mandag 23. mai 2011

Annes fiskeform.

I dag stikk eg bare innom for å dele oppskrifta på ein fiskerett eg har komponert sjølv.
Eg har melke og glutenallergi og har difor mange begrensinger på kva eg kan ete. Men denne retten duger til og med for han som ikkje kan fordra fisk. Altså gemalen.

Ei kan sjølvagt mikse som ein sjølv vil, men eg bruker til 2 personer:

1 pk gormettorsk
1/2 pk bukettgrønnsaker frå frysedisken.
1 løk
1/2 til 1 paprika. Den lange.
10 poteter alt etter størrelse. Det går meir enn vi et til vanligt.
Krydder. (salt, pepper, div grønnkr. og kvitløk.)
1 liten boks kokosmelk
Litt olje.

Her må det brukes ei djup ildfast form. Og eg set ovnen på 200 grader.

Legg fisken i bunn, ha over grønsakene og kutt opp løk og paprika og ha over. Krydre og slå over kokosmelk.
Deretter deler eg potetene opp i båtar og legg på toppen. Krydre litt til og så slår eg litt olje over dei slik att alle potetene har fått litt.
Rekkefølgen på ingrediensene er viktig. Potetene må i allefall ligge på toppen for dei skal bli bakte.
Så er det bare å sette forma i steikeovnen. Det varierer kor lang tid det går alt etter kva poteter ein bruker. Frå 1/2 time til 55 min.
Då kan du gjere noko anna. ;)

Skulle du få noko igjen kan det brukes som kraft i fiskesuppe. Der bruker eg ingrediensene 1/2 pk fisk, 1/2 boks reker, kili, paprika, løk, 1/2 pk grønnsaker og ein stor boks kokosmelk og gjerne litt vann og sjølvsagt krydder. Denne skal være litt sterk. Den er kokt på eit blunk og duger også til han som ikkje liker fisk.
Ps denne oppskrifta har eg fått hos ei vennine og eg trur ho også bruker ingefær.

God appetitt. :)

1 kommentar:

Unknown sa...

Takk for middagstips ,det så veeeldig godt ut og da er min middag i boks.
Ha en fin dag Marit.