tirsdag 28. juni 2011

Paeoner i lange baner...


Ja det er Paeoniatid Og regnet høljer ned. Og det betyr att mange av dei ligg heilt andre plasser enn dei burde være. Har tadt inn nokre og det dufter så kraftigt her inne at eg er litt småsvimmel. Måtte flytte vasen til ein mindre sentral plass i stua.
Den over står imidlertid oppreist endå og det på trass av dei enorme blomstene. Eg trur dette er Mons. Martin Cahuzac . Men det er ikkje godt å vite.
Den under kan være Paeonia officinalis "Rubra plena" men eg er ikkje sikker på det heller.

Den under her er veldig flott. Har mindre blomster og skjer litt meir mot blått enn den første. Trur det er Paeonia Seedling Krasnovy.

Kva den under er er ikkje lett å vite men den kjem også frå peonynursery. Eg bestilte ganske mange derfrå i si tid og nokre er avgått med døden. Den har enorme blomster som ikkje har tålt regnet.
KoblingDen under har eg vist bilde av i forrige innlegg. No har den sprunget ut og eg har komt til at dette er Nadia. Ein forholdsvis liten blomst. Heile planta er nedknokken så den er kraftigt sett tilbake.

Den under har stått i hagen i ganske mangen år og den er ein kamelon. Alt frå rosa til kvit med gult auga.

Og så over til noko anna. Centaurea cheiranthifolia er veldig flott. Sådd frå villinsamla frø. Har aldri sitt denne i salg.

Rodgersia har sjarmerande blomster. Her ein ikkje heilt vanlig sort som eg har mista navnet på. Den har mindre blader enn dei vanligeste.

Ryllik kjem i mange varianter. Denne er sikkert over 120 cm og med grove blomster og blader. Og den finn eg ikkje navnet på i farten.

Må også leite etter navnet på denne Geraniumen. Den har eg i fleire nyanser.

Kjent rødblada busk. Den dyrker vi for bladene si skuld men eg synest blomstene er flotte også.

Meconopsisene er virkelig sære i fargene i år. Pastellilla.

Lys M. horridula. Den høyrer ikkje til dei vanlige for å sei det slik. Synd ei dør etter blomstring.

Om denne irsen er fin eller ikkje kan sikker diskuteres. Det er ein Iris pseudacorus av noko slag.

Det samme gjeld den under. Den er derimot fin men bildet blei ikkje så fint.

Sistemann ut er kanskje den flotteste irisen eg har. Den har digre blomster men ligner på ein Sibirica. Trur det må være ein Tambergiris.

fredag 24. juni 2011

Litt meir blomster. Form og farge.


Hurdalsrosa er fin i år om ein ser bort frå dei døde greinene. Eg har ikkje rukket å klippe hverken den eller sommarfuglbusken bak.
Rosa synest virkelig godt når den blomstrer. Det er ikkje nokon liten busk.

I går hadde eg besøk og vi sat ute i hagen og naut ein kopp med te då eg høyrde det snakka oppe i veien. ' Kjenne du kor godt det luktar' var noko av det som blei sagt. Det var turgåere som tok seg ekstra god tid og kikka over blomstene mine. Eg veit det er ein del som legg turen over åsen for blant anna å følge med i hagen min. Det liker eg. :)


Den kvite martagonlilja er den flotteste av alle mine martagoner synest eg. Spanderer 2 bilder av den.
Ellers så vill eg nevne att det er fleire av mine martagoner som har visna ned før blomstring i år. Og eg skjønner ikkje kva det er som gjer det. Ein sjukdom kanskje.

Ein særdeles lilla Meconopsis Rudis

Ein kompakt og flott takløk. Denne veks i ein sprekk i berget mitt.

Primulaen under har segla inn som ein ny primulafavoritt. Den har stått i hagen i fleire år men eg har igrunnen betrakta den som kjedelig. Men i år har eg fått opp augene for fargen på denne. Ein nydelig kombinasjonsfarge. Og dessuten så dufter den noko aldeles nydelig.
Denne skal eg ha fleire av. Har den i gulorange også men det er denne fargen som tok meg. Primula aurantiaca trur eg. Men egentlig så ligner den på Primula bulleyana men den har eg ikkje sådd.

