torsdag 30. oktober 2008

Nesten ferdig.


I dag sette eg ned dei siste løkene. Og dei var faktisk begynna å mygle. Har lege i tette plastposer. Det var ingen god ide. Får håpe dei finn det for godt å komme opp alikevell.

Knollene er tatt opp og eg fatter ikkje kva eg skal med dei der georginene. Det er eit problem å finne ein plass til dei kvart år. Til neste år trur eg det får bli urner.

Har velta ein isoporkasse over eine cannaen. Det er ein test. Går det bra kjem eg til å plante ut dei andre til våren. Eg er no mektigt lei alle dei der ut og inn plantene.

Eg har også planta ut ein del andre varmeelskarar. Går det ikkje så går det ikkje. Calla (Zantedeschia) står midt i eit gjørmehol. Og eg har fortalt han att han har bare med å komme opp at til våren. Det er ikkje det, den står veldig grønn og fin no. Så den er kanskje litt forvirra.

No står det bare igjen 9 Brugmansiaer. Dei skal få stå til dei er blitt litt forfrosne. Dei har nemligt midd. Og eg akter å gjere det særs utriveligt for den. Den eine skal få stå. Den er planta ut under tak. Og det er også ein test.


Vi er framdeles like spreke og det er ikkje mange dagene eg ikkje har sykla. Trur snart ikkje eg møter eit menneske som ikkje kommenterer syklinga vår. He He. Eg føler meg allerede mykje meir opplagt.

onsdag 22. oktober 2008

Lekk akvarie.

I dag var det ein liten dam under det store akvariet. Og vi fikk det påskudde vi trang til å legge det ned. Eg trur vi har hatt akvarie i 25 år og vi har framdeles det lille på 60 liter. Men eg trur vi skal legge det ned også.

Akvariene har ikkje fått det stellet dei treng for å være fine det siste året. Og eg har bare håpt på at Malawiciklidene skulle dø. Har du først slike blir du ikkje kvitt dei. Og dei passer ikkje sammen med annen fisk. Vell det var liv i nokre av dei til i dag. No er dei behørigt avliva i kokvarmt vann. Den hauggamle kulieålen fikk lov til å gå over i det andre akvariet. Skal høyre om det er nokre av barna som vil ha det.

Vi regner med å være meir på reisefot i framtida og dess mindre arbeide for naboene dess bedre.

Det er igrunnen plenty nok med all vanninga.

Det er ein tanke tomt i kroken det sto i. Og eg er ikkje sikker på om eg skal kaste det eller prakke det på nokon. Det er nok bare å smørre litt silikon i skjøytene. Det står no utenfor og vasker seg i regnet. Her er ikkje plass til det inne og det stinker.

Sanden har eg slete bort i sandbedet og der skal lavasteinen også gå. Det var ein smule mørkt i kveld så det får bli ein annen dag.

Det var ikkje vær til å plante løk i dag heller så eg rydda istaden i drivhuset. Har no stabla ut alle dei pottene som ikkje spirte i år. Dei skal få stå ute over vinteren.

Det er framdeles mange krukker som står igjen ute og eg angrar skikkeligt på at eg ikkje tok dei før regntida sette inn. Burde snart ha lært dette. Det kjem jo ein syndeflod kvar eineste haust/vinter her på desse kanter. Pottene er tunge som bly og gubben er ikkje særlig villig til å hjelpe meg. Han er begynna å protestera på denne galskapen min. Og meiner eg ikkje bør ha slike store krukker. Vel eg regner med at han hjelper meg når eg inisterer.



Dagens bilde er ein magnoliaknupp. Denne Magnoliaen som eg ikkje kjenner navnet på småremonterer heile sesongen. Og den har store blomster.

mandag 20. oktober 2008

Dritvær

I dag er det eit forykandes vær. Det er lauv over alt. Men framst av alt er det ein syndeflod uten like. Og det regner på tvers. Eg var og kjørte min gamle mor i butikken slik at ho skulle få gjere litt innkjøp. Og eg var dyvåt før eg fikk henne ut av bilen og inn. Så eg beslutta at i dag er været eit hinder for sykling. Det er vinden som er værst. Att himmelens sluser er åpne handler då bare om skikkelige klær. Men eg er ikkje så sprek at eg klarer å sykle i stiv kuling.
Gubben derimot er vist det??... for han tok ut.
Han om det. Eg har pakka og sendt avgårde ein del frø i dag men eg har veldig mykje frø igjen. Så her er det bare å ta kontakt. Ellers så har eg mykje som burde vore gjort men det kjem ein dag i morgon også. Har mest lyst til å nyte innelivet i dag. Hage , potteplanter og husarbeide kan bare være. Eg må sjå til å bli ferdig med "Halvbroren" det har vist seg å være ei langdryg bok.

