torsdag 22. april 2010

Fadern så tida går.



Eg rekk nesten ikkje å gjere noko for tida.
Er på jobb 3 dager i veka og stortrives med det. No er jo bobilsesongen i gang også, så hagen kjem i siste rekke.
På mandag er det avslutning på depresjonsmestringskurset, så då får eg i alle fall fri den ettermiddagen.
Eg er begynna å rydde i beda men det går så tregt. Det ligg ein dunge med kvist og rask på plenen og venter på kverna.
Mesteparten av rosene er klipt men det er mykje tørre stilker igjen i beda. Er vell heldig om eg nokon gang kjem så langt att eg får luka. Det er heldigvis ikkje så mykje ugras endå.
Eg har ikkje sett meg nokre mål i år. Blir bare veldigt glad om dei prosjekta som er påbegynt blir ferdige. Gubben har momla noko om å gjere noko borti det som skal bli dam. Han påstår att det er hans prosjekt og eg får være fornøyd med det slik han har tengt å lage det til.
Nett det er eit delikat problem for eg har det ganske klart i mitt hode korleis eg vil ha det. MEN om eg blander meg for mykje, er det fare for att han legg ned arbeide. (Kjenner eg han rett)Så her må eg nok bruke litt taktikk.

Fikk ikkje med liste over det eg kjøpte på blomstertorget i Amsterdam i forrige innlegg.
Så det kjem her.
Paeonia Primevere (skal være limegrønn)
Paeonia Sword Dance (rød med gul kjerne)
Iris louisiana Jack attack
Hosta White Feather (nesten kvite blader)
Lilium Annemarie's Dream (fylt kvit)
Lilium Beverly Dream
Lilium Black Beauty

Og kvifor kjøper eg så liljer? ? ? Dei blomstrer jo stort sett når vi er på ferie.
I år håper eg på å forskyve ferien litt ut mot høsten. Ikkje på grunn av liljene altså men på grunn av at det er eit nytt barnebarn på vei. Annkomst midt i juli.

Litt bilder frå hagen.


Corydalis solida


Primula magnifica
Primula denticulata Alba

Primula veris

Primula Johanna

2 kommentarer:

Mariann sa...

Så mye fint som blomstrer hos deg allerede. Spennende saker du hadde med fra Holland og.
Her er det og mye som burde vært gjort ute, men det frister ikke når det er så kaldt.

Ninni sa...

Hei Anne! Takk for kommentaren hos meg, jeg heller til å tro at det er de kalde vårene de to siste årene som forårsaker den lilla farven. Vi får se neste år, om det blir en varm vår og de fortsatt er lilla, har de rett og slett mutert.