tirsdag 29. september 2009

Lenge sida sist

Ja no er det lenge sida eg har skrevet her.
Det har sin enkle grunn i att eg ikkje har vore frisk. Når magen slår seg vrang er det lammende. Det har pågått sida i midten av august. Har hadt perioder som har vore bedre men på slutten no blei det så galt at eg slutta å ete. Smerter kvalme og diare kvar gang eg putta noko inn. I tilleg har eg hadt ein kravlende følelse i heile kroppen. Har vore innom det som er av leger her og sistemann kom på at det kanskje kunne være parasitter eller amøber. Så i dag er eg begynna på flagyl og er allerede mykje bedre. Uroen i kroppen har lagt seg men eg veit enda ikkje om det er ein stabil bedring. Eg håper og trur det. For det var ikkje muligt å få ta prøver då eg var tom.

Så i dag har eg for første gang på lenge følt trang for å gjere noko. Og eg har difor båre ned ein del stueplanter frå drivhuset til planterommet. Og så har dei første pellisene og litt anna fått komme inn i drivhuset.
Eg har satt på frostvakta der ute då det ser ut som regnet har slutta. Det er ei kald luft her no og det var nysnø på Melderskin i dagtidligt.
Enten så er det meg som er litt utav kurs ellers så ser det ut som høsten er tidligere enn vanligt i år. Det er ikkje mykje som blomstrer i hagen no. Og det som framdeles står i blomst er mildt sagt drukna. Det har vore ein fryktelig våt haust.
Men no er det altså opplett og i skrivendes stund 4 grader. Så i morgon må eg få inn meir. Og særligt det mest ømtålelige.
Eg har framdeles masse som skulle vore gjort i beda. Blant anna ein del utplanting. Eg får nok drøye utesesongen litt lenger i år sida eg har vore utav drift. Hadde igrunnen lyst til å ta ein pause frå dette no men det er som sagt eit og anna som må gjeres.

Ha ein fin dag folkens.