fredag 25. mai 2012

 Ååå så dagene går. Det er ratt for fint til å sitte inne på dataen.
Har ellers hatt meg ein tur i sykebil til Haukeland sida sist. 
Allergisk reaksjon på paraset. Ja då, eg reagerer på alt muligt. Ganske slitsomt.
Over og under ein Erodium eg ikkje kjenner navnet på. Den er trufast og minst like stor i år som foregående år. Trur ikkje den set frø.
 Under ein annen Erodium som også ser ut til å være ein god sort. Kanskje endå meir laksefarga enn bildet viser. Denne blomstrar lenge og vel.
 
 Over den enkle formen av kvite dupper. Den er nok ganske så uvanlig i handel.
 Over Castilleja rhexifolia. Dette er ein halvparasitt. Det betyr at den gjerne lever i symbiose med andre planter. Er ikkje så sikker på om den er så kresen for hos meg sår den seg.  Men den veks stort sett blant Lewisiane mine.
 Rød rosenrot. Rhodiola Markus. Er enkel å ha med å gjere men hos meg står den nok vela tørt og magert i sandbedet.
 Ein av mange sjølvsådde Geranium phaeum
 Anemoner i diverse utgaver.
Svovelpeona er i gang. Ein av mine store stolthetar. 
 Og så til Meconopsisene.
Det er stort sett dei som høyrer til Lingholmene som er komt i blomst.
For nokre år side fikk eg den kjente Marit tilsendt frå ein blomstervenn. Trudde eg hadde planta den ein annen plass og at ho var død. Men dette kan være den. Eg er ikkje heilt sikker. Sår så mykje rart eg. Marit er steril så det vil vise seg når høsten nærmer seg.
Stor og flott er ho i alle fall.
 Denne einsome stilken stakk opp blant ugras. trur det må være Meconopsis x cookei. Den har mindre blomster enn M. punicea
 Og desse 2 høyrer til Lingholmene. Dei er ganske så variable. Den øverste er nok sådd som lilla. Og eg trur den kjem til å bli meir lilla når den sprett skikkeligt ut.
I neste post kjem eg til å vise bilder av ein liten sensasjon ;)
Ha ei fin Pinsehelg

fredag 18. mai 2012

 Ja så går no dagane. Eg var opperert på 16 mai. 17 reiste eg heim og i dag tar eg det rimeligt med ro. Eg er i forholdsvis god form men det er ikkje fritt for at eg har litt smerter.
Men det er mindre enn forventa igrunnen.
Så langt så godt.

Så eg får gjere det eg kan. Ta litt bilder og slappe av i solveggen. Ja det har vore litt sol i dag;)
Var igrunnen litt greit å sitte å sjå på att gubben slo plenen.
Over: judaspenger. Eg synest faktisk den blomsten er fin. Kan godt dyrkes for blomstene sin del den.
Under: Vortemelk. Gammel og god.

Over og under. Calta palustris Alba. Kvit bekkeblom. Denne har blomstra lenge og vel men som du ser har den framdeles mange knupper. Eg synest den er fotogen.
 Det samme gjeld duppesoleia. På nært hold er kvar liten blomst eit lite kunstverk.
 Geranium phaeum av noko slag. Dette er ei frøplante med ganske så lysegrønne blader.
 Paeonia 'Danukrito Hybrid' er altid den første Peona til å blomstre. Den set eit nytt blomsterskudd for kvart år. I år har den 4.
 Pulsatilla aurea. Gul kubjelle. Kanskje ikkje av det vanlige slaget men veldig fin.
Uvalaria sessilifolia. Og ja den står og trives i sandbedet.
Kanskje ikkje heilt etter boka.
 Gudeblomst av noko slag. Dei har eg mange sorter av og det er ikkje store forskjellen på dei.
 Denne har eg posta bilde av før. Denne primulaen er igrunnen litt spessiell. I år er dei fleste blomstene kvite. Det har vanligvis bare vore nokre få kvite blomster på desse. Det står ganske mange planter sammen.
Under ei Annemone eg slettes ikkje husker navnet på. Den er større enn kvitveisen men kan igrunnen ligne litt.
 Den Rosenrota over her lurer eg litt på. Har eg hatt den før?? Kan det hvirkelig være den lille kvasten av ei rosenrot eg fann i Lofoten i fjord? Hm. Den er i allefall nesten orange i blomsterknuppene og heilt ulik den vanlige.
 Her ein liten iberia som klamrar seg fast i ein tulipan. Du kan no lure på om den fortsatt er blant oss. ;)
Rødblada planter leiter eg stadigt etter, men kanskje er nokre av Peonene dei flotteste. Ein staut majestet. Treng den egentlig blomstre?
 Til slutt viser eg 3 bilder av ein Nomocaris aperta. Dette første bildet var i utgongspunktetet heilt håplast. Blomsten gikk i eit med bakgrunnen. Difor fann eg ut at eg skulle leike meg litt med det. Er veldigt fornøyd med resultatet.
Ei søt Kinaplante.
Ha ein fortsatt fin dag.


