mandag 16. mars 2009

Blåveistur


Vi har vore på tur med bobilen i helga. Hadde så veldigt lyst til å sjå blåveisen i naturen.
Men der blei eg skuffa. Vi reiste over til Varaldsøy som ligg rett borte i fjoren her. Men på den sida av øya der vi kamperte var det faktisk litt snø innover liane.
Eg klarde heller ikkje å finne ut nett kor den vokser. Det er nok lettere å finne den når den blomstrer.
Vi fikk oss i alle fall masse tid ute i naturen på ein særdeles fredlig plass.
Helga var forholdsvis fin med ingen nedbør så vi hadde ein flott tur. Rekognoserte på denne sida av øya på søndagen og har no fått beskrevet to lokaliteter til. Dei skal vi besøke litt seiner i vår om vi får tid.
I dag er det imidlertid regn og eg gikk glipp av to fine dager i hagen. Skal det fortsette slik at det bare er opphold og fint i helgane kjem eg til å få litt konfliker her. For no framover kjem vi til å være mykje på farten i helgene. Vi gleder oss til å ta bobilen skikkeligt i bruk.
Eg har vore ute og knipsa nokre Iriser som spratt ut mens eg var borte.


Iris Katharine Hodgkin

Her har det vore kjeltringer på ferde. I gårkveld var det 2 flotte blomster der.
Eg må nok ut med sneglegifta snart.
Trur også eg må ut med gjødsel snart. Regn er i det alle minste bra å gjødsle i. Så eg får ta meg ein tur på felleskjøpet snart.
Vil ellers anbefale boka Buried Treasures av Janis Rukscaron. Den driv eg å les no. Der er det mykje å lære om løk. I tillegg så er det mange bilder av spennandes løkplanter. Eg er ikkje komt så langt men ein får også med seg om livet bak 'hjernteppet' då Latvia var ein del av Russland. Ho er skreven på ein lettfattelig måte som gjer det enkelt å få med seg det meste sjølv om ein ikkje er så trent i å lese engelsk.

1 kommentar:

Iris sa...

Du har i hvertfall noen nydelige iriser i hagen din! De ligner jo ikke på blåveis, men de er absolutt en god erstatning ;-)