onsdag 15. oktober 2008

Pakke frå Eurobulb

Ja eg fikk den i går. Den brukte 3 dager frå holland til Oslo og 12 dager frå Oslo og hit. Det gjalp ikkje å purre. Eg var på høgget så eg tok kontakt andre dagen.
Erythroniumene er nok ødelagte og eine Hippeastrumen har nokre særdeles kvite ig forvridde blomsterstengler. Trur ikkje eg får nokon glede av den i år. Så spørst det om eg får den til igjen.
Det var også ein blomstrende og tørr tidløs med på lasset. Håper den står det over og kjem tilbake til neste år. Den var nemlig kvit.
Her er det eg kjøpte.

1 st Allium Fore Lock ®
1 st Allium gladiator
1 pk Chionodoxa luciliae Alba
1 pk Chionodoxa luciliae ‘Violet Beauty’ ®
1 pk Chionodoxa sardensis
1 st Eremurus Cleopatra
3 stk Erythronium Snowflake
3 st Fritillaria rubra
1 st Fritillaria davisii
1 st Fritillaria elwesii
1 st Fritillaria acmopetala
1 pk Hyacinthoides non-scripta (nutans)
1 pk Iris reticulata Cantab
1 pk Iris bucharica
1 pk Muscari armeniacum Cantab
1 pk Muscari ambrosiacum (muscarimi)
1 pk Ipheion Wisley Blue
1 st Dracunculus vulgaris
1 pk Scilla bifolia
1 st Trillium catesbaei
1 pk Crocus chrysanthus Dorothy
1 pk Crocus chrysanthus Ladykiller
1 pk Crocus chrysanthus Romance
1 pk Crocus chrysanthus Snowbunting
1 pk Crocus chrysanthus. Zwanenburg Bronze
1 pk Crocus sieberi Fire Fly
1 pk Crocus versicolor Picturatus
1 pk Crocus Yalta
1 pk Narcissus Curlew
1 pk Narcissus odorus 'Plenus'
1 pk Narcissus Tripartite
2 pk Tulip Antoinette ®
2 pk Tulip Candy Club
2 pk Tulip Fringed Family
2 pk Tulip Happy Family
2 pk Tulip Banja Luka
2pk Tulip Daydream
2 pk Tulip Pink Impression
2pk Tulip Dordogne
2 pk Tulip Dreamland
2 pk Tulip Happy Generation
2 pk Tulip Flaming Purissima
2 pk Tulip Lambada
2 pk Tulip Angelique
2 pk Tulip Blue Diamond
2 pk Tulip Creme Upstar
2 pk Tulip Fur Elise
3 pk Tulip Maytime
2 pk Tulip Ronaldo ®
2 pk Tulips New Design
1 pk Tulipa linifolia
1 pk Tulipa Little Princess
1 pk Tulip China Town
1 st Colchicum autumnale Album
1 st Colchicum pannonicum
1 st Colchicum autumnale Pleniflorum
1 pk Crocus sativus
1 pk Crocus speciosus Albus
1 st Hippeastrum Giraffe ®
1 st Hippeastrum Evergreen ®
1 st Hippeastrum Charisma

Har planta ut alle småløkene i dag. No har eg bare ein stor kasse med tulipaner igjen.
Og eg er spent på om eg rekk det før helga.
Eg skal til Utne å halde såkurs på fredag så då tar vi bobilen med.
Eg er ikkje ferdig med å pakke frø, men eg har ein kakeboks full så det held kanskje.

Ellers så er det sykkling som står på agendaen for tida. Vi har vore meget spreke sida vi fikk dei nye syklene. Regn vind og mørke er intet hinder. Det er bare forfriskende. Det er også veldigt kjekt å gjere noko samman.
Vi må vel ha med nokre bilder i dag også.

Høst. Utsikt mot Rosendal. Dette bilde er tatt på altanen.
Holmen er farga i høstdrakt.
Dagens blomst er ein av ingefærene mine. Husker ikkje navnet i farten. Det er ei stor flott plante med store blader. Den gir eit eksotisk inntrykk. Eg må sikkert ta den inn snart.

Har vanna med Calypso på planterommet i dag