Primula flaccida er også flott. Den ser ut til å være ein av dei som kjem igjen. Har mista ein del primula i vinter.

Denne siste her finn eg ikkje navnet på. Den er også meget fin. Liker spessielt at blomstene endrer farge med alderen.

Litt Geranium. Geranium clarkei Kasmir Purple er ein kompakt og svært riktblomstrende sak. Ein av dei fine. Liker også fargen på den. Nesten lilla.

Geranium pratense 'Purple Hace' er ein stor flott G. Den har ganske burgunder blader om våren. Dei endrar farge mot grønt utover sesongen men blir aldri heilt grønne. Om hausten får den ein flott haustfarge. Eg har fleire med burgunderfarga bladverk som held bedre på fargen. Denne ruggen har eg bestemst skal flytte. Men ikkje endå.

Ei Peon bare for bildet sin del. Aner ikkje navn.

Denne meiner eg skulle være veldig mørkerød. Eg er skuffa for denne har eg venta lenge på blomster av. Og så er den feil. :(

Denne er eg derimot fornøgd med. Den blomstrer for første gang og det skal bli ei utfordring å finne ut navnet då merkelappen er borte for lenge sida. Har også venta nokre år på denne.

Og godt gjemt innunder bladverket på ei lita buskpeon fann eg denne. Det er den minste peonblomsten eg har sitt. Ca 5 cm i dimeter.


Så kjem vi til forma. Ingen hemmelighet att eg liker bladverk.


Ein liten rosebusk til slutt. Var det mandarin mon tru?

mandag 20. juni 2011

Ikkje noko til sommar.

Slik ser det ut på ein vanlig dag her i sommar. Vått grått og trist. Så er vi heldige og ser ei solglytt innimellom.
Det ser imidlertid ikkje ut som att blomstene bryr seg om det.

Har flytta på nokre planter. Ingen problem når vår herre vanner så titt.
Dette bedet har det igrunnen ikkje vore noko skikk på. Og det burde det være sida det ligg ganske så sentralt i hagen. Er igrunnen ganske fornøyd no.

Så får eg vell vise nokre blomsterbilder. Gulsøta er flott. Her har den selskap av
Sanguisorba menziesii



Meconopsisene er sære i år. Meconopsis napaulensis med to farger på samme blomsten.

Disentra, men husker eg navnet? Nei.

Ikkje greit å være liten. Her trur eg det må bli den store som må flytte. Hosta Striptese.

Ein Aconitum, men den har eg mest sansynligt mista navnet på. Eg har ganske mange å velge imellom men mangler stadigt den rosa. Dei er giftige men eg synest dette er flotte planter.
Ein Martagonhybrid. Lilium martagon 'Erly Bird' er trufast kvart år. Martagonene er forøvrigt mine favorittliljer.

Får vell ta med eit bilde av ein Hosta også. Denne har eg mista navnet på, men den er ein av dei flotteste eg har. Liker den spessielt godt pga den vaseforma veksten. Lange og ranke blader. Det kjem ikkje så godt fram på bildet.

Eg er spessielt glad i dei litt seinere Primulaene. Denne er flott. Har ikkje navnet nett her.
Eg har mista mange Primulaer i vinter men denne står flottere i år enn i fjord.

Ein sjølvsådd geranium. Barn av Clarkei Kashmir White. Den er større enn sin mor så eg tipper far er ein pratense. Uryddig i veksten og med store blomster.

Ei veldig lav lilje. 25 cm ca. Aner ikkje kor eg har den frå. Kan være sådd eller så kjem ho frå Kina og er feilmerka. Men fin er ho.

Så var det den veto då. Slår ned høge og flotte Verbaskumer.

Meconopsis horridula i litt merkelige farger. Skal være som den mørke.

Nomocharisen nyter sommarregnet. Den er vell den eineste planta eg har som vill ha fuktige somrar.

Delphinium cashmerianum er ein lav Ridderspore som har blitt riktig flott i år. Ser ut som den får stå ifred for sniglene.

Lilium pyrenaicum er også ei lilje eg holder av. Den er frodig og flott og sprer seg godt. Ser ut som att eg har sådd denne nokre ganger for eg har etter kvart 4 bestander av denne.