tirsdag 12. april 2011

No skjer det i hagen

Ingen ting er som når sola skin i krokusene.
Det livner til borte i sandbedet også. Her ein sjølvsådd Draba.
Det er liv i denne Cardaminen også. Synd att fargen aldri blir heilt riktig på bilde.
Har diverse Chinodoxa i blomst.
Crocus tommasinianus kjem i diverse varianter. Her ein tofarga.
Iris Katharine Hodgkin er trufast. Dei aukar litt kvart år.
Hepatika transilvanica Alba blomstrer endelig. Sniglene åt den nesten opp i fjord.
Ein annen blåveis. Mangen kronblad.
Humla surrer og koser seg.
Og så har vi froskene. Dei storkoser seg for tida. Har talt til 19 frosk i badekaret men eg trur der er fleire. Dei har allerede lagt ein del egg.
Dei er vist blitt ganske vane med oss for dei bryr seg ikkje så mykje om meg.

Uanstendige er dei også. :)
Det er hærligt med vår.

onsdag 6. april 2011


Då har eg vore ute med videokameraet og fotografert. Er ikkje videre imponert over kvaliteten men det får gå. Vintersjersmine.
Våren er grå og våt i år men det er ganske varmt her for tida. Frå 8 grader og oppover til 14.
Klosterklokkene synger på siste værset. Men dei er eg veldigt glad i. Har dei mange plasser.
Og sida eg er lat kjem det nokre annleggsbilder midt innimellom blomstene. Her skal det bli dam i to høgder med fossefall mellom. Og stor sitteplass på toppen.


Peonene er godt i gang. Dette er den tidligste min. 2 knupper i år også.

Corydalis som nesten går i ett med terenget. Men når ein studerer den er den lekker.

Krokuser er det mange av men dei er lukka og ganske kjedelige i regnværeet. Så det får være bilder av dei vanligeste.

Våriris i blomst.

Denne julerosa viser ein ekstra flott vinterfarge gitt. Den har eg sådd og den var grønn i fjord med røde nerver i bladene.

Ein av blåveisene. Dei andre hang ikkje på film. ;)

Meir Corydalis. Denne synest derimot veldigt godt.

Nokre plasser er det bra blomstring.

Vinterblomen er sein i år.

Ei julerose som meir eller mindre går i ett med terenget.

Og sist men ikkje minst. Den første Rhododendroen i blomst. Den stakkars busken har ikkje hadt det godt dei siste åra, men no er nabobusken fjerna.

fredag 1. april 2011

Herlige dager i hagen.

Har liksom ikkje synest det har vore noko kjekt å skrive innlegg i vår då kameraet mitt er til reperasjon. Føler meg heilt hjelpelaus uten det.
I dag har det ikkje vore så kjempefint vær men det har vore opplett inntil i kveld og sola har vore framme med gjevne mellomrom. Ypperligt vær til å hage. Difor har eg rydda bedet ved veien. Det ligg i delvis skygge og det er kjedeligt å jobbe der når sola skin. :)
Eg har også flytta ganske store mengder med jord då han der graveren hadde gravd ned ein del planter ved påfylling av jord i det andre bedet på nedsida. No er det klart til å plantes i. Det kjekkeste eg veit. :))))

Å renske beda på våren hos meg er ikkje gjort i ei handavending. Eg har faktisk holdt på med det ei stund no og kan vell sei eg er komt halvveis. Så om eg blir ferdig før påske er ikkje sikkert. Kjem ann på været. For eg hager ikkje i regnvær.

Så til det eg skulle hadt kameraet til. Blåveiser, krokkuser, vinterbomer, primula, julerose og sjølvsagt snøklokker og klosterklokker. Dei siste er på siste verset.
Beda er i ferd med å ta farger igjen.

Har vist ikkje nevnt att vi har hadt gravemaskin her. Forrarbeidet til 2 dammer og ein sitteplass er på plass. No gjennstår det støyping i dammene. Sitteplassen bør også støypes plate på men den er fult brukendens føreløbigt. Eg hadde håpt att eg skulle få hagestue der borte i år men føler meg slettes ikkje sikker på det. Ønsker meg det til 50 årsdagen. Burde vell annonsert dugnad då. Nips ville eg i allefall ikkje ha. :) ( det blir sent i retur)

Ellers så lager eg 'nips' sjølv for tida. Fått heilt dilla på smykkelaging og eg har laga butikk her. Anne's Design

Her eit lite eksempel.