fredag 14. januar 2011

Tid for mimring. Trillium

Trillium kurabayashii
Trillium er ei fasinerende slekt synest eg. Dei veks seint og er forholdsvis dyre i innkjøp. Og eg må innrømme att eg har kasta bort nokre kroner på små og dårlige knoller. Om dei i det heile har komt opp så har sniglene gjort kort prosess. Så dei er ei utfordring å halde liv i dei første åra.
Det har gått bedre etter att eg oppdaga at desse bortimot er sumpplanter. Dei liker å stå i luftig og fuktig jord. Leirjorda mi er fuktig men altfor tett.
Desse 2 første bildene er av planter imortert frå Tyskland. Dei var i vekst då eg kjøpte dei og knollene var forholdsvis store. Dei står i eit vannsig og ser ut til å trives med det.

Trillium chloropetalum 'Album'
Trillium erectum har stått altfor tørt og blei fytta i forfjord med det resultat att den ikkje viste seg i fjord. Eg har ikkje gitt opp håpet om å sjå den igjen for det hender faktisk at trillium gjer dette. Den kan finne på å holde seg i jord eit heilt år.

Trillium grandiflorum har store og flotte blomster. Denne har eg hadt i mangen år men den har bortimot stått i stampe. Så i fjord flytta eg denne eit lite stykke der jorda er luftigere. Håper det hjelper for dette er ei flott plante.
Bildet under viser ei plante som også er kjøpt som grandiflorum men den er ikkje så stor og har spissere blomster. Denne ser ut til å trives der den står.

Om eg er heldig har eg eit par til, men det er som sagt ei utfordring å holde liv i dei. Og ingen blomster har vist seg.
Eg har gitt opp å så desse så det er ei slekt eg kjøper planter av.



3 kommentarer:

Sigrid sa...

Så fine :-)

Mariann sa...

Så flotte trillium du har. Nydelige.

akoen sa...

Ja dei er fine.