torsdag 8. desember 2011

Strikkakåpa

Haust og vinter er tida då eg boler meg med ein eller anna form for handarbeide. Dei siste åra har det vore strikking. Har 7 barnebarn som får gensrar og jakker til jul i år.
Når ein skal strikke mange plagg som er nesten like kan det bli litt kjedeligt. Då treng eg litt avbrekk innimellom. Så no har eg blant anna strikka meg ei kåpe som eg har hatt i hode ei stund. ;) Snubla over noko tjukt garn som blei solgt ut til halv pris.
Eg elsker slike tilbudskorger og har strikka meg nokre sånn fri fantasi plagg oppetter. Det er det kjekkeste eg gjer.
Her er bilde av den siste kreasjonen

Tenkte igrunnen eg kunne legge ut framgongsmåten min.
Det må bli sån ca då eg ikkje huska alt.

Eg har brukt Eskimo frå Drops som hovedmateriale. Og rundpinne nr 5.
Det gikk 10 nøster av bunnfargen grå. og så trur eg eg kjøpte tilsammen 8 - 10 nøster av dei andre fargene. Der var det også brukt Salsa frå drops og eit par andre garn med melering. Finn ikkje lappene. Her er det bare å mikse og makse. Eg brukte eit blankt garn (Cotton viskose frå drops) til å sy sammen jakka med for å få litt efekt.
Til kant har eg brukt pompon print. Eit nøste var litt mindre enn eg kunne tenkt meg så eg måtte improvisere rundt hetta.
Trur gjerne eg heller hadde valgt eit flåssete garn om eg hadde lagt den om att.

Skjørtet er strikka i 5 deler. Slik gjer du:
Legg opp 40 m. Strikk fram og tilbake. Varier med riller, perlestrikk. glattstrikk og eventuelt andre mønster i litt store ruter. Og farger.
Samtidigt feller du 1m i kvar side 9 ganger med gjevne mellomrom. Då har du 22 m igjen på pinnen når du har ønska lengde. tre arbeide på ein annen pinne.
Lag 4 (eller så mange du treng for å komme rundt livet) slike deler til. Varier mønsteret på dei.
Ta alle delene til bake på pinnen og strikk vrangbord over alle maskene (110 m)
Så lang du synest den skal være. Opp under armene.
Strikk 25 m, fell 5 m, strikk 50 m, fell 5 m, strikk 25 m. Dette er felling til armhull og du strikker så kvar del for seg. Fell ytterligere nokre masker til armhull, eg trur eg felte 2,2,1,1.
Når du har ønska lengde framme, feller du til hals slik 6,2,2,1. Og fortsetter til full lengde. Bakstykket strikker du til ønska lengde og feller beint av.
Sy isammen ved skuldrene og ta opp masker rundt armhullet. Strikk fram og tilbake og fell gjevnt på begynnelsen og slutten av pinnen nedover armen. Her må du rett og slett prøve deg fram. Husk att du skal ha ei 'pelskant' nederst på armen.
Denne pelskanten har eg strikka i pompon print og då har eg strikka fram og til bake 8 m til ønska lengde. Og så sydd den på etter att armen er sydd sammen under armen. Om ein bruker anna garn kan ein sjølvsagt bare fortsette å strikke denne kanten uten å felle av.

Eg har laga hette ved å ta opp gjevnt fordelt over halsen og strikka fram og tilbake glattstrikk med vranga inn til hetta er lang nok. Auka 2 masker midt bak etter 6 cm.
Sy isammen midt oppå hetta.
Strikk eventuelt hekle ein kant rundt hetteåpningen. Her improviserte eg med den lille resten eg hadde igjen av pompon.

Sy dei 5 skjørtekantene sammen.
Ta opp masker langs kantene til stolpekant/knappekant. 1 m pr 2 omganger passer bra. Strikk 1 r og 1 vr. Lag så mange knapphull du måtte ønske med å felle 1 maske på eine omgangen og øke 1 m på neste. Eg har laga knapphulle i 2 rekker usymetrisk og sydd på diverse knapper.
11 omganger + felling.

Strikk pelskant til nederst på kåpa på samme måte som til armene og sy på.

Har også brodert litt i Salsa på jakka for å gi litt ekstra efekt. Strikka også nokon små lapper i dette garnet som eg har sydd på kåpa.

Eg har variert med mønsterstrikk og farger i heile kåpa. Fri fantasi.

Lykke til om du har tenkt å prøve.


4 kommentarer:

Turid sa...

Kåpa di var lekker. Strikker en del selv, men dette prosjektet ser vel stort ut for meg. For tiden er det selbuvotter her. Kos deg i adventstida :)

akoen sa...

Det ser kanskje ut som det er mykje arbeide, men det er tjukt garn. Eg strikker veldigt fort men brukte om trent samme tida som eg bruker på ein middels stor genser . Vel 14 dager.

Anjas sa...

Denne så jeg bilde av for halvannet år siden, og har lett etter den siden da!! Den er bare nydelig og blir neste prosjekt på pinnene :)
Hvilken størrelse er det oppskriften tilsvarer? :)

akoen sa...

Det er vanskeligt å sei. Du passer den til slik den måtte passe til deg. Eg er kort men trekker nok 42 i bredda. Vær også obs på att denne kåpa er tung og strekker seg nok litt.