fredag 26. august 2011


Det er høst men det er framdeles ganske mykje som blomstrer endå. Været er det du kan kalle ustabilt for tida. I eine øyeblikket så høljeregner det i neste så skin sola. Nokre ganger varer det ein heil dag andre ganger i timer.
Eg har no innimellom slaga vore ute å slost mot ugraset. Då vi kom heim frå ferie var det heilt overgrodd enkelte plasser. Er redd eg ikkje rekk å ta alt før vinteren kjem. Men det får så være.
Har prioritert litt andre ting som trening på helsestudio og slikt. Kroppen er rusten og treng smørjing.

Desse liljene dufter herligt og dei har stått i ein mnd no. Her har eg ikkje vore å luka endå.

Denne skogssøten er ein av favorittgentianaene mine. Den er vanlig men den fineste av dei eg har.

Echinacea purpurea Hott Summer er ny av året og den har ein diger blomst. I tillegg så har nett denne blomsten stått i alle fall sida 8.08. Då fotograferte eg den for første gang. Så den har altså stått i over 18 dager. Håper eg får denne planta til å trives. Er litt plaga med snigler på desse.


Dei seine liljen er nett begynna å blomstre. Dei har alle ein lei tendens til å legge seg ned. Veit ikkje om det er været eller om deihar svake stilker. Får prøve å huske å lage ei støtte til dei til våren.


Nett denne røde står fjellstøtt. Og den lyser der den står.


Ein søt liten sak som eg ikkje husker navnet på i farten. Den har blomstra mange ganger men den har gjort det når eg ikkje har sitt den. Kvar blom varer tydeligtvis ganske kort. Denne lever i potte og må inn om vinteren.

Ha ein fin dag.