lørdag 14. april 2012

 Hadde ein fotorunde i hagen i går. Det går tregt i år men litt er det jo som blomstrer.
Primula elatior ssp meyerii er ein av dei beste primulaene eg har. Den vokser og blir større for kvart år. I år trur eg eg vil dele den litt opp etter blomstring. Denne kan eg ha mange plasser. :)
 Dette er ein fylt primula eg kjøpte i fjord. Ganske så knallblå. Ser også ut ril å være ein god sort. Har også rød og nokre lyse slike.
 Dei kvite kuleprimulaene er veldigt flotte i år. Dei ser også ut til å være frøekte då det stadigt dukker opp kvite i dette området. Eg har nemligt fleire nyanser av lilla andre plasser i hagen.
 Primula elatior ssp intricata står det på denne. Den dukka fram frå ei revebjelle så den lyt eg berge frå å bli kyvt. Det er ein nær slektning av den første og eg håper den blir like villig. Sikkert sådd i fjord.
 Perleblomster er perleblomster vil nokre sei. Men det er det slettes ikkje. Muscari er ei spennandes planteslekt. Denne heiter neglektum og er min favoritt. Sprer seg ganske godt med frø. Og blomstene er store og ganske så i øynefallende.
 Denne har eg ikkje sitt før. Må være noko eg har sådd. Lett å oversjå då den er veldig liten. Heile tuva er kanskje 8 cm. Ranunculus coenatus trur eg det sår på den. Lappen er litt utydelig.
 Scilla bifolia har ein lysende blåfarge. Veldigt riktblomstrende er den også.
 Scilla rosenii står det på denne. Veit eg har jakta på den men har ingen erindring om att eg har funnet den i salg. Så eg lurer på om eg har sådd denne også. Rålekker synest eg.
 Chionodoxa luciliae Alba er ei veldig flott snøstjerne.
 Her er det faktisk tre forskjellige  blomster på bildet. Ei kubjelle, ei snøstjerne Violet Beauty. Er veldig bleik i år. Og ei bittelita blå stjerne som er vanskelig å få øye på. Aner ikkje kva det er. Sikkert noko eg har sådd. Synest bedre på bildet under. Ein får seg både store og små overaskelser når ein driv å sår. ;)

 Denne veisen husker eg ikkje navnet på. Den kan ligne på halvveis men er mørkere på bladene og blomstrer før.
 Blåveis har eg gitt opp. Dei trives ikkje her hos meg. Men eg fann nokre få små tasser borti skråningen her. Dette er frøplanter og denne såg litt spennandes ut då den ser ut til å ha spraglete kronblader. Får nok snart kalke dei.
 Desse tulipanene er eg veldigt glad i. Dei er ganske så anonyme der dei står i bedet, men dei kjem traust igjen kvart år. Tulipa clusiana er ein villtulipan.
Til slutt Tulipa turkestanica. Denne er litt merkelig då alle dei andre i samme pakke gikk fort ut men nett denne har eg hadt i hagen i  over 10 år. I år ser eg det er ein liten atmed den men ellers så har den stått slik i årevis.
Ha ein fortsatt fin dag.

3 kommentarer:

Ranten sa...

Her var mye lekkert og spesielt flott var Scilla roseni. Nydelig! Du ligger nok i en mildere sone enn meg, for jeg har flere av de samme men her har de gjerne bare kommet med blader.. Men det står til liv så det er bare å ta tiden til hjelp :) God helg!

akoen sa...

No er det endå ikkje så mange soltimer her hos oss som det er i Rosendal. Men det kjem tidligt ja. På tide å slå plenen. :)God helg til deg Marit også.

Villrose sa...

Å, så nydelig Scilla rosenii var!
Hepatica trives hos meg. Noen fordeler er det jo med skygge og kalkrik jord.