
GERANIUM cinereum 'Lawrence Flatman' (er ikkje sikker på det navnet)
Primula Johanna
Androsace sempervivoides.

Eg ser han må ha slege kraftigt av. Eg betalte 1100 kr. Nokre av plantene var då gaver men alikevell....

tirsdag 19. mai 2009

Kor i huleste....?

er eg havna no?


Ein liten artig sak i sandbedet. Denne kjøpte eg hos ein kar som støyper hagefigurer. Det hadde vore ein grei hobby..... Han holdt ikkje kurser men formene var vist kjøpte. Dei skulle eg gjerne hadt kloa i.
Hypertufatinga ligg framdeles til tørk.

I dag har det komme nokre alvorlige skyllebyger og haging har vore uaktuelt.
Eg har difor kasta ut ein masse planter frå drivhuset.
Planta om nokre Hippeastrumer og pakka nokre plantepakker. Eg har også vore å planta ut nokre kaktuser i sandbedet. Dei har ikkje sitt dagslys eller ny jord på mange år så dei får sikkert sjokk. Eit ferieopphold burde dei bli glad for. Forhåpentligvis får eg rota meg til å ta dei inn att til vinteren.
Plantene frå drivhuset står på altanen og fyller opp og dei må eg få planta om og plasert ein eller annan plass. Aner ikkje kor.
Eg trur eg må redusere på potteplantene mine, dette går ikkje. Det er altfor mykje.

Eit par bilder i dag også. Dei er henta frå forrige fotografering. I dag ser det meste drukna ut.

Ein eller annan Meconopsis. Den er lavere enn dei andre storblomstra eg har. Ellers lik på grandis.


Millium effusum Aureum er flott i år.

søndag 17. mai 2009

Gratulerer med dagen.


Personligt så har eg nytta dagen til å slappe av. Eg synest eg har traska mange ganger nok i tog.
Så då har eg tid til å redigere nokre bilder. Det er veldigt mykje som blomstrer no så det er umuligt å vise alt, men ehr er nokre utvalgte bilder.
Først ut var Marisko. Cypripedium calceolus. Den fikk eg hos ein aHagegal i fjord og det er aller første gang eg ser den i blomst.


Aquilegia er lekkert. Dette er frøplanter og dei har ein herlig fargekombinasjon.

Den blå der husker eg ikkje navnet på men tulipanene i forkant er Tulipa Little Beauty trur eg. Igrunnen litt rart for dei eg har i sandbedet er avblomstra. Desse står i ein annan rabatt.

Her har den enkle formen av kvite dupper vikla seg inn i nokre tulipaner. Dei er nesten like fine i år som dei var i fjord.

Eit stemningsbilde. Bladverk er også flott.

Her har vi litt ørken.
Den delen av sandbedet som ikkje er ferdigt. Godt å ha litt plass å plante på.
Ellers så har eg ikkje fått gjort så mykje dei siste dagene men eg har rydda ramma der det gamle drivhuset sto. Dekka bunnen med aviser og bark. No står det ein del potter for salg/bytte der. Må lage til meir då vi skal ha hagevandring her i begynnelsen av juni.
Ellers så har eg slost med løvetannen. Eg trur han vinn.:)

mandag 11. mai 2009

Litt tulipaner


Men først ein blomstrende Camelia. Og dette er første gangen den blomstrer. Den er heldigvis ikkje heilt lik den andre eg har.

Tulips New Design


Her er ein botanisk. Tulipa linifolia heiter den og den er ganske liten og mektig lekker.
Eg har nok navn på dei flest under her, men eg orker ikkje å leite alle fram no.


Er dei ikkje fine.





Tulip Banja Luka






Dette er det stadiet på tulipanene eg liker aller best. Like før dei blomstrer av er dei viltre og uryddige. Denne starta som gul og enda opp som eit flammehav.
Tulipa Daydream er ein Darwin Hybrid og burde difor være enkel å få igjen.



Dette er ein gammal tulipan frå ein blandingspakke. Lekker.



Tulip Blue Diamond



Tulip Ronaldo


Ja det var ein liten smakebit på tulipanene mine. Eg har mange og dei er flotte alle.

