mandag 9. august 2010

Fortsatt på ferie.


Vi er fortsatt på ferie. Sida forrige innlegg så har vi forflytta oss til Sverige.
Vi har unnagjort Trelleborg, Ystad, Simrishavn, Ullared og no er vi i Lidkjøping i regnvær. Så dagen i dag er ingenting å skrive heim om. Sentrum her skal være koselig og vi akter å gjere byn seinere i dag.
Vi traff eit par vi reiste sammen med på påsketuren i år her så vi går ut med dei.
Over eit bilde frå Ystad. Det var ein spennandes og kjekk by.
Trelleborg har vi vore i før og der liker vi oss veldigt godt, men vi har vist ikkje tadt nokre bilder derfå.

Her er ei fredelig lomme midt inne i Ystad.

Veien til å frå sentrum gjer vi som vanligt med sykkel. Her er strandpromenaden.
Ein litt kald vind gjorde att det ikkje var særligt mange på stranda.


Simrishavn var ei perle av dei skjeldne. Her har eg stukket av frå hovedgata. I bakrunnen her skjuler det seg ein diger skinnbutikk.

Gågata var spennandes og minna meg om sydligere strøk.

Her er madammen på uterestaurang. Dei var det mange av. I tillegg så var det varmt og godt.

I ein bakgård fann vi ein middelhavscafe. Der solgte dei blomster i forgården.
(Og der gjorde eg eit litte kupp som eg kjem tilbake til seinere.)

Mat i bakgården

Og kunst, keramikk i husa.

Her er Eivind med pakkenelliker. Han måtte kjøpe seg ny jakke då han kjøpte seg ein Indiana Joneshatt på marknad i Trelleborg. Det var vist viktigt at det var ein Stetson.
No gjenstår det bare att han bruker stasen.

I Simsishavn var vi også på Monstertruck show. Det var eit sirkus som innbefatta små unger. Kan ikkje sei eg var overimponert. Her eit stunt utført av ein 7 år gammel gutt.
No var det desse monstra vi kom for å sjå og det blei litt av det også.
Se så, då har eg vore med på det også.


Ullared er ein påkjenning. Er ikkje sikker på at eg gidd ta turen der ein gang til. Det måtte i så tilfelle være for å gå på NetonNet. Campingen der var foresten ganske fin. I allefall minigolfbanen.
Ein liten park i miniatyr.

Vi kjem nok til å reise heim i morgon for regn gidd vi ikkje feriere i. Då kan vi heller finne på noko fornuftigt heime.

torsdag 29. juli 2010

På ferie

Vi har vore på veien sida torsdag i forrige veke. Måtte besøke mor og barn før vi drog. Sida vi kom seinere igang enn vi hadde tenkt brukte vi litt tid på å bestemme oss for kor turen skulle gå.
Vi hadde tenkt oss til Kroatia i år også men vi er bare komt til Danmark enda. Trur ikkje vi bryr oss med å reise serligt lenger. Det kjem jo litt ann på været då. Men Danmark har vore flott til denne tid. I ettermiddag regner det, men det var meldt.
Vi har hadt nokre dager på ein campingplass som heiter Maribo Sø Camping ikkje langt frå Rødby. Vi var nemligt på vei til Tyskland.
Der var det fredeligt og flott. Har vist ikkje tadt så mangen bilder der og dei ligg på eit anna aparat. Så der blir det ingen bilder frå for øyeblikket.
Eg vil derimot vise nokre bilder frå gårsdagen på Møns Klint. Det var ein særdeles spennandes plass.

Vi snudde altså om og reiste litt tilbake i Danmark.

Møns Klint er ein enorm kalksteinsklippe som reiser seg høgt opp frå havet.

Vi sykla frå campingplassen og ned til geosenteret. Det var ein flott tur gjennom bøkeskogen. Der skal det foresten vokse så mykje som 24 orkidesorter. Eg såg kun diverse sorter convall.

Her er Eivind på vei ned trappene. Det var særdeles mange trinn ned. Og ikkje minst oppatt. Ein plass midt nedi der sto det 3o0 og nokon og 70 trinn. Det var sån ca halveis.

Her eit bilde frå stranda.

Ei seglskute som låg like utafor klinten.

Mykje kvitt fjell her.

Vi fikk trimma oss bra her. He. He. Synest imidlertid at Campingen var noko støyende og vi lenkta til dei Danske strender. Så i dag er vi på Vemmertofte Strand Camping på Sydskjelland. Har vore på sykkeltur i dag også. Der er eit kloster her med ein større lanskapspark rundt.
Vi kjem nok til å utforske området litt meir. I morgon er det meldt fint vær igjen og då skal eg bade på den flotte stranda her. I dag tek vi det med ro. Ikkje så mykje å gjere på når det regner. Men vi skal nok klare å komme oss ned på den der restaurangen nede i høgget her.

onsdag 21. juli 2010

Phu.... alt vell

Ja der kom det eit nytt familiemedlem. Vårt 6 barnebarn. Ei velskapt jente på 3,5 kilo.

Ho lot vente på seg, men no er alt over. Det står bra til med mor(far) og barn.

Og vi er glade for att alt gikk bra.


Vill ellers vise min siste kreasjon.
Bilde viser den ikkje sin retferdighet. Det blei ein veldig flott kjole.

lørdag 17. juli 2010

Ostadig sommar.


Ja denne sommaren minner meg om det gamle barometeret frå Island som vi hadde på veggen heime. Der sto det ostadigt. Og det er det været er her for tida. Alt frå sol til plaskregn.
Gubben er reist på guttetur med barnebarn. Eg fikk ikkje være med.
Så eg får vell slå meg til tåls med det.
Kan jo nytte anledningen til å vise den siste kreasjonen min før eg er ferdig med den neste.
Dette er ein genser frå boka maskepi. Enkelt, raskt og lekkert synest eg.
Driv no på med ein heklekjole som også snart er ferdig. Eg vil annslå att eg har brukt 3,5 veker tilsammen på desse plagga. Og då har eg bare brukt seine kveldstimar.
Det er så morro å lage slike ting som går fort.

