søndag 2. november 2008

Pilflettekurs

Helga har gått med til pilflettekurs. 13 timer i alt. Og eg har laga meg ei korg som eg er godt fornøgd med. Kurvfletting er ein skikkelig tidkrevande aktivitet. I allefall før ein har fått det heilt under huden.
Dette er mitt andre kurs.

På vei heim såg eg ein kar som gikk ganske frenetisk opp veien i byggefeltet vårt. Det var ein nabo med to rimelig store geitebukker i hælene. Eit smule komisk syn. Då eg stoppa og spurde om han hadde fått seg ny kjæledyr svarte han ganske fortvila at han hadde gått tur og desse dyra hadde hengt seg på han borti dalen. Det var ikkje muligt å bli kvitt dei.
Eg ymta om att eg nødigt ville ha dei inn i hagen og han lurte på kva han skulle gjere. Han måtte jo heim, men stakk nedom ein nabo i håp om at han kunne hjelpe han med sporinga av eigar.
Ikkje veit eg korleis rette eigar blei kontakta men bukkane er no henta. Dei har vore på ein riktig lang spasertur i dag. Og så vidt eg veit så har dei ikkje vore i nokon hage. Dei traff nokre av den yngre garde å henge seg på.
Geiter er som superlim. Dei sit som klistra.

2 kommentarer:

Elisa sa...

Geiter er ikkje noko å ha i hagen, flaks du slapp det! Dei er sikkert verre enn den *** hjorten som er hos oss kvar bidige natt no. Til å bli galen av!

akoen sa...

Du får lære deg til å kaste lasso. He, he.
Nei frå spøk til revolver. Eg trur det går ann å få fellingstilladelse på skadedyr. Hjort er middels talt eit skadedyr når dei har oppdaga ein hage.