mandag 1. juni 2009

Flotte dager.


Tida går så altfor fort om dagen. Strålende vær. Det har vore musikkfestival i Rosendal i helga så vi måtte jo innom der også.
Ellers så strir eg med å få potta opp alle pottene mine. Det går putle. Og eg har no eit tidspress på meg. Skal ha hagevandring i helga og eg må få bort alt som er kasta ut . Det ser ikkje særligt pent ut her. Eg har difor beslutta at om eg får solgt nokre av Pellisene mine (som eg sikkert ikkje får, dei ser rimeligt solsvidde ut.) så skal eg gjere det. Eg kan simpelthen ikkje samle på alt dette. Burde vore i beda å luka istadenfor å stå her å potte om.
Og ein skal jo nyte sol og sommar og litt sosialliv også. Det droppar ein del folk innom.

Eg har sett meg som mål å plante ut nokre av frøplantene på kveldene også. Over 500 sorter tar tid å plante ut og dei går rett ut uten prikling.
Må få ut det meste før vi reiser på ferie. Kan ikkje fultidsbeskjefte naboene med vanning.
Så eg trur eg må slutte med denne galskapen. I allefall minkisere kraftigt på denne såinga. Det harmonerer ikkje med Bubilliv.

Nokre bilder:

Allium eit eller anna. Eit lite kunstverk.

Nokre Geraniumbilder bare for bildenes del. Phaeum Samobor i kveldssol.

G. Purple Pilow. For ein gangs skuld med riktig farge.

Den nye Geranium cinereum 'Lawrence Flatman'

2 kommentarer:

Seascape sa...

Nydelige blomster bilder.
Er det Phyteuma nigrum den svarte på øverste bilde? Jeg håper Phyteuma nigrum frøene som jeg fikk av deg kommer til å spire.

akoen sa...

Ja det er det. Den er ganske enkel å få til så det er rart at dei ikkje har spirt.