søndag 23. januar 2011

Mot lysere tider

Ingen tvil om at no går det mot vår.
Var ute og klipte Julerosene i dag.

Det er lurt å gjere det på denne tida slik att ikkje dei nye blomsterknuppene får sopp og visner bort.
Temperaturen ligg i skrivende stund på vel 5 grader og det er grått ute. Men ein får alikevell ein liten følelse av vår. Men akk eg tviler på at den kjem endå sjølv om at eg ser det er fleire planter som står med springeferdige knupper. Trollhassel og blåveis er nokre av dei.
I går kom sola tilbake i hagen hos oss. Om den hadde vore her då. Så uansett så går det mot lysere og varmere dager.
I mellomtida så sår eg litt og lager litt strikkasmykker.
Trur eg skal prøve å selge nokre av dei. For no har eg laga fleire enn eg treng både til meg sjølv og til å gi bort.

Her er nokre av dei som er til overs.


Dette siste har eg 2 til av i kvit bakgrunn med blå og rosa roser. Har ikkje tadt bilde av dei. Under vises eit i svart. Det skal eg også lage fleire av. Nett dette skal eg ha sjølv.
Men her ser ein korleis dei ser ut på.
Anne's design. Desse finn du ikkje maken til.

fredag 14. januar 2011

Tid for mimring. Trillium

Trillium kurabayashii
Trillium er ei fasinerende slekt synest eg. Dei veks seint og er forholdsvis dyre i innkjøp. Og eg må innrømme att eg har kasta bort nokre kroner på små og dårlige knoller. Om dei i det heile har komt opp så har sniglene gjort kort prosess. Så dei er ei utfordring å halde liv i dei første åra.
Det har gått bedre etter att eg oppdaga at desse bortimot er sumpplanter. Dei liker å stå i luftig og fuktig jord. Leirjorda mi er fuktig men altfor tett.
Desse 2 første bildene er av planter imortert frå Tyskland. Dei var i vekst då eg kjøpte dei og knollene var forholdsvis store. Dei står i eit vannsig og ser ut til å trives med det.

Trillium chloropetalum 'Album'
Trillium erectum har stått altfor tørt og blei fytta i forfjord med det resultat att den ikkje viste seg i fjord. Eg har ikkje gitt opp håpet om å sjå den igjen for det hender faktisk at trillium gjer dette. Den kan finne på å holde seg i jord eit heilt år.

Trillium grandiflorum har store og flotte blomster. Denne har eg hadt i mangen år men den har bortimot stått i stampe. Så i fjord flytta eg denne eit lite stykke der jorda er luftigere. Håper det hjelper for dette er ei flott plante.
Bildet under viser ei plante som også er kjøpt som grandiflorum men den er ikkje så stor og har spissere blomster. Denne ser ut til å trives der den står.

Om eg er heldig har eg eit par til, men det er som sagt ei utfordring å holde liv i dei. Og ingen blomster har vist seg.
Eg har gitt opp å så desse så det er ei slekt eg kjøper planter av.



torsdag 13. januar 2011

Tid for mimring. Taraxacum


Taraxacum pseudoroseum


Taraxacum albidum


Taraxacum rubifolium

Ja du ser riktigt. Det er løvetann. Uten tvil ei av dei plantene som vekker oppsikt i hagen min. I tillegg til det vanlige ugraset som er gulblomstrande har eg innført rosa, kvit og rødblada. I framtida så kjem det til å være variasjon i veikantene i åsen ;)

Og eg synest dei er fine.
Dei regner eg med å sjå til våren ;)

onsdag 12. januar 2011

Tid for mimring. Cypripedium


Marisko er ein av mine store skatter. Her den Norske Cypripedium calceolus. Orkideer er ikkje det eg er flikest på så eg har mista nokre. Dei trivest ikkje så godt i leirjorda mi.
Men denne ser ut til å klare seg forholdsvis godt.
Etter å ha bearbeida jorda med masse sand, skjellsand, torv og kalk så ser dei andre ut til å klare seg bedre også.


Flavum har nok fått for mykje torv, for den har minka. Må flytte den til våren.

Mens desse aukar heldigvis sakte men sikkert. Denne er navnlaus men eg trur det kan være Regine.



Desse to bildene er av samme plante faktisk. Ulla Silkens. Utruligt kor forskjellige blomstene blir frå år til år.