Gutta er altså reist på Bobiltur og mor til guttane har termin i dag. Der ventast ei jente.
Framdeles ingen tegn til fødsel. Og eg er litt på tuppa kjenner eg.

Eivind starta ferien i går men vi reiser ingen plass før barnet er annkommet. Mykje sansynligt så tek han ei veke til på jobb slik at vi ikkje får noko tidspress på turen mot varmere strøk. Forsjyv det litt. Vi liker å ha god tid og vil rusle litt i år.



Som dåke sikkert forstår så er det ikkje hagen som står i fokus nett no. Eller rettere sagt det har vore slik i heile sommar.
Trur hagedilla er i ein nedperiode.
Men eg kan no vise nokre bilder for det.

Eit par klatreroser som eg ikkje husker navnet på i farten. Eg er litt svak for slike som sjaterer i fleire farger.






Eit par Inkaliljer. Den orange har eg hadt i mangen år, men den gule blomstrer for første gang.
Den er frøsådd og hadde ein lekker farge synest eg. For eg er då glad i gult.


Nellikene bidrar med ei herlig duft for tida og borti sandbedet står det ein del sorter.
Dei er alle frøsådde og ganske variable i farge og form.



Denne Irisen trur eg eg må flytte. Eg ser den nesten ikkje der den står oppe i bedet. Hadde det ikkje vore for at det stakk eit par blomster opp over buskene der opp hadde blomstringa gått forbi meg.

Peoner er det i diverse former og farger for tida. Her er ein av dei.
Denne har fått ein ring av armeringsjern rundt seg slik att den held seg oppreist. Det er det slettes ikkje alle av dei andre som gjer.
Eg må sjå å få sett opp mange fleire støtter til desse til neste år.

Det er masse som blomstrer i hagen no men den ser alikevell ut som den har nådd middagshøgda si no.
Mykje avblomstra og mykje ugras.
Trur eg skulle ha ansatt ein hjelper for eg gidd ikkje ta det.
Kanskje til hausten ein gang.

søndag 4. juli 2010

Dei fem fineste


Då får eg prøve meg på den utfordringa. Det er ikkje enkelt for det er veldigt mykje som blomstrer no.
Eg starter imidlertid med revebjellene. Dei har eg laga ein tråd om på Hagegal.
Dei blomstrer veldigt flott for tida.
Neste må bli denne peona. Den har eg ikkje noko navn på, men den oppfører seg som ein kamelon. Den er alt frå fylt til enkel. Frå rosa til kvit.



Nestemann ut er denne Irisen. Den meiner eg att ikkje har blomstra før. Den hadde ein serdeles lekker framtoning synest eg.



Nestemann ut er ein vinterherdig gladiolus.
Gladiolus imbrcatus italicus palustris.




Og så kom det vanskelige 5 valget.

Sjølv om at eg har flottere martagonliljer enn denne. Må det alikevell bli denne kvite. Den viser godt igjen i hagen.

Hadde ikkje eit heilt nytt bilde av den men no regner det.

Då har eg ikkje tadt med rosene men det er fordi eg ikkje har eit godt bilde av Aica. Den er flott no. Likeså robusta.


onsdag 23. juni 2010

Skulle vore i seng

men kattungene er forsvunne og eg er litt urolig.
Kjetta ser ikkje så urolig ut så eg tipper eg bare må roe meg ned.

Innkjørslen vår er eit trasigt syn så eg tenkte eg skule prøve å sprite det litt opp.
Om eg hadde hadt meir takløk hadde eg lagt fleire.


Eg fikk også nokre urner på jobben her om dagen. Dei har fått fyll.


Dei skulle knuses. Det blei bare rista på hovudet då eg forklarte at det var det slitte utrykket eg var ute etter.

Når graset får summa seg litt trur eg dette kan bli bra.

Har ellers fleire ideer som involverer takløk men det får bli seinere.

Så ellers kor godt naboens Rhododendroner passer til mine Iriser.


Eg liker ton i ton.


søndag 20. juni 2010

Sommaren er her.

Men noko sommarvarme er det ikkje. Sol og 16 grader i dag. Det ligg eit kruskip i Rosendal og det svirrer eit heikopter over hovudet vårt. Eg trur turistene er på lufting.

Det har skjedd mykje sida sist eg skreiv. Og eg veit eg er altfor lite flink å skrive for tida.
Grunnen er enkel. Eg har hadt det travelt.
Hagen får altfor lite besøk av spaden og eg har vore på jobb. Det er litt uvant for meg som etter kvart har blitt vant med å styre tempoet sjølv. Men det er veldigt godt.
No har imidlertid arbeidsmengden minka kraftigt og eg ser fram til litt roligere dager før vi reiser på ferie. Det er riktignok ei stund til og vi venter inn feriegjester før den tid. Så heilt rolige dager blir det ikkje.

Eg har hadt 3 hagevandringer på 2 helger. Etne, Bømlo og det lokale hagelaget. Veldigt greit å komprimere det litt.
Har også vore til Etne på hagevandring. Hos Jørun og Ida Flesland. Det var ein flott hage.
Eit par bilder.




Vi var også innom Seascape. Der var det kvalper.


Ellers så må eg melde att vi har hadt hoggorm i hagen. Eg føler meg slettes ikkje heilt trygg når eg stikk nevene ned i dei tette beda mine. Ser meg litt ekstra rundt.



Bilder frå hagen følger seinere.