tirsdag 28. september 2010

Bobilen fer snart.


Flotte dager. Sola skin og alt er flott.
Nesten alt i allefall.
Vi har solgt Bobilen privat. Det vil sei att vi fikk nokre fleire kr. for den slik enn i innbytte. Det betyr att vi blir uten Bobil i minst eit par mnder. Så no kan vi ikkje melde oss på treff på denne sida av årskifte. Men vi klarde oss jo før så vi får vell klare det no også. Då blir det bare endå meir spennandes når den nye kjem.
Vi skal levere den før neste helg.


Ei New Zealandplante. Husker ikkje navnet i farten, men ho stikk.

Ja eg ville bare vise litt høststemning frå Fitjåsen. Eg har ikkje lagt opp arbeidet heilt enno.
Driv og planter i bedet utforbi vaskeromsingangen. Der har eg flytta vekk nokre enorme rugger av Geranium x ox. Dei breier seg altfor mykje. Er igrunnen litt lei Geraniumene. Så no står det mangen i potter for salg. Har tenkt å ta meg nokre torgdager til våren. Har ganske mykje stående i potte no.
Ja det var det bedet. Der skal det bli ganske mange Hosta. Har annonsert på Hagegal.


Kvit tidløs.


Denne gule rakettplanta blomstrer mykje seinere enn dei andre. Og det er jo flott då.



Geranium Rozanne har blomster endå. Dei lyser opp.


Denne lilja kjøpte eg i Amsterdam i vår. Den er litt treg i år.

Denne høstastersen har eg sådd. Den er mykje lavere enn dei andre. 40 cm ca. Så den synest eg er veldig søt. Den sprer seg ein del så den er ein av salgsplantene mine.

Sedum er ein av mine høstfavoritter. Her i nokre av variantene.




Og så til dagens nøtt. Kva er dette. He-He



Darmera peltata i sin flotteste høstdrakt.
Eg elsker denne planta. :)





Ha ein fin dag folkens. No må eg sjå til å komme meg ut i hagen.

3 kommentarer:

RandiF sa...

Dagens nøtt trur eg er ein kålplante som er grundig nedbeita av larver. Er det Nero di Toscana?

akoen sa...

Nei Randi det er det ikkje. Men du er på rett tankegang. ;)

Linnemi sa...

Noen har forsynt seg i alle fall! ;)
Nydelige bilder. Jeg likte spesielt fargene hos Darmera peltata. :D