søndag 13. mai 2012

Liten tur til Høylandsbygd.

Eg  føler meg igrunnen ganske så priviligert.
Vi har så mykje. 
Ein nydelig kommune, med mykje spennandes å by på. 
Til og med i dei minste utkanbygdene våre.
I går heiv vi oss i bobilen for å besøke nokre venner vi kjenner frå bobilmiljøet. Dei bur på Halsnøy, ein annan del av kommunen vår.
Eit lite paradis på jord.
Og der bur det tydeligvis nokre svært kreative mennesker.
Bildet over er tatt på Høylandsbygd og det er av ein gammel skipsverftshall. 
Eit svært stort kunstverk.
Får nesten hjerteklapp når eg ser slikt eg;)
 Ein takk til Edel og Roy for att vi fikk kose oss sammen med dåke.
Det var ein veldig trivelig kveld.
Vertskapet og min mann Eivind i badestampen.
Disse skattane hadde eg med meg heim att. Dei er det Roy som har laga. 
Meget flotte synest eg.
Dei skal vi servere i på neste Bobiltreff;)

tirsdag 8. mai 2012

Ein tung dag.

 I dag slår eg i hel tid. Må gjere noko lystbetont.
I går låg eg i på Haukeland Sjukehus klargjort for opperasjon frå klokka var 7 til vel 14. Då fikk eg beskjed om att opperasjonen var kanselert.
Det er mykje eg kan sei om dette men eg har tatt det ut andre plasser. 
Men så mykje kan eg sei. Eg er ein smule deperimert i dag. Har venta lenge på denne opperasjonen.
 Men det blomstrar i hagen. Litt grått i dag så det blir ikkje solskinsbilder. ;)
Samme kan det være. Dei blir skjelden gode.
 Har holdt meg rundt huset med kamera i dag. Det var der eg fann dei beste motiva.
Blomsterbeda er begynna å bli frodige.
Under vises den største tuva mi med kvit hundetann. Den er aldeles nydelig.
 Over ganske så vanlige foredla Primula Veris. Dei har eg sådd og eg har dei i mange fargevarianter. Under ein litt spessiell orange.Den lyser ekstra opp.
 Endå ein fylt primula. Denne kjøpte eg i fjord så den er eit nytt bekjentskap. Ser ut til å være villig den også.
 Under Kusymre. primula vulgaris. Den liker seg ikkje hos meg. Her er det nok ikkje kalk nok.
 Det gjer derimot veisene. Her fylt kvitveis og under ein med blått auge. Den er ikkje så stor endå.
 I skogen der eg skjelden går, fann eg desse. Synest desse Hostaspirene hadde ein flott farge. Her inne i skogen er dei litt seinere enn andre plasser i hagen. Men det gjer ingen ting når eg finn slike skatter.
Under ein Arisaema på samme plass.
 Oppe i badekaret rett utafor husveggen blomstrar skunkkalaen endå. I år har den komt med 4 blomster og den fårste var der tidligt i mars.
Og løfter eg kameraet litte grann opp mot naboene ser eg dette.