lørdag 17. juli 2010

Ostadig sommar.


Ja denne sommaren minner meg om det gamle barometeret frå Island som vi hadde på veggen heime. Der sto det ostadigt. Og det er det været er her for tida. Alt frå sol til plaskregn.
Gubben er reist på guttetur med barnebarn. Eg fikk ikkje være med.
Så eg får vell slå meg til tåls med det.
Kan jo nytte anledningen til å vise den siste kreasjonen min før eg er ferdig med den neste.
Dette er ein genser frå boka maskepi. Enkelt, raskt og lekkert synest eg.
Driv no på med ein heklekjole som også snart er ferdig. Eg vil annslå att eg har brukt 3,5 veker tilsammen på desse plagga. Og då har eg bare brukt seine kveldstimar.
Det er så morro å lage slike ting som går fort.

Gutta er altså reist på Bobiltur og mor til guttane har termin i dag. Der ventast ei jente.
Framdeles ingen tegn til fødsel. Og eg er litt på tuppa kjenner eg.

Eivind starta ferien i går men vi reiser ingen plass før barnet er annkommet. Mykje sansynligt så tek han ei veke til på jobb slik at vi ikkje får noko tidspress på turen mot varmere strøk. Forsjyv det litt. Vi liker å ha god tid og vil rusle litt i år.



Som dåke sikkert forstår så er det ikkje hagen som står i fokus nett no. Eller rettere sagt det har vore slik i heile sommar.
Trur hagedilla er i ein nedperiode.
Men eg kan no vise nokre bilder for det.

Eit par klatreroser som eg ikkje husker navnet på i farten. Eg er litt svak for slike som sjaterer i fleire farger.






Eit par Inkaliljer. Den orange har eg hadt i mangen år, men den gule blomstrer for første gang.
Den er frøsådd og hadde ein lekker farge synest eg. For eg er då glad i gult.


Nellikene bidrar med ei herlig duft for tida og borti sandbedet står det ein del sorter.
Dei er alle frøsådde og ganske variable i farge og form.



Denne Irisen trur eg eg må flytte. Eg ser den nesten ikkje der den står oppe i bedet. Hadde det ikkje vore for at det stakk eit par blomster opp over buskene der opp hadde blomstringa gått forbi meg.

Peoner er det i diverse former og farger for tida. Her er ein av dei.
Denne har fått ein ring av armeringsjern rundt seg slik att den held seg oppreist. Det er det slettes ikkje alle av dei andre som gjer.
Eg må sjå å få sett opp mange fleire støtter til desse til neste år.

Det er masse som blomstrer i hagen no men den ser alikevell ut som den har nådd middagshøgda si no.
Mykje avblomstra og mykje ugras.
Trur eg skulle ha ansatt ein hjelper for eg gidd ikkje ta det.
Kanskje til hausten ein gang.

2 kommentarer:

Marit sa...

Nydelige bilder! Hageinteressen kommer og går, sånn er det bare. Den kommer garantert tilbake! Ha en flott sommer *klem*

Elsa sa...

Flotte blomsterbilder du har lagt inn.
Hagedille på nedtur lyder veldig kjent. Sånn er det med meg også i år. Hagen er overgrodd og ugresset lever herrans glade dager. Jeg gidder ikke bry meg.
Håper på bedre tider til neste år, så jeg sier at både jeg og hagen har et hvileår dette året.

Ha en fortsatt fin sommer:)