tirsdag 8. mai 2012

Ein tung dag.

 I dag slår eg i hel tid. Må gjere noko lystbetont.
I går låg eg i på Haukeland Sjukehus klargjort for opperasjon frå klokka var 7 til vel 14. Då fikk eg beskjed om att opperasjonen var kanselert.
Det er mykje eg kan sei om dette men eg har tatt det ut andre plasser. 
Men så mykje kan eg sei. Eg er ein smule deperimert i dag. Har venta lenge på denne opperasjonen.
 Men det blomstrar i hagen. Litt grått i dag så det blir ikkje solskinsbilder. ;)
Samme kan det være. Dei blir skjelden gode.
 Har holdt meg rundt huset med kamera i dag. Det var der eg fann dei beste motiva.
Blomsterbeda er begynna å bli frodige.
Under vises den største tuva mi med kvit hundetann. Den er aldeles nydelig.
 Over ganske så vanlige foredla Primula Veris. Dei har eg sådd og eg har dei i mange fargevarianter. Under ein litt spessiell orange.Den lyser ekstra opp.
 Endå ein fylt primula. Denne kjøpte eg i fjord så den er eit nytt bekjentskap. Ser ut til å være villig den også.
 Under Kusymre. primula vulgaris. Den liker seg ikkje hos meg. Her er det nok ikkje kalk nok.
 Det gjer derimot veisene. Her fylt kvitveis og under ein med blått auge. Den er ikkje så stor endå.
 I skogen der eg skjelden går, fann eg desse. Synest desse Hostaspirene hadde ein flott farge. Her inne i skogen er dei litt seinere enn andre plasser i hagen. Men det gjer ingen ting når eg finn slike skatter.
Under ein Arisaema på samme plass.
 Oppe i badekaret rett utafor husveggen blomstrar skunkkalaen endå. I år har den komt med 4 blomster og den fårste var der tidligt i mars.
Og løfter eg kameraet litte grann opp mot naboene ser eg dette.


onsdag 2. mai 2012

Sommar eller...

Nokre heilt fantastisk flotte dager.
Sola skin og det er ganske varmt.
1 Mai blei tilbrakt ved husveggen. Og det burde eg ha gjort i dag også. Men i dag har eg luka. Røska bort mange store og ufyselige løvetanner. Kjenner det verker inntenst i ryggen men det får være. Det er mykje arbeide som venter der ute i hagen og det meste må vente.
Burde skjølvagt ha tålt dette, men eg har sette på rumpa det meste av tida sida i slutten av november. Venta på ein opperasjon. Og no skal det snart skje. Eg grugler meg.
 Eg har også leika meg litt med fotoapparatet og Picasa. Over bilde av vanlige kvitveiser som veks som 'ugras' i hagen. Eg har sjølvsagt forskjellige foredla sorter men dei er ikkje så fotogene endå. :)
 Her til ein gledelig overaskelse. Trudde nemligt at min fylte blodrot var gått ut, men det var den ikkje. Riktignok så var der bare ein der men då er det håp om spredning.
 Hundetann er ein av mine favoritter. Dei er ikkje gode å finne i salg. Men eg har klart å finne 4 sorter. 2 av dei i Skottland. Over Kondo og under White Beauty. 
Desse har eg spredd utover i hagen. Så nokre av tuvene er ikkje så store endå. 
Pagoda som er ikkje så ulik på Kondo har eg hatt o mangen år og eg har ganske så mange røsselige tuver av desse. Dei er absolutt flottest i store tuver.
 Stor var min forundring då denne dukka opp. Den har mindre blomster enn dei andre. Er rosa med gul midte. Bladverket kan ligne på kondo sitt. Og ja eg burde kanskje ikkje bli så forundra for eg har sådd mange sorter oppetter åra. Trudde bare dei var oppspiste av snigler. Så no har eg 5 sorter.
Om det er nokon som kan hjelpe meg med navn tar eg gjerne i mot det.
Kubjeller i diverse farger og former.
Trillium er ei planteslekt eg har stidd ein del med. Dei er ofte altfor små når du kjøper dei. Sniglene tar dei i få jafs.

BØUPP..
Difor er desse kjærkomne i hagen.
Ha ein fortsatt fin dag.

lørdag 28. april 2012

Skulle skulle gjort noko.

 I dag var det meldt fint vær og eg hadde tenkt å gjere noko. Men slik blei det ikkje. I øyeblikket skin sola men her har det ikkje vore slik heile dagen. regn, sludd og sol om einannan. 
Så eg legg ut nokre bilder. :))
Over rosenrot. Synest den er finest når den står i knupp.
 Så var det desse påskeliljene då. Nikkende og flotte.
 Primula i mangen farger og former. Denne ser nesten ut som ei rose. Ukjent navn.
 Ein ikkje så vanlig farge på aurikkel.
 Primula veris. Maria nøkkelblom. 
Gulere enn gulest.
 Neimen ikkje så sikker du. Men store og fine er dei.

