tirsdag 17. mai 2011

17 mai med blomster.


Peonsesongen er virkligt i gang no og i år trur eg eg får blomster på fleire enn nokon sinne. Dette er ei plante eg har fått hos ei venninne. Trur det er ei Paeonia veitchii av noko slag. Den delte eg for nokre år sida og i år er dei begge svært riktblomstrende. Ei flott Peon. Blomstene er litt trompetforma. Bildt under viser samme blomsten.

Under er eit bilde av min andre Paeon sådd frå frø. Trur det må være ei anomala men det kan også være ei veitchii. Eller noko midt i mellom. Finn ikkje merkelappen. Den er mørkere i fargen og litt kortere i kronbladene. Åpner seg litt meir. Sikkelig flott.

Paeonia delavayi er ei buskpeon frå Kina. Mørk og rålekker.

I år har eg riktig flotte anemoner. Og nokre av dei blomstrer for første gang. Som denne under. Uten merkelapp.

Men den er rimelig lik på den under. Den står det Anemone multifida Major på.
Dei har store flotte blomster.

Har også ei anna som har like store blomster. Den står det bare lysegul på. Og det er den. Veldig lekker.

Vil også vise bilde av ein kvitveis som har ganske røde blomster. Dette trur eg er vanlige kvitveiser som stammer frå tomta. Om den blir like rød til neste år gjennstår å sjå. Har ei tuve som er litt lysere. Dei fleste andre kvitveiser er avblomstra no.

Meconopsisene er no i gang med blomstringa. Meconopsis quintuplinerva er ei staude eg har stridd litt med å få til. Men no trur eg eg har klart det. Denne blomstrer no for andre gang og er i år større.

Meconopsis punicea skal være monocarp men den blomstra i fjord også og er slettes ikkje mindre i år. Ei hyggelig overasking.

M.Lingholm treng vell ikkje nærmere omtale. Dei har vore trofaste hos meg.

Dodecatheon eller gudeblomst som den kalles har eg i mange navnevarianter, men eg synest igrunnen nokre av dei er ganske like. Har også sådd kvite av desse men har endå til gode å sjå kvit blomster. Trur det er ein del feilmerking. Hendersonii står det på denne. Den er kompakt og skarp i fargen.

Synest igrunnen eg måtte ta med den broketblada pepperrota. Den har lekre blader på denne tida. Har no våga å planta den ut i bed.

Nokre av julerosene er framdeles flotte.

Og så må eg vell ha med nokre tulipaner. Dette ser ut til å være ein god sort. Har hadt dei i nokre år no. Dei har til og med spredd seg. Liker fargekombinasjonen med buskene bak.

Hagens tøffeste spirer. Ein diger Arisema som eg ikkje husker navnet på. Den kjem frå Kina og eg var redd den ikkje hadde tålt vinteren i vinter. Men eg uroa meg tydligvis for mykje for denne har auka kraftigt i vinter. Frå 1 til 4.


Ein frøsådd gentiana eg har glemt å notere navnet på. Den er tydeligvis vårblomstrende. Liten av vekst men med store blomster.

Ja det er mykje som blomstrer i hagen no. Og det er ikkje lett å velge bilder men her var altså eit lite utvalg frå meg i dag.

Ha ein fin 17 mai.

5 kommentarer:

orchis sa...

Nydelige, alle sammen!
Ha en fin feiring i dag.

Gullet70 sa...

Å så flott det blomstrer hos deg :) Håper på frø av den hvite Gentianaen til høsten ;)

Anonym sa...

Så tidlig peonene er hos deg - og så flotte.
God 17.mai.

Bille sa...

Så flotte bilder fra hagen din! Er så kjekt å se. Er for sen med å gratulere, så du får ha en fortsatt fin mai i stedet.

Unknown sa...

Så masse fine blomster.
Fin blogg og flotte bilder , jeg legger meg som følger.
Ha en fin helg Marit.