søndag 18. mars 2012

 På tide å åpne sesongen i bloggen. Det er ikkje så veldigt mykje som blomstrer i hagen endå men litt er det jo. Dette er ei julerose som eg har sådd. Ein litt annan variant enn dei vanlige grønnblomstrande julerosene. Denne har røde stilker. Helleborus foetidus Wester Flisk
 Her er ein vanlig Helleborus x hybridus. Den eldste eg har. Den har eg fleire av også.
 Denne svarte har eg også sådd. Den er veldig voksevillig og frisk. Riktig lekker.         Helleborus Blue Metellic Ballard.
Den under er også sådd. Ein fylt variant.



Cardamine glanduligeria
er ein av dei tidlige. Den sprer seg med underjordiske utløpere og er i ferd med å danne eit fint teppe.
 Crocusene synger på siste verset men eg må vell ha dei med. To varianter av C. tommasinus. Snøcrocus. Dei mest spredningsvillige.
Primula magnifica
Kvit blåveis. Hepatica transsilvanica. Sniglene er glo på desse så her er det bare ein blomst. Den blå er også bespist.
 No er det ikkje bare blomstene som er flotte. Peonspirer er veldigt dekorative synest eg. 
Det samme gjelder enkelte geraniumer. Denne er så gul på bladene.
I dag har eg kverna opp ein del rosegreiner som eg skar ned her tidligere. Innimellom solstrålene har det regna. Og her på denne greina har eg fanga ei solstråle i regndråpen. 
Ha ein fortsatt fin dag.
Minner om smykkesida mi Annes design

mandag 9. januar 2012

Nokre betraktninger.

 Er det nokon som kan minne meg om att dette er ein hageblogg. ;) Javell. Det er det kanskje men det er då ikkje mykje spennandes som skjer i hagen no. Her regner det stort sett heile tida. Vi har vore heldige og vore skånt for desse uværa som har herja vestlandet og det er eg veldigt takknemmelig for. Men eg kjenner att dette gråværet tar på. I tillegg så er det bare å melde att eg ikkje har hatt ein meir passiv vinter. Om eg går meg ein tur får eg straffa mi etterpå. Treninga har eg måtta legge ned. Men no har eg i allefall fått vite kva som gir meg desse smertene. Og eg sit her og formeligt skjelver i buksene og ventar på ein opperasjon. Forhåpentligvis skjer det fort for dette takler eg dårligt. Det er mykje eg kunne ha sagt om dette men det er då ein hageblogg. Er det ikkje. ;)  Difor har eg valgt nokre tilfeldige bilder eg forhåpentligvis ikkje har posta før.
 Om desse knuppen heng på heilt til våren vil det bli bort imot ein sensasjon. For dette er Keisertreet mitt. Paulowina tomentosa er eit varmekjært tre og eg har ikkje høyrt at det har blomstra nord for Gøteborg. Og om det har blomstra meir enn ein gang der veit eg ikkje. Men det gjennstår å sjå om dei er der til våren. Føreløbigt står dei friske og fine.  Men vi har den kaldeste perioden framfor oss.
 Sommaren i fjord var våt og det ruska godt i beda. Men noko fint var det då.
 Det er nokre av dagliljene som gjer meir av seg enn andre. Denne lyser som ei sol innimellom dei andre.
 Desse liljene er aldeles nydelige. Og så dufter dei noko heilt himmelsk.
 Staudesolsikker er eit sikkert kort. Men dei sprer seg noko meir en eg liker.
 Yoccaen blomstra for første gang i sommar. No blir det sikkert mange år før neste gang for nett denne plantedelen dør etter blomstring. Så no må sideskudda vekse seg store.
 Og kva var no dette igjen. I allefall ei plante som står for overvintring i drivhuset.
Det var ikkje mykje høstfarger på trea i haust då vinden tok å rista lauva av etter kvart, men her ein Dogwood som holdt litt på dei. Denne blomstra også for første gang i fjord sommar.
Ellers så er det lite å melde om framgang i hagen. Eg er inne i ein periode der haging ikkje er så kjekt som det var før. Eg orker heller ikkje å mase på han som må gjere støypearbeidet. Og eg kjem ikkje så mykje lenger før det er gjort. I sommar klarde eg imidlertid ikke å halde ugraset unna så det spørst om eg ikkje har tatt meg vann over hode med alle desse beda.
Men nett no så konsentrer eg meg altså om heilt andre ting. Heldigvis har eg mange hobbyar. Nett no går det i smykker. Og eg blir veldigt glad om du vill bli venn med meg her på facebock

onsdag 28. desember 2011

Då har eg laga eit par smykker.