Under lysegul aricula
 
Cardamine pentaphyllos over. Dette er veldigt flotte stauder. Og slettes ikkje av det vanlige slaget. Har tre sorter i tillegg til engkarsen då ;) Eine vist tidligere. Den er avblomstra no. 
Under Cardamine heptaphylla den har eg sådd. Noko blassere i blomsterfargen enn dei andre, men bladene er mørkere.
 Eg er like opptatt av blader som blomster. Her ein broketbladet judaspenge. Den sår seg der den vill. Og får lov til det.
 Og så var det dei der geraniumene då. Nesten finest no på våren.
Geranium pratense Purple Hace
Til slutt ein liten stakkars sniglespist Soldanella alpina.

tirsdag 24. april 2012

Ein veldig flott dag.

 I dag har det vore ein veldig flott dag. Har fått luka ein del men det er synd å sei att det går fort. Nokon som vil ha jobben?? He he.
Bekkeblomen får eg ikkje nok av den er bare praktfull synest eg. Har vist ikkje fotografert dei kvite men dei er også veldig flotte.
Over Calta palustris Multiplex
Og under C. palustris. Dette er nok den Norske formen.  Har nemligt ein frå dolomittene som har større blomster. Den har ikkje starta blomstringa endå.
Veldig takknemmelige planter.

 Må vell vise ei påskelilje også. Påskeliljer var ei av mine tidligere diller. Så eg har dei i diverse utgaver. Desse er ein av dei bedre sortene. Dei sprer seg bra, blomstrer godt og held seg oppreiste slik at sniglene ikkje tar for mykje av blomstene. Ukjent navn.
 Julerosene held koken. Nokre av dei er meget flotte no, andre er på hell. Dette er ein sjølvsådd frøplante.
 Tulipaner har eg ikkje planta på ein del år no men desse kjem trufaste tilbake. Har hatt dei i mange år.
 Kannadablodurten er nesten avblomstra no men eg rakk å fotografere ein etternølar på skyggesida. Desse sprer seg seint.
Denne lungeurten dyrker eg sjølvsagt ikkje for blomstene sin del. Her er det bladene som står i fokus. Sølvfarga som dei er. Men eg synest alikevell dei små blomstene med eit vidt fargespekter er søte.
 Kubjeller har eg i mange former og farger. Dei har alle eit navn men no gidd eg ikkje leite det opp. Denne har spissere og lengre kronblader enn dei vanlige. Ganske så grasiøs.
 På skyggesida av ein busk står denne monsterkvitveisen. Ganske så annonym. Ser ikkje ut som at veiser står på sniglene sin meny. Her har det spasert ein rett over blomsten. Det ligg ei slimstripe etter den.
 Smånøkkel av noko slag. Lappen var uleseleg. ca 2 cm stor tuve. Ikkje enkel å få auge på.
 Geranumene byr på meir enn blomstring. I allefall nokre av dei. Denne går frå orangerød til grønt.
 Dei første Trilliumene er i blomst. No er eg lat. Navnet står på hjemmesida mi. Denne står på stedet hvil. Har ikkje blitt større enn den var når eg kjøpte den for ein del år sida. Men den er kraftig og sniglefri.
 Villtulipanene er like fine kvart år. Tarda.
 Må vell ha med eit bilde av kuleprimula også. Dei lyser opp mange plasser i hagen. Lillaspekteret er veldigt fint til dei mange gule plantene på denne tida.
 Med første øyekast så kunne denne også sjå ut som ein kuleprimula men den hadde ein lapp. Primula erosa.
Og så til eit altfor lyst bilde. Denne er veldig fin og skarp i fargen.Primula x venusta.
Ja det var eit lite utvalg i dag også.
Snart sprett prydkirsebærtreet og då er det virkelig vår. ;)

Minner til slutt om smykkesida mi.
Her har Jenny, det nest yngste barnebarnet mitt iført seg nokre av smykkene som besta har laga.

søndag 15. april 2012

Den fineste vårblomsten.


Dette innlegget har eg laga for å delta i ein konkuranse på Moseplassen.

Den fineste vårblomsten.
Ikkje lett å velge men eg må sei at dei blomstene som dukker opp tidligst om våren er dei eg set mest pris på.
Crocus tommasinianus - snøkrokus
 er nok den eg er aller mest glad i. Den sprer seg godt og står som lilla tinnsoldater gjennom allslags vær. Kjem det ein solglytt åpner dei seg og viser seg i all sin prakt. Etter ein sur vinter finnes det ikkje noko som gleder ein hageentusisat meir.