Håper eg treff desse til våren igjen.

tirsdag 11. januar 2011

Tid for mimring. Pelargonium endlicherianum


Ja dette er eit storkenebb men i motsetning til dei andre nebba eg har så er denne vinterherdig.
Altså ei staude. Kor herdig den er veit eg ikkje.
Hos meg står den i sandbedet og har overlevd i 2 vintrer. Det blir spennandes å sjå om dei kjem oppat til våren for denne vinteren er jo spessiel med ei tjukk hinne med is i bedene.
Eg har to varianter av denne sådd frå 2 kilder. Den eine litt lysere enn den andre. Første bilde.
Ein skikkelig skatt i hagen. Håper eg framdeles har den når våren kjem.






tirsdag 28. september 2010

Bobilen fer snart.


Flotte dager. Sola skin og alt er flott.
Nesten alt i allefall.
Vi har solgt Bobilen privat. Det vil sei att vi fikk nokre fleire kr. for den slik enn i innbytte. Det betyr att vi blir uten Bobil i minst eit par mnder. Så no kan vi ikkje melde oss på treff på denne sida av årskifte. Men vi klarde oss jo før så vi får vell klare det no også. Då blir det bare endå meir spennandes når den nye kjem.
Vi skal levere den før neste helg.


Ei New Zealandplante. Husker ikkje navnet i farten, men ho stikk.

Ja eg ville bare vise litt høststemning frå Fitjåsen. Eg har ikkje lagt opp arbeidet heilt enno.
Driv og planter i bedet utforbi vaskeromsingangen. Der har eg flytta vekk nokre enorme rugger av Geranium x ox. Dei breier seg altfor mykje. Er igrunnen litt lei Geraniumene. Så no står det mangen i potter for salg. Har tenkt å ta meg nokre torgdager til våren. Har ganske mykje stående i potte no.
Ja det var det bedet. Der skal det bli ganske mange Hosta. Har annonsert på Hagegal.


Kvit tidløs.


Denne gule rakettplanta blomstrer mykje seinere enn dei andre. Og det er jo flott då.



Geranium Rozanne har blomster endå. Dei lyser opp.


Denne lilja kjøpte eg i Amsterdam i vår. Den er litt treg i år.

Denne høstastersen har eg sådd. Den er mykje lavere enn dei andre. 40 cm ca. Så den synest eg er veldig søt. Den sprer seg ein del så den er ein av salgsplantene mine.

Sedum er ein av mine høstfavoritter. Her i nokre av variantene.




Og så til dagens nøtt. Kva er dette. He-He



Darmera peltata i sin flotteste høstdrakt.
Eg elsker denne planta. :)





Ha ein fin dag folkens. No må eg sjå til å komme meg ut i hagen.

lørdag 4. september 2010

Off...og phu...dei galne har det godt....

Eg er neimen ikkje sikker på det. I dag er eg både kvalm, svimmel og løen i magen.
Grunnen er enkel. Vi har skrevet kontrakt på denne bobilen. På mandag må vi gå i banken og skrive under lånepapira. Bobiler i det eg vil kalle luksusklassen er ikkje billige.
No må gubben gå på røykeslutt tabelletter så lenge det trengs. :) Slik at vi har penger til å betale dette kalaset.

Så då står det ein pent brukt bobil til salgs i Omvikedalen. Eller det vil sei vi har avtale om innbytte men om vi får eit bra tilbud på denne sel vi den privat.

Det nye vidunderet blir ein 2011 modell og vi håper på å få den i slutten av november- begynnelsen av desember.

Gubben har ærklært at ventetida kjem til å bli lang. Og han kan bare ha det så godt når han har klart å lure meg med på denne galskapen. Det er det minste han må li synest eg.

Bortsett frå at vi då er gått inn i dei (stormanns)galnes rekker, så har det til denne tid gått bare bra her...... he he. Det vil sei att vi kom oss vel heim frå Bergen. Det spørst korleis fortsettinga blir................ tåkesyn og meir dårlig mage...

I morgon skal eg på sopptur med hagelaget. Noko som også bruker å gi meg lodden mage. !!!
Kunne igrunnen heller tenke meg ein tyttbærtur.
Det er tryggere for magen.
Det var igrunne det eg hadde tenkt å gjere i dag, men så blei det ikkje tyttebær på meg, bare ein ny bobil. Tyttbærturen hadde vore langt billigere.

Syttan ta han der eg bur sammen med............... Og kor blei det av mine forsetter om å leve i nuet.............. Vell det var dei eg tnkte på då eg gikk med på handelen..... Det der med eit liv.....og at ein aldri veit kva det bringer.
Heretter blir det ikkje tid til hage............................................... eg lurer på om eg deler opp plantene mine og sel dei................ La oss sei 1000 planter delt på 4 x 30= 4000 x 30 =120 000.
Ja, ja det hadde holt til eit lite avdrag.

Nei frå spøk til revolver. Hipp hipp hurra.. Vi har kjøp oss ny bobil.