onsdag 23. juni 2010

Skulle vore i seng

men kattungene er forsvunne og eg er litt urolig.
Kjetta ser ikkje så urolig ut så eg tipper eg bare må roe meg ned.

Innkjørslen vår er eit trasigt syn så eg tenkte eg skule prøve å sprite det litt opp.
Om eg hadde hadt meir takløk hadde eg lagt fleire.


Eg fikk også nokre urner på jobben her om dagen. Dei har fått fyll.


Dei skulle knuses. Det blei bare rista på hovudet då eg forklarte at det var det slitte utrykket eg var ute etter.

Når graset får summa seg litt trur eg dette kan bli bra.

Har ellers fleire ideer som involverer takløk men det får bli seinere.

Så ellers kor godt naboens Rhododendroner passer til mine Iriser.


Eg liker ton i ton.


søndag 20. juni 2010

Sommaren er her.

Men noko sommarvarme er det ikkje. Sol og 16 grader i dag. Det ligg eit kruskip i Rosendal og det svirrer eit heikopter over hovudet vårt. Eg trur turistene er på lufting.

Det har skjedd mykje sida sist eg skreiv. Og eg veit eg er altfor lite flink å skrive for tida.
Grunnen er enkel. Eg har hadt det travelt.
Hagen får altfor lite besøk av spaden og eg har vore på jobb. Det er litt uvant for meg som etter kvart har blitt vant med å styre tempoet sjølv. Men det er veldigt godt.
No har imidlertid arbeidsmengden minka kraftigt og eg ser fram til litt roligere dager før vi reiser på ferie. Det er riktignok ei stund til og vi venter inn feriegjester før den tid. Så heilt rolige dager blir det ikkje.

Eg har hadt 3 hagevandringer på 2 helger. Etne, Bømlo og det lokale hagelaget. Veldigt greit å komprimere det litt.
Har også vore til Etne på hagevandring. Hos Jørun og Ida Flesland. Det var ein flott hage.
Eit par bilder.




Vi var også innom Seascape. Der var det kvalper.


Ellers så må eg melde att vi har hadt hoggorm i hagen. Eg føler meg slettes ikkje heilt trygg når eg stikk nevene ned i dei tette beda mine. Ser meg litt ekstra rundt.



Bilder frå hagen følger seinere.