søndag 20. juni 2010

Sommaren er her.

Men noko sommarvarme er det ikkje. Sol og 16 grader i dag. Det ligg eit kruskip i Rosendal og det svirrer eit heikopter over hovudet vårt. Eg trur turistene er på lufting.

Det har skjedd mykje sida sist eg skreiv. Og eg veit eg er altfor lite flink å skrive for tida.
Grunnen er enkel. Eg har hadt det travelt.
Hagen får altfor lite besøk av spaden og eg har vore på jobb. Det er litt uvant for meg som etter kvart har blitt vant med å styre tempoet sjølv. Men det er veldigt godt.
No har imidlertid arbeidsmengden minka kraftigt og eg ser fram til litt roligere dager før vi reiser på ferie. Det er riktignok ei stund til og vi venter inn feriegjester før den tid. Så heilt rolige dager blir det ikkje.

Eg har hadt 3 hagevandringer på 2 helger. Etne, Bømlo og det lokale hagelaget. Veldigt greit å komprimere det litt.
Har også vore til Etne på hagevandring. Hos Jørun og Ida Flesland. Det var ein flott hage.
Eit par bilder.




Vi var også innom Seascape. Der var det kvalper.


Ellers så må eg melde att vi har hadt hoggorm i hagen. Eg føler meg slettes ikkje heilt trygg når eg stikk nevene ned i dei tette beda mine. Ser meg litt ekstra rundt.



Bilder frå hagen følger seinere.

2 kommentarer:

Lizbeth sa...

Synd eg ikkje fekk med meg hagevandringa hos deg, men hadde desverre arbeidshelg.Ser fram til sommarbilder frå hagen din istadenfor. :) Hoggorm i hagen??!!Høyres svært lite kjekt ut ja.

Berit sa...

Hoggorm er flotte å se på, men helst på avstand, takk! Ville ikke likt å ha dem i hagen. Du får trampe godt når du går, så stikker de gjerne av.