tirsdag 25. januar 2011

Tid for mimring. Helleborus

Juleroser er ein av mine mange favoritter, og dei er kanskje dei blomstene som blomstrer først om våren her. Nokre av dei blomstrer faktisk på seinhøsten om det er mildt.
Nokre av desse har eg sådd og det gjeld den under. Den trur eg må være den flotteste eg har. Store anemoneforma blomster.



Fylte juleroser er ikkje så vanlige her i landet endå, men dei kjem for fult no.
Dei tofarga har eg sådd.
Har fleire.






Denne mørke er også sådd. Den veks fort og er lekker.

Muligt eg har sådd denne også, men det er eg ikkje sikker på. Kan være ein art. Er ikkje særligt oppsiktsvekkjande.

Denne er også ein art, men eg har ikkje navnet framfor meg her. Den har vore mykje soppbefenga.


X hybridus heiter dei fleste. Før blei dei kalt orientalis. Og denne er min elste julerose. Har delt av denne mange ganger og det tåler den godt. Står ein plass i rein blåleire og i fulstendig skygge. Og den er ein skikkelig rugg.

Sjølvsådd frøplante.





Helleborus argutifolius, grønn julerose. Over ein brokeblada variant. Desse har eg mangen av og ingen er heilt like. Desse skal IKKJE klippes ned.

Helleborus foetidus er også ei grønn julerose, Litt meir smekker og gresen.

søndag 23. januar 2011

Mot lysere tider

Ingen tvil om at no går det mot vår.
Var ute og klipte Julerosene i dag.

Det er lurt å gjere det på denne tida slik att ikkje dei nye blomsterknuppene får sopp og visner bort.
Temperaturen ligg i skrivende stund på vel 5 grader og det er grått ute. Men ein får alikevell ein liten følelse av vår. Men akk eg tviler på at den kjem endå sjølv om at eg ser det er fleire planter som står med springeferdige knupper. Trollhassel og blåveis er nokre av dei.
I går kom sola tilbake i hagen hos oss. Om den hadde vore her då. Så uansett så går det mot lysere og varmere dager.
I mellomtida så sår eg litt og lager litt strikkasmykker.
Trur eg skal prøve å selge nokre av dei. For no har eg laga fleire enn eg treng både til meg sjølv og til å gi bort.

Her er nokre av dei som er til overs.


Dette siste har eg 2 til av i kvit bakgrunn med blå og rosa roser. Har ikkje tadt bilde av dei. Under vises eit i svart. Det skal eg også lage fleire av. Nett dette skal eg ha sjølv.
Men her ser ein korleis dei ser ut på.
Anne's design. Desse finn du ikkje maken til.

fredag 14. januar 2011

Tid for mimring. Trillium

Trillium kurabayashii
Trillium er ei fasinerende slekt synest eg. Dei veks seint og er forholdsvis dyre i innkjøp. Og eg må innrømme att eg har kasta bort nokre kroner på små og dårlige knoller. Om dei i det heile har komt opp så har sniglene gjort kort prosess. Så dei er ei utfordring å halde liv i dei første åra.
Det har gått bedre etter att eg oppdaga at desse bortimot er sumpplanter. Dei liker å stå i luftig og fuktig jord. Leirjorda mi er fuktig men altfor tett.
Desse 2 første bildene er av planter imortert frå Tyskland. Dei var i vekst då eg kjøpte dei og knollene var forholdsvis store. Dei står i eit vannsig og ser ut til å trives med det.

Trillium chloropetalum 'Album'
Trillium erectum har stått altfor tørt og blei fytta i forfjord med det resultat att den ikkje viste seg i fjord. Eg har ikkje gitt opp håpet om å sjå den igjen for det hender faktisk at trillium gjer dette. Den kan finne på å holde seg i jord eit heilt år.

Trillium grandiflorum har store og flotte blomster. Denne har eg hadt i mangen år men den har bortimot stått i stampe. Så i fjord flytta eg denne eit lite stykke der jorda er luftigere. Håper det hjelper for dette er ei flott plante.
Bildet under viser ei plante som også er kjøpt som grandiflorum men den er ikkje så stor og har spissere blomster. Denne ser ut til å trives der den står.

Om eg er heldig har eg eit par til, men det er som sagt ei utfordring å holde liv i dei. Og ingen blomster har vist seg.
Eg har gitt opp å så desse så det er ei slekt eg kjøper planter av.



torsdag 13. januar 2011

Tid for mimring. Taraxacum


Taraxacum pseudoroseum


Taraxacum albidum


Taraxacum rubifolium

Ja du ser riktigt. Det er løvetann. Uten tvil ei av dei plantene som vekker oppsikt i hagen min. I tillegg til det vanlige ugraset som er gulblomstrande har eg innført rosa, kvit og rødblada. I framtida så kjem det til å være variasjon i veikantene i åsen ;)

Og eg synest dei er fine.
Dei regner eg med å sjå til våren ;)

onsdag 12. januar 2011

Tid for mimring. Cypripedium


Marisko er ein av mine store skatter. Her den Norske Cypripedium calceolus. Orkideer er ikkje det eg er flikest på så eg har mista nokre. Dei trivest ikkje så godt i leirjorda mi.
Men denne ser ut til å klare seg forholdsvis godt.
Etter å ha bearbeida jorda med masse sand, skjellsand, torv og kalk så ser dei andre ut til å klare seg bedre også.


Flavum har nok fått for mykje torv, for den har minka. Må flytte den til våren.

Mens desse aukar heldigvis sakte men sikkert. Denne er navnlaus men eg trur det kan være Regine.



Desse to bildene er av samme plante faktisk. Ulla Silkens. Utruligt kor forskjellige blomstene blir frå år til år.



Håper eg treff desse til våren igjen.

tirsdag 11. januar 2011

Tid for mimring. Pelargonium endlicherianum


Ja dette er eit storkenebb men i motsetning til dei andre nebba eg har så er denne vinterherdig.
Altså ei staude. Kor herdig den er veit eg ikkje.
Hos meg står den i sandbedet og har overlevd i 2 vintrer. Det blir spennandes å sjå om dei kjem oppat til våren for denne vinteren er jo spessiel med ei tjukk hinne med is i bedene.
Eg har to varianter av denne sådd frå 2 kilder. Den eine litt lysere enn den andre. Første bilde.
Ein skikkelig skatt i hagen. Håper eg framdeles har den når våren kjem.