torsdag 22. april 2010

Fadern så tida går.



Eg rekk nesten ikkje å gjere noko for tida.
Er på jobb 3 dager i veka og stortrives med det. No er jo bobilsesongen i gang også, så hagen kjem i siste rekke.
På mandag er det avslutning på depresjonsmestringskurset, så då får eg i alle fall fri den ettermiddagen.
Eg er begynna å rydde i beda men det går så tregt. Det ligg ein dunge med kvist og rask på plenen og venter på kverna.
Mesteparten av rosene er klipt men det er mykje tørre stilker igjen i beda. Er vell heldig om eg nokon gang kjem så langt att eg får luka. Det er heldigvis ikkje så mykje ugras endå.
Eg har ikkje sett meg nokre mål i år. Blir bare veldigt glad om dei prosjekta som er påbegynt blir ferdige. Gubben har momla noko om å gjere noko borti det som skal bli dam. Han påstår att det er hans prosjekt og eg får være fornøyd med det slik han har tengt å lage det til.
Nett det er eit delikat problem for eg har det ganske klart i mitt hode korleis eg vil ha det. MEN om eg blander meg for mykje, er det fare for att han legg ned arbeide. (Kjenner eg han rett)Så her må eg nok bruke litt taktikk.

Fikk ikkje med liste over det eg kjøpte på blomstertorget i Amsterdam i forrige innlegg.
Så det kjem her.
Paeonia Primevere (skal være limegrønn)
Paeonia Sword Dance (rød med gul kjerne)
Iris louisiana Jack attack
Hosta White Feather (nesten kvite blader)
Lilium Annemarie's Dream (fylt kvit)
Lilium Beverly Dream
Lilium Black Beauty

Og kvifor kjøper eg så liljer? ? ? Dei blomstrer jo stort sett når vi er på ferie.
I år håper eg på å forskyve ferien litt ut mot høsten. Ikkje på grunn av liljene altså men på grunn av at det er eit nytt barnebarn på vei. Annkomst midt i juli.

Litt bilder frå hagen.


Corydalis solida


Primula magnifica
Primula denticulata Alba

Primula veris

Primula Johanna

lørdag 17. april 2010

Påsketuren vår.



Ein liten raport frå Bobilturen vår til Holland og Tyskland.
Eg ser det er begrensa vi har tadt med bilder. Nokre er tatt med gubben sin mobil og nokre med speireflekskameraet. Det er eit herk å dra på dette store kameraet når ein er på bytur og det er ikkje mange bilder som er tadt i Amsterdam. Men her er eit av dei.

Her er vi inne i ei katolsk kyrkje som hadde vore like innteresang å fotografere frå utsida. Den såg nemlig ut som ein vanlig leiegård. Dette for å skjule den.
Her er ei som har fått for store sko. Nei det er ikkje meg. Men det var vert å fotografere. He he.

Litt om turen. Dette var ein fellestur arangert av Bobilklubben. Og eg trur det var 36 Norske biler i følget. Vi reiste 5 og 5 biler i sammen og hadde då samme mål alle 36. Den gruppa vi kom i var eit hyggeligt knippe mennesker. Eg legg ikkje ut navn på bildene mine då eg ikkje har innhenta tilladelse til det. Om det er nokon som ser seg sjølv her og ikkje vil være med må i så tilfelle gi meg beskjed.

No ligg papirene om reiseruta og navna på campingplassene i bobilen, så eg sløyfer desse.
Dei er ikkje så viktige.
Vi møtte alle bilene like innafor grensa i Tyskland og overnatta der på parkeringen til eit stort handlesenter. Dagen etterpå reiste vi mot Holland. Målet var Amsterdam. Vi budde eit godt stykke utenfor sentrum og eg kunne holdt ein lang beretning om korleis vi kom oss inn og ut av byen. Vi prøvde både buss, taxi og metro og dei var alle ei oppleving. Men eg begrenser det til å fortelle at min mann nesten fikk bot på metroen for å røyke. Vi sa som sandt var att vi ikkje viste det var forbudt, og han slapp med ein advarsel.
Amsterdam er ein spennandes by og vi var både på bussomvisning og på Kanaltur. Litt ustadigt vær men eit flott opphold


Her er vi på eit ysteri og treskofabrikk.

Mykje suvenirer her.


Etter 2 dager i Amsterdam sette vi nasa mot Tyskland igjen. Her har vi oss ein rast.

Vi reiste over dikene på tilbaketuren. Her har 2 grupper rasta. Vår bil er nr 3.

Her står madammen og held på hua. Det var skikkeligt surt der.


Her er vi annkomne campingen i Tyskland 2 dager seinere. Ganske fint vær men litt kaldt.


Første kvelden var det bufee på ein lokal spiseplass. Det har eg vist ikkje bilde frå men der var det masse god Tysk mat. Veldigt koseligt.
Andre kvelden var det bålbrenning ved campingen med trekkspelmusikk, salg av mat og drikke.

Her to av karene. Han til venstre i tova filthatt er min mann.
Og under er madammen sjølv.


Slik skåles det.

Og her er trekspelkarene igang.

Slik blei bålet mata. Det såg til tider skummelt ut då det blei kjørt heilt inn i flammene.

Vi braut opp og forlot denne campingen dagen etterpå og slo oss då sammen eit par frå Stord. Bestemte oss for å ta eit par ekstra dager, og vi overnatta både i Danmark og i Sverige på heimveien. Var innom diverse handlesenter, innkludert det berykta Ullared.
Takk for ein hyggelig tur til reisefølget vårt om dåke leser dette. Vi koste oss serdeles på denne turen. Det frister til gjenntagelse.

lørdag 10. april 2010

Lenge sida sist.

Helleborus transsilvanica.

Det blir lenge melleom innlegga mine ser eg, men eg skal prøve å være flinkere frammover no.
Med meg går det no mykje bedre og eg er for tida travelt opptatt. Har jobba meg gjennom angsten og er no på bedringens vei. Starta her tidligere å jobbe på gartneri. Der er eg når det passer meg. Sånn ca 3 dager i veka. Dei andre dagene har eg fylt opp med terapaut og diverse. Men no har ho friskmeldt meg. Så no vil eg konsentrere meg om hagen dei dagene eg ikkje er i gartneriet. Der er mykje som må gjeres. Er på etterskudd i år.
Eg har gått på kurs i depresjonshåndterin og har bare to vedlikeholdskvelder igjen der. Det var veldigt nyttigt. Føler meg no bedre rusta om denne dritten skulle komme snikende tilbake. Eg er no bedre kjent med symtomene og har gode redskaper for å halde dei borte.

Vi har vore på bobiltur til Europa deriblandt Amsterdam. Det får eg skrive om ein annen dag då eg ikkje har alle bildene på min maskin.

Men no vil eg vise nokre få bilder frå hagen. Det er så mykje som blomstrer no, men blåveisene er eg spessielt stolt av. Mangen av desse blomstrer for første gang.


Her er Hepatika Henry. Den ser frisk og fin ut etter første vinter ute.

H. nob. Alba.

H. t. Rosea Auslese

Og denne fylt rosa. Den har eg hadt i 3 år men det er første gangen den blomstrer. Heile 4 blomster er det på den.

2 Helleboruser som eg har dyrka fram frå frø. Veldigt spennande når dei blomstrer for første gang. Den mørke blomstrer for 2 gang og har i år mange blomster.