torsdag 5. mars 2009

Stigande temperaturer.

I går kom det for ein dag at varmtvanstanken var gåen. Så då var det ut på jakt etter røyrleggar. Det er godt at gubben har kontakter for i dag er ny innstalert. Må nok ha litt tolmodighet med vannet men eg regner med det er varmt utpå kvelden.
Denne tanken har stått på ei bod som har vore full i rot så kvelden i går gikk med til å lempe i sekker. Det meste kunne bare kastes. Sida vi allerede hadde masse anna skrot stående på tilhengaren fikk vi fylt den heilt opp. I dag har vi vore på miljøstasjonen med dette og eg nytta anledningen til å få med meg eit lass med kompost heim att.
Det var 10 grader i går og 9 i heile dag så det er no vår i lufta. Det har blåse kraftigt så det har ikkje frista særligt med hagearbeide men eg klør no i fingrene til å starte. Har bare fjerna ein del rusk over nokre crocuser som står og venter på sol. Det gjer forsvinnande lite av seg når dei står i knupp.
Snøklokkene derimot er flotte no. Dei dingler i vinden og det er flott når disse større felta står slik i blomst. Eg er ikkje fult så glad i dei når dei er avblomstra. Då tek dei lovlig stor plass i beda. Men eg tilgir dei altså no på denne tida.

Der kjem nokre lekre burgunderrøde skudd på den eine av dei frøsådde Helleborusene mine og eg er spent på om det blir blomster i år. Dei har vokse fleire cm på desse 2 dagene.
Transylvan blåveisen står med bristeferdige knupper. Dei andre blåveisene er litt ujevnt komt. Nokre har eg ikkje klart å lokalisere. Eg flytta ein del i fjord og eg er neimen ikkje sikker på kor eg har gjort av dei. Eg har ikkje så mangen så eg håper dei ikkje har gått ut.
Det er ellers veldigt spennandes å gå å sjå etter spirer no. Det dukker opp noko nytt kvar dag og eg har ikkje lenger oversik over kva planter eg har. Har planta ned store mengder dei siste åra og eg har for lengst mista oversikten.

Så det blir ein spennandes vår.

2 kommentarer:

Berit sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Berit sa...

(Det skulle nemlig vært under sålista di, så derfor.