I dag har eg planta det meste av det eg kjøpte på lørdag.

Desse havna i ein sprekk i berget;
Sempervivum Hey-Hey
Sempervivum arachnoideum
2 x Semp. mix Ein heilt rød og ein grøn med rød midte.
Phlox douglasii Cracker Jack

Desse i lunden;
Polystichum setiforum Proliferum
Onoclea sensibilis - begge er bregner.

Og desse i sandbedet;
Sedum spathulifolium
Erysimum Goldstaub
Phlox douglasii White Admiral
Phlox douglasii Red Admiral

Då er det bare ein kvit skunkkala, ein spesiell liten sypress og ein slyngende Hydrangea sargentiana som står på vent.

Ja eg har ein gul Magnolia på vent også.

søndag 10. mai 2009

Pus har fått kattunger.

Været har vore likt heile veka. Det har skifta frå sol til kraftige regnbyger. Og det er uråd å gjere noko i hagen. Den ser ein smule drukna ut for tida. Ikkje råd å ta bilder ein gang. Men det er heldigvis meldt bedre i frå i morgon av.
Så eg gikk ut i drivhuset for å gjere noko. Rydda eit brett for potter for det var på høg tid å prikle Meconopsisene. Dei er omteren dei eineste frøa eg har sådd inne i drivhuset i år, så då kan dei jo stå ei stund til. Det er greit å ha ein del ekstra av desse då det altid er spørsmål etter slike når det er hagevandring. Så eg prikla ganske mange potter av kvar sort. Det vil sei eg prikler ikkje, bare deler frøpotta opp i mindre biter. Dei står tett, og er skjøre.
Vell eg var godt over halvferdig då det smalt ei stor potte i golvet der inne. Eg blei ein smule irritert då eg såg att det var katten som hadde pressa seg opp i ei stor Brugmansiapotte. Eg stabler i høgden så ho hadde pressa bort den som stod og vagla oppå to andre store potter. Irritert tok eg tak i henne og løfta henne utav. Ho smatt oppat med det samme og stor blei eg i augene når eg såg det hang ein kattunge på utsida av potta.
Det var bare å gripe den klissete ungen og bære den inn i kassen på vaskerommet. Var lynsnar ute å henta katta slik at den ikkje skulle bli kald. Den var full i mold og tørre lauv så eg måtte hjelpe henne med å plukke bort det meste.
Ho har no fått 4 kattunger og er i særdeles fornøyd. Ho maler så kassen dirrer. :)
Ho har honge i beina på meg dei siste dagene og det har vore tydeligt at ho ikkje ville være aliene om dette. Ho mista det første kullet sitt då vi var bortreis ei helg. Aner ikkje kva som skjedde, men ho var gravid då vi reiste. Og tynnere då vi kom heim att. Og det var aldri noko melkeproduksjon.

Ellers så var eg på gartneriturne ipå Haugesundkanten i går med hagelaget. Vi var innom hos Ødegåren og på Spanne hagesenter i Haugesund. Ødegården besøker eg ganske ofte, men Spanne var nytt for meg. Og der hadde dei ganske mykje spennandes. For ein gangs skuld var eg målretta i handlinga mi. Sikla på nokre lønner og magnoliaer men aner ikkje kor eg skulle ha planta dei, så det blei for det meste slikt som kryper til sandbedet og nokre bregner til lunden. Liste får det bli ein annen gang.
Ja også fikk eg tak i eit par ipomoea. Dei har eg sikla etter i fleire år.

mandag 4. mai 2009

Og kva er så dette???


Ein journalist i min hage???


Nei to!!!!!
Nei ein og ein elev...


Og dette var noko av det dei fikk sjå i hagen.

Oversikt over grusbedet i år. Der er framdeles ein del som skal gjeres her.
Ei høggravid katt på slep.. Ho er plagsomt gneken for tida. Og ho sneik seg med på bortimot alle bildene som blei tadt av meg. Så eg ba om att dei måtte nevne at her blir det kattunger. He He
No har eg korigert nava på bildene deira. Dette blir nok ein blomsterreportasje med mange bilder fikk eg vite.
Og avisa heiter Kvinnheringen denne gangen.