søndag 10. mai 2009

Pus har fått kattunger.

Været har vore likt heile veka. Det har skifta frå sol til kraftige regnbyger. Og det er uråd å gjere noko i hagen. Den ser ein smule drukna ut for tida. Ikkje råd å ta bilder ein gang. Men det er heldigvis meldt bedre i frå i morgon av.
Så eg gikk ut i drivhuset for å gjere noko. Rydda eit brett for potter for det var på høg tid å prikle Meconopsisene. Dei er omteren dei eineste frøa eg har sådd inne i drivhuset i år, så då kan dei jo stå ei stund til. Det er greit å ha ein del ekstra av desse då det altid er spørsmål etter slike når det er hagevandring. Så eg prikla ganske mange potter av kvar sort. Det vil sei eg prikler ikkje, bare deler frøpotta opp i mindre biter. Dei står tett, og er skjøre.
Vell eg var godt over halvferdig då det smalt ei stor potte i golvet der inne. Eg blei ein smule irritert då eg såg att det var katten som hadde pressa seg opp i ei stor Brugmansiapotte. Eg stabler i høgden så ho hadde pressa bort den som stod og vagla oppå to andre store potter. Irritert tok eg tak i henne og løfta henne utav. Ho smatt oppat med det samme og stor blei eg i augene når eg såg det hang ein kattunge på utsida av potta.
Det var bare å gripe den klissete ungen og bære den inn i kassen på vaskerommet. Var lynsnar ute å henta katta slik at den ikkje skulle bli kald. Den var full i mold og tørre lauv så eg måtte hjelpe henne med å plukke bort det meste.
Ho har no fått 4 kattunger og er i særdeles fornøyd. Ho maler så kassen dirrer. :)
Ho har honge i beina på meg dei siste dagene og det har vore tydeligt at ho ikkje ville være aliene om dette. Ho mista det første kullet sitt då vi var bortreis ei helg. Aner ikkje kva som skjedde, men ho var gravid då vi reiste. Og tynnere då vi kom heim att. Og det var aldri noko melkeproduksjon.

Ellers så var eg på gartneriturne ipå Haugesundkanten i går med hagelaget. Vi var innom hos Ødegåren og på Spanne hagesenter i Haugesund. Ødegården besøker eg ganske ofte, men Spanne var nytt for meg. Og der hadde dei ganske mykje spennandes. For ein gangs skuld var eg målretta i handlinga mi. Sikla på nokre lønner og magnoliaer men aner ikkje kor eg skulle ha planta dei, så det blei for det meste slikt som kryper til sandbedet og nokre bregner til lunden. Liste får det bli ein annen gang.
Ja også fikk eg tak i eit par ipomoea. Dei har eg sikla etter i fleire år.

2 kommentarer:

Iris sa...

Så koselig med kattunger da! De er så søte når de får åpnet øynene. Får håpe at du får gitt de bort når den tid kommer!

akoen sa...

Ja vi får håpe på det.
Så om det er nokon som vil ha kattunger er det bare å skrike ut.:)