fredag 24. juni 2011

Litt meir blomster. Form og farge.


Hurdalsrosa er fin i år om ein ser bort frå dei døde greinene. Eg har ikkje rukket å klippe hverken den eller sommarfuglbusken bak.
Rosa synest virkelig godt når den blomstrer. Det er ikkje nokon liten busk.

I går hadde eg besøk og vi sat ute i hagen og naut ein kopp med te då eg høyrde det snakka oppe i veien. ' Kjenne du kor godt det luktar' var noko av det som blei sagt. Det var turgåere som tok seg ekstra god tid og kikka over blomstene mine. Eg veit det er ein del som legg turen over åsen for blant anna å følge med i hagen min. Det liker eg. :)


Den kvite martagonlilja er den flotteste av alle mine martagoner synest eg. Spanderer 2 bilder av den.
Ellers så vill eg nevne att det er fleire av mine martagoner som har visna ned før blomstring i år. Og eg skjønner ikkje kva det er som gjer det. Ein sjukdom kanskje.

Ein særdeles lilla Meconopsis Rudis

Ein kompakt og flott takløk. Denne veks i ein sprekk i berget mitt.

Primulaen under har segla inn som ein ny primulafavoritt. Den har stått i hagen i fleire år men eg har igrunnen betrakta den som kjedelig. Men i år har eg fått opp augene for fargen på denne. Ein nydelig kombinasjonsfarge. Og dessuten så dufter den noko aldeles nydelig.
Denne skal eg ha fleire av. Har den i gulorange også men det er denne fargen som tok meg. Primula aurantiaca trur eg. Men egentlig så ligner den på Primula bulleyana men den har eg ikkje sådd.

Primula flaccida er også flott. Den ser ut til å være ein av dei som kjem igjen. Har mista ein del primula i vinter.

Denne siste her finn eg ikkje navnet på. Den er også meget fin. Liker spessielt at blomstene endrer farge med alderen.

Litt Geranium. Geranium clarkei Kasmir Purple er ein kompakt og svært riktblomstrende sak. Ein av dei fine. Liker også fargen på den. Nesten lilla.

Geranium pratense 'Purple Hace' er ein stor flott G. Den har ganske burgunder blader om våren. Dei endrar farge mot grønt utover sesongen men blir aldri heilt grønne. Om hausten får den ein flott haustfarge. Eg har fleire med burgunderfarga bladverk som held bedre på fargen. Denne ruggen har eg bestemst skal flytte. Men ikkje endå.

Ei Peon bare for bildet sin del. Aner ikkje navn.

Denne meiner eg skulle være veldig mørkerød. Eg er skuffa for denne har eg venta lenge på blomster av. Og så er den feil. :(

Denne er eg derimot fornøgd med. Den blomstrer for første gang og det skal bli ei utfordring å finne ut navnet då merkelappen er borte for lenge sida. Har også venta nokre år på denne.

Og godt gjemt innunder bladverket på ei lita buskpeon fann eg denne. Det er den minste peonblomsten eg har sitt. Ca 5 cm i dimeter.


Så kjem vi til forma. Ingen hemmelighet att eg liker bladverk.


Ein liten rosebusk til slutt. Var det mandarin mon tru?

4 kommentarer:

Marit sa...

Nydelige bilder av martagonliljene dine. Mine står i skygge, og har ennå ikke begynt blomstringen helt. Jeg er enig med deg, de hvite er de fineste.

ElseT sa...

Her var det mykje flott, kan godt skjøne dei som tek ein ekstra sving for å få med seg hagen din. Eg har mange martagonliljer som spirer frå frø, ser at eg har mykje fint i vente om ein god del år.

Ellen Walnum sa...

Tusen takk for titten:) Her var det mye lekkert. Blir mer og mer glad i bladverk jeg også.

Kan den navnløse peonen være en Bowl of beauty? Den siste rosen er nok en Mandarin ja....

akoen sa...

Veit ikkje når det gjeld den der peona. Den ligner på ein annen navnlaus eg har. Den fikk ein meir fylt blomst andre året. http://annesblomstersider.org/galleri/v/Staude/Staude+-+P/Paeonia/?g2_page=3
Dei er vanskelige å navnsette.