 Slike mørke og triste dager som det er no for tida krever noko inspirerende å gjere på.
 Å lage smykker er blant det kjekkeste eg veit om, men eg må begrense meg for det er ein dyr hobby. Eg er ikkje særlig flink å markedsføre meg så eg har no ganske mange smykker for salg.
Her er smykkesida mi http://annesblomstersider.eivindshjemmeside.net/butikk/
Skulle du være interisert i noko er det bare å ta kontakt.

tirsdag 27. desember 2011

Julepresangene

Ja så er jula vel overstått
og eg kan driste meg til å legge ut bilder av julepresangproduksjonen min. :)
I år går det i tradisjonsmønster men eg har drista meg til å velge litt utradisjonelle farger på eit par av fanakoftene.

Brunt/lyseblått
og brunt rosa. Eg synest dei blei fine.

Fire av ein sort kan bli kjedeligt så eg måtte gjere litt andre ting innimellom. 
Så det blei litt julekuler, ei pute eit par skjerf, kåpa over og genseren under innimellom.
Også disse mariusgensrene her då.
Denne kjolen var det første eg ga meg i kast med og den blei riktig fin.
Det er ei Drops - oppskrift

Dette er eit resultat av tilbudsgarn. Her har eg mixa og komponert sjølv.
Eg blir i lengden litt lei av oppskrifter og må frå tid til anna ha litt luft.
Og ja eg veit det. Denne bloggen er begynna å ligne på ein strikkeblogg. 
Men slik er det, eg driv med diverse handarbeide på vinters tid. 
Eg er slutta med å sitte å sikle i frøkataloger om vinteren.
Trur rett og slett eg kjem til å få problem med å få alle dei frøa eg har dratt i hus i år i jorda.
Og det er mykje mindre frø enn eg brukar å dra til hus.

Eg er godt i gang med ein ny genser men i kveld trur eg eg vill lage eit smykke.
Så no får eg gå i kjellaren å dra fram perlene.
Ha ei fin romjul.
 


torsdag 8. desember 2011

Strikkakåpa

Haust og vinter er tida då eg boler meg med ein eller anna form for handarbeide. Dei siste åra har det vore strikking. Har 7 barnebarn som får gensrar og jakker til jul i år.
Når ein skal strikke mange plagg som er nesten like kan det bli litt kjedeligt. Då treng eg litt avbrekk innimellom. Så no har eg blant anna strikka meg ei kåpe som eg har hatt i hode ei stund. ;) Snubla over noko tjukt garn som blei solgt ut til halv pris.
Eg elsker slike tilbudskorger og har strikka meg nokre sånn fri fantasi plagg oppetter. Det er det kjekkeste eg gjer.
Her er bilde av den siste kreasjonen

Tenkte igrunnen eg kunne legge ut framgongsmåten min.
Det må bli sån ca då eg ikkje huska alt.

Eg har brukt Eskimo frå Drops som hovedmateriale. Og rundpinne nr 5.
Det gikk 10 nøster av bunnfargen grå. og så trur eg eg kjøpte tilsammen 8 - 10 nøster av dei andre fargene. Der var det også brukt Salsa frå drops og eit par andre garn med melering. Finn ikkje lappene. Her er det bare å mikse og makse. Eg brukte eit blankt garn (Cotton viskose frå drops) til å sy sammen jakka med for å få litt efekt.
Til kant har eg brukt pompon print. Eit nøste var litt mindre enn eg kunne tenkt meg så eg måtte improvisere rundt hetta.
Trur gjerne eg heller hadde valgt eit flåssete garn om eg hadde lagt den om att.

Skjørtet er strikka i 5 deler. Slik gjer du:
Legg opp 40 m. Strikk fram og tilbake. Varier med riller, perlestrikk. glattstrikk og eventuelt andre mønster i litt store ruter. Og farger.
Samtidigt feller du 1m i kvar side 9 ganger med gjevne mellomrom. Då har du 22 m igjen på pinnen når du har ønska lengde. tre arbeide på ein annen pinne.
Lag 4 (eller så mange du treng for å komme rundt livet) slike deler til. Varier mønsteret på dei.
Ta alle delene til bake på pinnen og strikk vrangbord over alle maskene (110 m)
Så lang du synest den skal være. Opp under armene.
Strikk 25 m, fell 5 m, strikk 50 m, fell 5 m, strikk 25 m. Dette er felling til armhull og du strikker så kvar del for seg. Fell ytterligere nokre masker til armhull, eg trur eg felte 2,2,1,1.
Når du har ønska lengde framme, feller du til hals slik 6,2,2,1. Og fortsetter til full lengde. Bakstykket strikker du til ønska lengde og feller beint av.
Sy isammen ved skuldrene og ta opp masker rundt armhullet. Strikk fram og tilbake og fell gjevnt på begynnelsen og slutten av pinnen nedover armen. Her må du rett og slett prøve deg fram. Husk att du skal ha ei 'pelskant' nederst på armen.
Denne pelskanten har eg strikka i pompon print og då har eg strikka fram og til bake 8 m til ønska lengde. Og så sydd den på etter att armen er sydd sammen under armen. Om ein bruker anna garn kan ein sjølvsagt bare fortsette å strikke denne kanten uten å felle av.

