torsdag 30. oktober 2008

Nesten ferdig.


I dag sette eg ned dei siste løkene. Og dei var faktisk begynna å mygle. Har lege i tette plastposer. Det var ingen god ide. Får håpe dei finn det for godt å komme opp alikevell.

Knollene er tatt opp og eg fatter ikkje kva eg skal med dei der georginene. Det er eit problem å finne ein plass til dei kvart år. Til neste år trur eg det får bli urner.

Har velta ein isoporkasse over eine cannaen. Det er ein test. Går det bra kjem eg til å plante ut dei andre til våren. Eg er no mektigt lei alle dei der ut og inn plantene.

Eg har også planta ut ein del andre varmeelskarar. Går det ikkje så går det ikkje. Calla (Zantedeschia) står midt i eit gjørmehol. Og eg har fortalt han att han har bare med å komme opp at til våren. Det er ikkje det, den står veldig grønn og fin no. Så den er kanskje litt forvirra.

No står det bare igjen 9 Brugmansiaer. Dei skal få stå til dei er blitt litt forfrosne. Dei har nemligt midd. Og eg akter å gjere det særs utriveligt for den. Den eine skal få stå. Den er planta ut under tak. Og det er også ein test.


Vi er framdeles like spreke og det er ikkje mange dagene eg ikkje har sykla. Trur snart ikkje eg møter eit menneske som ikkje kommenterer syklinga vår. He He. Eg føler meg allerede mykje meir opplagt.

1 kommentar:

smgj sa...

Hmm... tenk så deilig om vi kunne slippe å spa opp georginene (sa hun som har 5-6 løpemeter med georginer 3 i dybden å såa opp) ...