Eg har laga hette ved å ta opp gjevnt fordelt over halsen og strikka fram og tilbake glattstrikk med vranga inn til hetta er lang nok. Auka 2 masker midt bak etter 6 cm.
Sy isammen midt oppå hetta.
Strikk eventuelt hekle ein kant rundt hetteåpningen. Her improviserte eg med den lille resten eg hadde igjen av pompon.

Sy dei 5 skjørtekantene sammen.
Ta opp masker langs kantene til stolpekant/knappekant. 1 m pr 2 omganger passer bra. Strikk 1 r og 1 vr. Lag så mange knapphull du måtte ønske med å felle 1 maske på eine omgangen og øke 1 m på neste. Eg har laga knapphulle i 2 rekker usymetrisk og sydd på diverse knapper.
11 omganger + felling.

Strikk pelskant til nederst på kåpa på samme måte som til armene og sy på.

Har også brodert litt i Salsa på jakka for å gi litt ekstra efekt. Strikka også nokon små lapper i dette garnet som eg har sydd på kåpa.

Eg har variert med mønsterstrikk og farger i heile kåpa. Fri fantasi.

Lykke til om du har tenkt å prøve.


fredag 26. august 2011


Det er høst men det er framdeles ganske mykje som blomstrer endå. Været er det du kan kalle ustabilt for tida. I eine øyeblikket så høljeregner det i neste så skin sola. Nokre ganger varer det ein heil dag andre ganger i timer.
Eg har no innimellom slaga vore ute å slost mot ugraset. Då vi kom heim frå ferie var det heilt overgrodd enkelte plasser. Er redd eg ikkje rekk å ta alt før vinteren kjem. Men det får så være.
Har prioritert litt andre ting som trening på helsestudio og slikt. Kroppen er rusten og treng smørjing.

Desse liljene dufter herligt og dei har stått i ein mnd no. Her har eg ikkje vore å luka endå.

Denne skogssøten er ein av favorittgentianaene mine. Den er vanlig men den fineste av dei eg har.

Echinacea purpurea Hott Summer er ny av året og den har ein diger blomst. I tillegg så har nett denne blomsten stått i alle fall sida 8.08. Då fotograferte eg den for første gang. Så den har altså stått i over 18 dager. Håper eg får denne planta til å trives. Er litt plaga med snigler på desse.


Dei seine liljen er nett begynna å blomstre. Dei har alle ein lei tendens til å legge seg ned. Veit ikkje om det er været eller om deihar svake stilker. Får prøve å huske å lage ei støtte til dei til våren.


Nett denne røde står fjellstøtt. Og den lyser der den står.


Ein søt liten sak som eg ikkje husker navnet på i farten. Den har blomstra mange ganger men den har gjort det når eg ikkje har sitt den. Kvar blom varer tydeligtvis ganske kort. Denne lever i potte og må inn om vinteren.

Ha ein fin dag.

mandag 25. juli 2011

Ferien - 8


Tirsdag 19.07 reiste vi videre frå Røros til Alvdal for å besøke Ludvik og Solan på Aukrustsenteret. Og dei poserte villigt for fotografen.


Her var det mykje kjent å sjå på.




Derfrå drog vi over Rondane. Det var kaldt og grått men alikevell ein flott opplevelse..... Som gikk rimeligt fort. Det var ein lang kjøredag.



Og vi landa til slutt i Ringebu i 21 tida den kvelden.
Elstad Camping var ein fin Camping men vi valgte å reise videre mot Lillehammer neste dag. 20.07

Der stoppa vi på Hunderfossen Camping. Har vist ikkje nokon bilder derfrå. Eivind brukte tid på Hunderfossen medan eg solte meg. Det var deiligt å kunne bare nyte sola. Hadde ikkje vore for mykje av dette på denne turen. No var vi leie og vi sette nasa heimover, via Valdres, Golsfjellet og Hardangervidda. Golsfjellet var ein grusom opplevelse. Burde helste ha sjekka bilen om vi hadde alle delene med oss. Det rista og rakla noko forferdeligt.
Veien blei bedre då vi kom til Gol.

Nokre bilder frå Hardengervidda.

Dei inkluderer ein god del kvesta insekter på frontruta. For no blei det ikkje mykje stopp.

Sysendammen med fonna i bakgrunnen.

I Eidfjord Har dei kledd trestammene med strikkastrømper. Fikk beklageligvis ikkje med meg meir enn dei siste. Riktigt spessielt. :)

Hjem kjære hjem.
Ikkje heilt. Bare på rette sida av Folgefonntunellen.
Ein strålande dag.


Og ein flott kveld heime. 21.07
Turen var flott men noko meir stressende enn vi hadde tenkt. Det var stadigt jakting på nokonlunde fint vær, og vi har beslutta at neste tur går i ein annen retning med tryggere værforhold.
Og til slutt så vil eg helse til alle vi har truffet på vår rundreise. Vi har hatt mangen koselige stunder med folk vi slettes ikkje kjenner.